Religiøse Tilstand.

 
(Framhald.)
 
[Del 2 av 3. Fyrste delen.]
 
Der som "Aandelegheiti" gjeld so mykje og Gudsordet so litet, der maa Ein venta aa finna ymse skjeive Meiningar. Væl skulde Ein ikkje tru, at Folk tok i Mist av Sedelæra elder Moralen; men det er kje aa lita paa, det helder, er det likt til Ein kann ofta høyra Folk ordstridast um kvat som er Synd og ikkje Synd, justsom dei ikkje skulde ha leset den moralske Log. Største Tungjen av Folket trur, at Spel (Musik) og Dans er Synd. Den som ymtar Tvil um den Ting, kann venta eit sovoret Svar: det er Raad te høyra, at du er kje annat eit verdslegt Menneskje; det naturlege Menneskje fatar ikkje dei Ting, som høyrer Guds Aand til; meiner du ein aandeleg Mann kann sleppa seg til aa vera med i Spel og Dans? Soleids er Leiken aa kalla utdøydd her ikring. Ein kann ofta høyra den Setningen, at "alt det, som fell lett fyr Naturen, er Aanden imot." Denne Setningen er ei Skræma fyr mange. Dei tenkjer det kann ikkje nytta aa søkja Vaarherre, fyrr dei hev sett seg fast fyre aa fylgja den Liveregelen. So set dei det ut Tid fyr Tid; - Ein tykjer Ein vil drygja altsom lengst med aa ganga inn i so tungt og myrkt eit Liv.
 
Er det no slik ein Trældoms Aand, som raar, so er det mest sjølvsagt, at Livet vert egoistiskt elder sjølvsjukt. Ein fær berre tvo Ting aa gjera i Verdi, og det er aa kara Mat til Munnen fyr seg og sine, og so aa bua seg til aa døy. Andre Folk elskar Ein berre "til Umvendelse," som dei sjølve segjer. Det at Ein skal arbeida fyr aa gjera Folk glade og lukkelege i andre Maatar, synest Ein ikkje aa forstaa seg paa; dei strengaste trur endaa ikkje, at det er rett dessmeir; Folk hev likso godt av Trengsla, meiner dei. Naar dei held Bøner, bed dei helst um, at Vaarherre "maa visa Ein hans Synd og Usseldom og hjelpa Ein til aa strida imot den," – at Vaarherre i det Heile maa hjelpa Menneskjet til aa gjera det og det, som Ein hev komet paa skulde vera godt aa faa gjort. Derimot høyrer Ein sjeldan dei bed um, at Ein maa faa ganga i Guds Tenesta, at Vaarherre maa føra og leida Ein etter sitt vise Raad; der er ikkje Tankje um aa gløyma seg sjølv hell kasta si Sjølvsorg paa Vaarherre og liva berre fyr Gud og sine Medmenneskje; snarare vil Ein taka baa Gud og Mann i si eigi Tenesta og fyreskriva dei, korleids dei skal fara fram imot Ein. Vaarherre stend no so høgt, at Ein ikkje kann segja nokot paa honom, um han gjeng sin eigen Veg; men dei Folk, som ikkje vil falla til Fota, dei vert ikkje altid tekne paa med Silkevetter.
 
Her skal eg taka aat aa fortelja sume Hendingar, som kanskje vil upplysa og stadfesta det eg hev sagt. Fyrst nokot, som gjeld Læra.
 
Her er, naturlegvis, dei ibland, som ikkje legg so stort Lag paa eit tungt og myrkt Liv, men tek seg Trøst og Mot av Vangjelia. Ein sovoren Mann baud seg til aa vera Utsending ("Emissær") fyr Indremissions-Samlaget vaart, det fyrste at detta vart tilskipat. Han var kjend nokotsonær yver heile Sundhordland fyrr, og er ein aalvorleg og visst ikkje so litet røynd og prøvd Mann i Trui. Det er ei so vigtig Sak, eg hev fyr meg denne Gongen, at eg trur det høver til, um eg namnkjenner sume av dei Menn, som hev med Saki. Den Mannen, eg her talar um, heitte Per Øyro. Indremissionsstyret vaart vandad Per Øyro, for han var for mykje "evangelisk". Styret er ivrigt i sitt Yrkje, og no hev det drivet det so vidt i ikkje "evangelisk" Leid, at Ein og Annan alt sig under dei Byrdarne, som Utsendingarne binn paa dei. No etter Kyndelmess hev Utsendingen Ole Steen faret gjenom Skonevik og Etne. Her hev gjenget eit stort Ord um, kor dugleg han er. Endaa han ikkje synest vera nokot sers gaaverik, so veit han daa aa vekkja Folk til Aalvora. Det var hi Vika, Knut Øvernæs i Etne skulde fylgja han burt i ein annan Gard i Samling. Daa han kom heim atte, fortalde han med Kona si, at Ole Steen tok fat paa han og sagde med han paa Lag soleids: "kvat er det du Knut fer og fyl med oss etter? inkje les du, inkje syng du, og inkje bed du." "Eg tykkjer eg grev og bed, eg og," svarad Knut; "men det kan gjerna vera altfor vesalt og veikt." "Aa det nyttar deg inkje, naar inkje du bed openbart," sa Ole. "I det same sette det seg ein Styng fyr Brjostet mitt," fortalde Knut, "som inkje hev viljat gjeva seg." Og han laug det visst ikkje. Fleire Døger etterpaa fekk han ikkje sova fyr Hugverk, og so vart han fraa seg, og i denne Stund maa dei sitja fleire Mann Vakt yver han. Paa Skoneviksstrondi var ei Kona og ei Gjenta, som lagdest sjuke etter han Ole Steen hadde talat med dei.
 
( Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 30.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum