Av laak Ætt.

 
[Del 6 av 10]
 
Ei Forteljing.
 
XI.
 
(Framhald).
 
Ut paa Hausten fekk Aasbjørn eit nytt Brev fraa Son sin. Der stod, millom andre Ting:
 
"Eg hev arbeidt hardt denne Sumaren. Det er som eg ikkje hev visst, kvat Arbeid var, fyrr eg kom hit. Me er fælt so late der heime, og hev aldri Vit paa aa bruka Tidi. Men her fær Ein læra, at Tid er Pengar; og Ein lærer aa bruka seg. Difyr er her meir Fart i Folk her, meir Framtak og Framkjømd, og meir Liv; og her vert daa og meir gjort. Heime er det alt med det same fraa Aar til Aar og fraa Mannsalder til Mannsalder; Bonden sit der og syvjar og tenkjer berre paa aa faa Maten; kvar Mann gjer lika eins som Faer hans og finn aldri paa nokot Nytt. Difyr vert det den same Armodsdomen. Men her arbeider dei kvar Ein med aa finna ut Forbetringar og Tilstellingar, som kann bera fram, og so gjeng det fram ogso fraa Aar til Aar, so det er ein Hugnad aa sjaa. Mest alting gjeng med Maskinar, og alle er med i "Politikken", dei kallar, som me heime ikkje veit nokon Ting um. Naar eg kjem heim, skal eg fortelja endelaust um detta. – Eg lærer aa tala ogso her; det gjeng ikkje an aa vera so tigjande og ordrædd av seg i Amerika. -
 
Eg ser meir og meir, at eg heime var eit so stort Stakkarsting, at eg var væl verd aa vera Allemanns Narr. Eg var rædd og blaut, og hadde slik ein Age fyr alle Folk, liksom dei var av eit høgare Slag enn eg. Det er ofta so eg maa læ, naar eg tenkjer paa detta. At eg var av "laak Ætt", det laag i meg alt ifraa liten, og det var det, som tok Mot og Manndom ifraa meg, so eg  gjekk og tuslad fyr meg sjølv og var aa segja rædd fyr aa sjaa Folk. Slike Grillur kann ikkje vera til her. Her er friare og ljosare; Folk bryr seg ikkje um slikt. Eg er her likso god som den Beste, so lengje eg er ein dugande og ærleg Mann, og um eg so var Son av ei Fantekjering og fødd i Vegveita, vilde eg likevæl vera jamgod med den beste Adelsmannen. Igaar vart eg kjend med ein, som er fødd Baron, men no er Skulemeistar; me vart gode Vener, og Ingen held han fyr betre Kar enn meg. Eg kjenner meg fri og sterk, fæler fyr Ingen og ser kvar Mann tryggt i Augom. Og alt gjeng so huglegt. Var det ikkje fyr det du veit, so skulde eg taka deg og her hit og aldri reisa til Norig att. Naar eg tenkjer paa, som eg der hadde det, so vert det liksom tyngre aa pusta. Men oftaste maa eg læ. Kvar Gong eg raakar Folk, som kjem hit fraa Norig, so lyt eg flira aat dei. Dei hev so mange Grillur. Men naar dei hev voret her eit Bil, so vert det Folk av dei strakst. - -
 
Eg slit som ein Hest her og arbeider mest fyr tvo. Løni er god, so eg legg upp ikkje so litet, og set det i Banken. Det er og ein Ting, eg hev lært her. Det fyrste eg kom, vilde eg samla paa Kistebotn som me gjer heime, og lata Pengarne liggja og rusta der; men daa Folk forstod det, lo dei seg mest ihel aat meg og trudde eg var galen. Naar Pengarne stend i Banken fær Ein Rentur av dei, og Summen veks Aar fyr Aar. – Men her er dyrt aa liva, so det gjeng ikkje fort med aa spara upp Pengar. Det skal røyna hardt, um eg kann tena det, eg vil, paa 4 Aar. - -"
 
Eit halvt Aar etter fekk Aasbjørn eit nytt Brev; daa hadde Leiv fenget betre Arbeid og større Løn, og hadde godt Mod. Men so gjekk det ei lang Tid, at det ikkje kom Brev. Og det, som daa kom, var stutt og leidt. Der stod:
 
"Eg hev nok likevæl ei laak Lukka. Den Banken, der Pengarne mine stod, er gjengen i Fant, av di Kasseraren er stroken med Pengeskuffa. Der strauk med eingong alt mitt saare Slit og Stræv. Eg aatte just so mykje, at det liksom tok til aa draga ihop. No stend eg so naken som Naali att og kann taka paa fraa nyom.
 
Alle mine Pengar var ærleg tente. Kvi skulde no detta koma? Kven hadde Rett til aa senda meg slikt eit Meinhende? - - Eg er sjuk og vill. Alt vondt er ute. Fyrst skulde eg vera nøydd til aa fara or Landet fyr aa vinna den eg vilde; so er ikkje det helder nok, so skulde det Vesle, eg hadde tent meg upp fyr hennar Skuld, verta fraa meg stolet av den fyrste Farken, som saag seg Mun i eit Par Skilling. No maa eg stræva i 4 Aar til, og Gud veit, um Helsa mi held ut so lengje i den Trældomen. Og Gud veit, kvat Alvhild vil segja. Eg kann ikkje skriva til henne i det Laget, som eg no er; kann du tala med henne, so fortel det alt, men so finslegt og hovsamt som du kann. Misser og henne, er det ute med Leiv Hegglid."
 
Dei sagde, Aasbjørn eldest fælt i denne Tid. Haaret hans var alt kvitt; Ryggen bøygde seg meir og meir. "Han saknar væl Son sin," sagde Folk og hadde fyr fyrste Gong liksom vondt av den gamle Mannen. Men Sanningi var, at han var komen i tunge Tankar yver Son sins Ulukka. Var det fyr den Synd, som hadde dyngt seg upp i Ætti, at Straffi no kom? Var det dei Pengar, som han og hans Faer hadde prøvt aa klora til seg med Urett, som no strauk? Og kvi skulde Straffi just leggjast paa den Saklause, og der, som ho maatte falla tyngst? – Gamle Aasbjørn leid hardt  under desse Tankar. Han tenkte aa tala med Alvhild, men det vilde aldri høva til. Alvhild var vandare aa raaka no i det sidste, totte Aasbjørn.
 
 

 

Frå Fedraheimen 27.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum