Nokre Ord um Statsministar Johan Sverdrups Forslag

 
til Reform i vort Folkeskolevæsen og fhv. Statsr. N. Hertzbergs

Bemærkninger til dette Forslag  

(Sverdrups Forslag i Aftryk efter Dagbladet; Hertzbergs Bemærkninger i revideret Aftryk efter Morgenbladet). Udgivet af de konservative Foreningers Centralstyrelse. Kristiania, R. Hvids Enkes Bogtrykkeri 1884.
 
(Del 1 av 3.) 

I.

Det var ei Gong ein lærd Katolik, framifraa lærd i dei austerlandske Maali, som ynskte aa lata prenta Koranen i Grunnskrifti, (Arabisk) og søkte Pengehjelp av Paven til det; men det kunde han ikkje faa. Koranen stod paa Lista av forbodne Bøker, og difyre kunde Paven ikkje lata prenta henne. Men so fann den lærde Mannen, (som heitte Marocci), paa aa skriva eit Motlegg imot Koranen, og daa han so vilde lata prenta det saman med henne; so fekk han Pengar av Paven til alt. Eg heve komet dette i Hug her, daa Centralstyringi heve latet prenta Sverdrups Brev med alle dei Framvarp der til Umvøling og Framhjelp for Aalmugskula. Centralstyringi trur væl, at Motskrifti hans Hertzberg heve givet Sverdrups Brev Banesaar med ei Gong. Difyr heve dei latet prenta baade Innleggi deira. Dei heve væl tenkt likesom alle desse Prestarne, som gjekk til Hertzberg etter Stiftsmøtet og takkade honom for, at han i Morgenbl. hadde gjort Motlegg imot slikt Kjætteri, som Sverdrup var komen med. Me maa tru, at mange av dei Prestom daa ikkje hadde leset Sverdrups Brev; men um so var, kvat gjorde det til Saki? Prestar og andre, som berre læs Morgenbl., Fædrel . og andre Bakstrævarblad, dei tenkte væl som so, at hadde berre Sverdrup skrivet nokot, so maatte det berre vera galet alt i hop. Og difyre gjekk dei i Flokk og Fylgje upp til Hertzberg med Takk og Lovord til honom. Eg vil ikkje her fylgja deira Fyredøme; men eg vil takka deim baade tvo, baade Sverdrup og Hertzberg. Sverdrup heve gjort gode Framvarp, Hertzberg heve granskat deim, givet honom Rett i mange Ting, men rækt hans Grunnar i andre. Men med det er ei stor Sak komi under Ordskifte, og eg vonar, det kann koma mykje godt ut av det. Eg tykjer Prestarne bar seg grøteleg _ elder eg helder skal segja løgeleg _ aat. Dei borde tenkja paa det, at det er inkje i dei seinare Aari komi fram mange gode Framlegg ifraa Bispar og Prestar til aa hjelpa fram Aalmugskula. I eldre Tider var det betre. I 1816 vart det av Bisparne Bechog Sørensen, sidan og av Bugge sett fram eit godt Framvarp. Av det kom paa Slutten Logi av 1827 i Stand. Den Logi var eit godt og gagnlegt Framstig i den Tidi. Bispen Neumann gav ut i 1825 Haandbog for Lærere i Omgangsskoler, eit mykje gagnlegt Arbeide. Daa sidan Logi av 1860 kom, var det ikkje Prestar, som gjorde det fyrste Framvarp til henne; men det var den væl kjende Lærdeskulemannen Hartvig Nissen. _ Denne Logi var eit gjildt framstig. Den hjelpte og mykje fram fyr Skulemeistarom, gav deim baade meir Vyrdnad og betre Løn enn fyrr. Eit annat gagnlegt Framvarp for deim, som med det sama og var eit godt Framvarp for Skula, kom ifraa _ Søren Jaabæk, denne mannen, som Prestarne hadde neitat aa taka til Fadder. Det kann nog henda, at ein og annan Prest heve gjort nokot for aa hjelpa fram Aalmugskula og fremja god og gagnleg Upplysning hjaa Aalmugen; men so er det kannhenda fleire, som ingjen Ting heve gjort. Det finst kann henda mange, som trur det er best, at Aalmugen vert halden so laagt nede i Upplysning som i gamal Tid, og som difyr og finn, det er best, at ikkje Skulemeistararne vert for mykje upplyste. Det heve voret talat um, at den og den var for stor til aa vera Skulemeistar. Det er sagt, at det var for nokor Tid sidan sjølv ein Prestelærar, som no sit i eit høgt Presteembæte, som uppmanade Presteemnerne til, at dei maatte halda seg Klukkarar og Skulemeistarar tri Stig ifraa Livet. Det er sant, dette er væl ingjen av dei dugelegste Menner; men det er fleire slike. Eg meinar, at Prestarne gjorde best i aa halda seg i Skinnet og ikkje svivyrde deim, som vilja fremja god Upplysning hjaa Folket. Prestarne borde vita so mykjet, at Folk ikkje vyrder deim stort, naar dei fara so aat.

Eg meiner det trengst, at me nokon kvar tenkja paa, koss Folk paa beste Vis kann faa god Upplysning, og koss Skula kann verta sett paa betre Fot. Daa eg og heve i mange Aar hatt med Skula aa gjera paa fleire Vis, borde eg og kunna vita eit og annat um henne. 
Eg vil difyre freista aa leggja fram nokee faa Ord baade um Sverdrups Framvarp og Hertzbergs Motlegg.

Ingjen av dei tvo heve sjølve hatt med Skula aa gjera; dei heve aldri arbeidt innan Veggjerne i Aalmugskula. Men er tala um Logjer um Skula, so kann ingjen vita meir um deim enn Sverdrup; og um Skula-Ordning maa og Hertzberg vita mykjet. Han heve voret Seminarstyrar og Kyrkjestatsraad ei Tid. Dei var difyr sjølvskrivne baade tvo til aa tala um Skulesakir; men det er og likeso sjølvsagt, at det kunde ikkje verta fullferduge Framvarp til Skulelog dei lagde fram, men berre Fingervisningar.

Eg heve sagt, at dei fortener Takk baade tvo. Men eg vil ikkje vera med aa takka Hertzberg for, at han giv so mange stygge og leide Fanteord til Sverdrup; det er slet ikkje fagert gjort aa skulda ein for urette Grunnar for det, som ein soleids legg fram i ei god Meining, sjølv um han kann gripa i mist ein og annan Gong. Eg kann og tenkja meg, at Hertzberg ber Nagg til Sverdrup. Hertzberg var ein av deim i Bakstrævarstyret, som var stridast. Han nyttade eit Tilhøve ei Gong i 
Stockholm ved ein Skulefest til aa draga sjølve Kongen inn i Bakstrævpolitikken; han gjekk bums inn i Selmerstyringi under den hardaste Kampen um det kjære Veto; og han gjekk endeleg inn i April-Styret _ var ein av 
Aprils-Narrom. Difyr maa han vist hava skarpe Horn i Sida til Sverdrup, og dette kjem og fram i Skrifti hans. _ Soleids klagar han yver, at Sverdrup ikkje talar um, at det ældre Styret og hadde gjort nokre Framvarp til Umbøter i Skulestellet, men at jamvæl og Sverdrup hadde talat og røystat imot deim i Tinget. Sverdrup heve i Innlegget sit ikkje neittat det, at det ældre Styret under Hertzberg kann hava sett fram nokre gagnlege Framlegg til Umvøling i Skula. Men me vita, at det sama Bakstrævarstyret sette seg imot mange Framvarp av Tinget; ho neittade aa setja inn ein Professor i Norsk, um og Universitetsstyret enndaa med Fleirtal hadde tilraadet det. Ein kunde soleids knapt venta av det Styret nokot gagnlegt Framvarp, som ikkje med det sama vilde halda paa væl mykje Bakstræv og Embetsmanns-Vælde. Tinget hadde inkje Tiltru til eit slikt Bakstrævarstyre. Det fær Hertzberg skyna.

Etter desse Forord skal eg taka fyre meg dei vigtugaste Greinerne i Sverdrups Framlegg og Hertzbergs Motlegg.

( Meir.)