Japanfolket og Kristendomen.


(Del 1 av 2.)
 
Japanfolket bur paa 4000 Øyar, som liggja kring Japanhavet austfyre Millom-Asia. Niponheiter den største Øyi; der ligg Hovudstaden Tokio. Dette Folket høyrer liksom vaare Finnar til den mongolske Folkeætti, og er nær. skylde med Kinesarom. Japan-Riket heve 34 Mill. Menneskjor og vert styrt av ein Keisar, som dei kalla Mikado, og som maa byta Magti med eit Parlament elder Storting.

Fyrr hadde Japanesararne den same sterke Mothug mot andre Tjoder elder Landslydar som Kinesararne og heldt seg fyre seg sjølve. Alt til 1854 var Nagasaki den einaste Hamni, som utlendske Skip fekk leggja inn i. Nokre faae Skip fraa Kina, Korea og Holland fekk aarleg Lov til aa lenda her; men Japanesarar landsette Varorna og ladde Skipi; dei heldt Framandfolki mesta som Fangar og vilde aldri hava Umgjenge med deim. Men no er 7 Hamner opne og Europafolk hava ogso fenget bu i Landet; det er ikkje so faa av deim helder. Unge Japanesar hava ferdast i Europa og seet og lært og komet heim til aa rettleida sine Landsmenner i ymse utlendske Bragder og Seder, og desse hava voret lærenæme, eignat til seg og gjort gode Framstig. Detta vita me fyrr; men no skal du høyra:
 
Japan held seg til Buddhalæramed mange Sekter elder Serlag og dyrkar Mikadoen under Titelen Himmelherren. No melder ein vælrøynd Missjonær, som arbeider der, at Japan er um og skal taka imot Kristendomen. At me driva mot dei største Umbrøyte i so Maate, det kannar kvar heiden Prest, det gjer kvar Bladskrivar kunnigt, det vitnar kvar Embættsmann, og det lyt kvar vitug Mann medgjeva, so skriv han, og hundrad andre segjer det same. _ Vistnok heve ein Baptist-Missjonær fraa Amerika skrivet: Altfor mange rosemaalade Brev fara no fraa Japan til Europa og Amerika med Bod um Framgangen aat Evangeliet. Visst er det, at mange spyrja etter Sanningi, mange er endaa reiduge til aa offra nokot fyre Kristi Skuld; men den store Mugen spyr ikkje etter Kristendomen, vil ikkje høyra um honom helder, um ein byd deim _ ja, mange gjera det dei vinna til aa hindra framgangen med Arbeidet vaart. Missjonen kjempar seg fram Mann mot Mann, i det høgste tek eit Par idag og eit Par imorgon imot Evangeliet; men Japan vert ikkje umvend paa ein Dag. Han meiner soleis, at Missjonen ikkje gjeng fortare fram i Japan enn i andre heidne Land. Men her tek han vist i Miss. For det, som no hender i Japan, er noko umframt og merkelegt, som kann gjeva dei beste Voner. Der vert drivet Missjons-Arbeid fraa Boston av Independentar, dei kalla.

Missjonsnemndi der segjer i siste Aarsmeldingi:

I dette Aaret heve vaar Missjon i Japan gjort ovstore Framstig. Inkje anna Land tek so fort imot den kristelege Civilisasjon. Dei høgste av Riksembættsmennom er so langt ifraa aa vera imot Kristendomen, at dei endaatil tykkjast kjenna, at Kristendomen er det einaste, som kann hjelpa Japan. Den største Faaren er, at me vinna so store Mengder av Folket til Kristendomen, at Arbeidskrafti vaar vert reint for liti. Fyre vaar Kyrkjelyd heve det siste Aaret boret rik Velsigning. Kyrkjelyden heve gjenget gjenom ei ny andeleg Fødsla, som Menneskje-Lippor ikkje er i Stand til aa maala av; me kunna berre fortelja um dei mest framtredande Verknadar av henne: ei djup Kanning av Syndi, ei likeso djup Kjenning av Guds Naade mot oss og ei glad Trong til aa arbeida fyre Herren i Samband med større Einfold og Naturlegheit i detta Arbeidet. Talet paa Kyrkjelydslemer heve aukat med 60 Procent; det er mykje; men meir endaa er det, at dei, som fyrr var truande, hava vokset fram til personleg aa gjeva seg burt til Herren. Under slike Tilfelle er det ikkje rart, at dei faa ei reint onnor Syn paa Evangeliet og taka meir viljug imot det. Til dei 19 gamle Kyrkjelydar er det komet 3 nye, til dei 1097 vaksne Kyrkjelydslemer 736 nye. Den eldste Kyrkjelyden vart ordnad 1874, og av dei 22, som no er, standa 15 reint utan Stydjing av Missjonskassa, som hellest heve gjevet berre Kr. 2200 til Hjelp fyre Arbeidet her, medan Midlarne, som umvende Japanfolk veitte til Hald av Prestar, Kyrkjor, Skular o. s. fr., gjorde Kr. 27,700. Ein av dei mest vonfulle Hendingar detta Aaret er Vekkjingi paa Kiotos Seminarium og Utsendingi av 13 unge Menn, som etter 8 Aars Studering hava teket Teolog-Eksamen og tredet inn i Raderne av Arbeidarom. Ein ny Stasjon fyre Nord-Japan er grunnlagd i Niigata under heppne Umstødor. Alt peikar paa vonom større Framstig. Upplyste Japan-Kristne, serleg dei landsfødde Prestar, er gjenomtrengde av den Yvervitning, at Japan um faae Aar lett kann vera eit kristnat Land og so strakst vil kunna hjelpa til med Umvendingi av Koreanar, Kinesar og Mongolar. 
Ei slik herleg Missjonsmark heve der enno aldri voret: Sanneleg, under slike Høve torer ein vel beda um mange fleire, ja dubbelt so mange Stridskrafter. Kor syrgjelegt vilde det ikkje vera, um dette Tilhøve skulde fara av unøytt.

Attaat detta kann ein ogso faa nokot Vit paa Tilstandet derved, at det berre i 1883 vart selt 85,878 Eksemplar av gudelege Skrifter. Det er iser tvo Umstødor, som styrkja desse gode Vonerna munarleg: 1. Bladheimen heve skift Meining til Bate fyre Kristendomen. 2. 
Dette heve verkat paa Riksstyret soleides, at det no gjer Tiltak, som peika mot ei aalmenn 
umvending til Kristendomen.

Det er iser Fukuzawa, ein namngjeten Bokmann og varm Fedralandsven, som heve gjort Bladheimen til Talsmann fyre Kristendomen. Han er umlag 50 Aar gamall og er ættad fraa Fatigfolk. Alt medan han var liten Gut, braut han seg fram til Kunnskap i Blomen av Kina-Bokheimen, i Yngdi lærde han seg Hollandsk og Engelsk; so tok han utanlands, fyrst til Amerika, so til England og vann seg Kunnskap um Soga, Riks- og Samfunds-skipnaden aat desse Rike, kom so heimatter og skreiv ei bok um Livet hjaa dei vestlege Folkeslag, der han teiknar dei Tokkar og Tankar, han hadde fenget med seg heim ei Ordbok yver Englandsmaalet, den fyrste i Japan, og nokre Lærebøker av ymist Slag til ein engelsk Skule, han hadde sett i Gang heime. Men Hatet mot den framande var enno so sterkt, at han og Venerne hans ikkje kjende seg trygge paa Livet. So foor han til Evropa og Amerika atter og samlade Emne til ei ny Bok Framgangen aat Daningi (kom ut i 1866); der talar han um Fridom, Jamskap og Fedralandskjærleike o. s. fr. Dei konservative freistade aa faa Tak i heile Upplaget og brenna det; men den Meinraadi fekk ikkje Framgang, og Boki vart vida kjend i Riket (seld ein halv Million Stykkje); no finst det snaudt ein Mann i Japan, som tykkjer dei Synsmaatar, Boki gjeng um, er for radikale. I 1882 tok han seg til aa gjeva ut eit Framstigs-Dagblad, som heve fenget endaa større Vigt. Der dryfter han Framstigsspursmaal um Husverking, Handel, Jorddyrking, Skulestell, Samfunds
skipnad o. s. fr. Han dømer ogso um Riksstyringi og Utlendingarne og deira Gjerningar. Med detta Bladet og kannhenda endaa meir med sin engelske Skule, som mange av dei høgste Embættsmennerne hava gjenget paa, er Fukuzawa vorten ein av dei megtugaste Menn i Landet. No er det det rare: Denne Mannen heve fyre 3 Aar sidan skrivet ei bitter Bok mot Kristendomen, avdi han ser i honom ei Magt, som støyter hans nasjonale Kjensla og hans Kjærleike til Fedralandet; no ser han i Kristendomen ei Magt, som vil stydjahans Fedraland og talar varmt fyre, at dei ikkje berre skal tola Kristendomen, men endaa gjera honom til Folke- og Landsreligion i Japan. Denne Fukuzawas Umvending er no berre politisk liksom; for nokor guddomleg Openberring vil han ikkje vita av i Kristendomen; men Moralen og Samfundsskikkarne er det han likar, og han er yvertydd um, at skal hans kjære Fedraland nokosinn verta Jamning med Vestmagtom, so lyt det taka ved Kristendomen. Derved berre vil det kunna hevda si politiske Sjølvstøda og berga si folkelege Serstilling (det vil segja det, som er livført og verdfullt i Japan-Kulturen) og frelsa det yver i det nye Tidi, som bryt seg inn med Velde. Buddhalæra stend langt attum Kristendomen i Sanningsverd og Livskraft. Aa halda paa henne vilde vera det same som aa stengja fyre Japans Framgang og til Faanyttes seinka Kristendomens visse Siger v. s. fr.