"Um Tolsemd i Tru og Meiningar."

 
"Um Tolsemd i Tru og Meiningar."
 
[Del 1 av 2.]
 
Dette Stykke 1)  hev eg nettupp leset med stor Hugnad, og det er inkje Meiningi mi aa koma med nokot Motlegg. Kvat kunde det og nytta meg aa koma med mi Kraakeklo mot ein, som handsamar Pen og Tanke so godt som denne "G.", endaa um han var aldri so rangsynt, og um eg hadde aldri so myket at segja honom imot. Eg vilde berre peika paa nokot, som eg synest, han inkje hev tenkt so vel ut, som han kunde og burde.
 
Han talar um, at Livet er godt og ulastande, og at der er Meining i alt. Ja det er vel so, naar Ein berre undantek Mannen; for han er no slett inkje altid god og ulasteleg, og det er visst inkje altid, at der er Meining i hans Tanke og Verk. Avdi hans Syn ved Syndefallet hev vordet myrkt, so tek han ofta i Mist baade i det, som høyrer til denne og i det, som høyrer til hin Heimen, og han kjem ofta med Ting, som er baade meiningslause og meinsame. Naar det gode og rette endaa altid hev Framgang, ja synest verda framhjelpt av det vonde og range, so er det inkje dette vonde og range, som hjelper det rette og sanne fram; det er Gud, som veit aa leida alt til Bate og Framhjelp fyr Sanningi. Og me kunna inkje hyggja oss ved, at eit Serlag kjem fram, som hev myket usant i seg, um det enn eig nokot som er godt, i den Tanke, at det sanne vil nog vinna, og det range vil hjelpa det rette fram. Naar me ero nøydde til aa tola slike Serlag, so maa me tvertum ynskja og beda, at den Allvise og Allmegtige vil styrkja det gode hjaa deim, men døyva det vonde, og so styra alt til det bedste. Det er tvillaust, at Mannen vilde ganga fram i Klaarskap og Aalsidugskap alt fort, um inkje det vonde liksom tvingad honom fram, ja han vilde baade snarare og vissare vinna fram til Sanningi, naar det ingji Usanning var, som hefte honom burt tidt og ofta. Lygni gjer visseleg oftaste, at den Mannen, som gjeng Sanningsvegen, verdt einsynt. Det er som med ein, som sigler paa eit Vatn med det Fyremaal aa faa Vitend um Landslaget der kringum. I Godver og Stilla kann han stiga i Land, kvar han vil, gjeva seg god Tid og skoda gløgt paa alle Ting; men kjem det Storm og Uver, so lyt han skunda seg inn i eikor Viki og bia der, til det lagar seg. No kann han nog verda vel kjend med denne Bugti; men det vil vera mange Ting baade paa Sjo og Land, som han inkje fær Tid elder Tilføre til aa granska. Kannhenda han og hev lotet umfaret eit Stykke fyr aa koma i Trygd, og dette Leitet lyt han daa etter Stormen ro attende til, og dermed vert han naudsynleg seinkad i det Yrkje, han hev fyre seg.
 
Dinæst tykkjer eg, at G. gjer for liten Skilnad paa Tru og Meining, elder paa "Guds Tanke" og Mannatanken. Me maa koma ihug, at me hava Guds trygge og "allsætande Ord, og so langt som me kunna prøva vaar Tru og vaare Meiningar etter det, so langt kunna me med full Vissa standa paa, at vaar Tru og Meining er den einaste rette, soframt ho samstavar med Bibelen, men alle andre Meiningar, som inkje gjera det, dei ero usanne; det er Kjættarskap elder Truvrengjing. Men der me inkje kunna stydja vaare Meiningar paa Bibelen lenger, i dei reint menneskelege Ting, naar me koma inn paa Mannatankarne, daa ljota me ganga etter vaart eiget Vit og dei Røynslur, Mannen nedigjenom Tiderna hev sankat ihop, og her kunna me inkje so hugheilt segja, at vaar Meining er den eine rette og at alle andre Meiningar um den Ting ero range. Um mi Meining synest vera nogso rimeleg og viss og uryggjande, og ein annans Meining nogso urimeleg, so kann Tidi endaa prova, at der i mi Meining var eit og annat uheilt, og i hans inkje so litet heilt og sannt. Desse Tankar vilja daa jamnast og semjast med Tidi, naar Stridsmennerne fyr dei ymse Tankar fara vislegt og vyrdsamt fram. Her lyt ein soleids vera tolsam og hava Vyrdnad fyre Motstandaren og hans Meiningar. Endaa er det sjølvsagt, at kvar ein ogso her lyt freista aa gjera seg upp ei viss og fast Meining, som han traust og urædd kan halda fram, solengje han inkje kan verda yvervitnad um nokot annat.
 
Men naar det gjeld Trudomstankarne elder Meiningarne, daa hava me som sagt det usvikjande og allsanne Bibelordet aa byggja vaar Tru og vaare Meiningar paa. Den som daa trur ogmeiner mest i Samstev med Bibelen, han hev Sanningi fullast og reinast, elder han hev komet "Guds Tanke" næmast. Daa Gud i Bibelen hev lagt ned sin Tanke, so kunna me tenkja Guds Tanke, um inkje med eingong fullt ut, so daa meir og meir, ettersom den heilage Ande hjelper oss aa trengja inn i denne Tanken. Men so maa me allrafyrst tru, at det Gud segjer i Bibelen, det er sannt og visst, anten det so fyr oss er trulegt elder utrulegt; daa kunna me søkja aa finna ut, kvat han meiner. Dersom me no finna, at ein hev ei Tru og Meining, som inkje samstavar med Bibel-Ordet, daa kan me vel, ja det er vaar Skylda, hugheilt vitna, at denne Trui og Meiningi er rang, og me maa inkje tola henne so, at me segja: "Du hev nog inkje same Trui som eg; men Di Tru kann vera likso god som mi; difyre kunna me vera like gode Brøder fyr det." Sovori Tolsemd er rang. Me Lutherske maa fritt og urædt halda fram, at det er berre me, som hava Guds Tanke fullt ut, elder so fullt ut, som den heilage Ande enno hev funnet det tenlegt aa syna honom fyr Menneskja; alle andre Kyrkjelag ero Kjættarar elder Truvrengjor. Di er det soleklaart, at me inkje kunna segja, at deira Tru er likaso god som vaar, at dei hava funnet ein Deil av Sanningi, dei hava, hava me og, og dertil hava me nokot meir, som inkje dei hava, men som dei hava nokot annat i staden fyr, som er rangt, og det kunna me inkje gilda, men maa vitna imot det, naar me faa Tid og Tilføre til di. Me maa tola Truvrengjorna ogso, me kunna inkje tvinga vaar Tru inpaa deim elder slaa deim ihel, um me evlde det; men me tola det med Sorg og Ynksemd med deim og med Ynskje og Bøn um, at dei og maatte koma til Sanningi, og dertil skulo me hjelpa og leida deim etter alt vaart Vit og Evle. Dei fleste Truvrengjar-Samfund hava vel so myket av Sanningi, at dei kunna verda frelste; men endaa kunna me inkje segja, at deira Tru er jamgod med vaar; for me vita det, at di betre Vegen er avstakad og di ljosare det er, di betre er det fyre Ferdamannen aa finna den rette Vegen; og so maa det hava seg her og. Gud er ubrigdeleg, likaso hans Tanke elder hans Ord, Bibelordet; difyre maa me laga vaar Tanke etter Guds Tanke og inkje Guds Tanke etter vaar, som Truvrengjorna so gjerna vilja; me maa lata Gud læra oss og inkje me læra honom, so vilja me nog koma fram til hans Tanke, og finna, at den er nog den bedste. I Naturi er der ovmyket, som ligg yver Mansens Vit (t. D. kvat er Livet?); kvi skulde daa inkje eit og annat, Gud fortel oss um seg og sitt Rike, vera sant, um me en inkje kunna skyna det? Ein maa hava stor Avhug fyre Truvrengingi, inkje berre avdi ho er so meinsam og faarleg fyre Mansens evige Sæla, men ogso, og det inkje mindst, av heilag Age og Vyrdnad fyr Gud og Ordet hans, idi ho vil gjera den allvise Gud til Mansens Læresvein i Staden fyr hans høgste og bedste Lærar, og idi at ho so ofta gjer Gud til ein Ljugar.
 
( Meir.)
 
1) Innsendt (fraa Amerika).
 

 

Frå Fedraheimen 12.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum