Omsetjaren Tove Bakke festspeldiktar i 2009

Omsetjaren Tove Bakke festspeldiktar i 2009

Den språkmektige omsetjaren og gjendiktaren Tove Bakke blir festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela 2009.

Ho er den første omsetjaren som får oppdraget som festspeldiktar, og det er første gongen ein festival heidrar omsetjarane med dette ærefulle vervet. Dei Nynorske Festspela 2009 blir arrangerte i Ørsta og Volda frå onsdag 24. juni til søndag 28. juni, med Ivar Aasen-tunet som hovudarena.
 
Som omsetjar har Tove Bakke sin del av æra for at titusenvis av norske lesarar har kjøpt bøkene av Anna Gavalda. Ho omset no ein ny roman av Gavalda, som er planlagd for utgiving våren 2009. Blant andre forfattarar ho har omsett eller gjendikta, er Albert Camus, Astrid Lindgren og Federico García Lorca. 
 
Omsett frå sju språk
Det er ein språkmektig omsetjar som skal prege Dei Nynorske Festspela 2009. Bakke har omsett og gjendikta frå heile sju språk: fransk, spansk, katalansk, portugisisk, svensk og bokmål. Portugisisk er nok det språket som står meg nærmast, seier Bakke.
 
Språkmøte mellom mange kulturar kjem til å prege festspelprogrammet neste år. Med Tove Bakke som festspeldiktar får vi sjansen til å gi denne årlege feiringa av nynorsk skriftkultur ein endå tydelegare sjølvstendig profil, seier programansvarleg Åshild Widerøe. 
 
Omsett 54 bøker og skodespel
Tove Bakke har omsett i alt 45 bøker og 9 skodespel. Debutarbeidet hennar var Døden i Vesten av den franske historikaren Philippe Ariès, utgitt på norsk i 1977. Til no har ho omsett 15 faktabøker og 12 skjønnlitterære bøker for barn og unge, 10 diktsamlingar, 6 romanar og 2 sakprosabøker for vaksne, og 9 skodespel.
 
Kva festspeldiktaren skal gjere under Festspela neste år, blir fastlagt utover hausten og vinteren. Publikum skal nok få både det dei ventar og noko som overraskar. Ved at så ulike forfattarar er festspeldiktarar, blir Festspela ganske ulike frå år til år, seier Åshild Widerøe. Å omsetje frå andre språk til nynorsk har vore viktig i meir enn hundre år, og har tilført det nynorske skriftspråket nye kvalitetar, seier Widerøe, som lovar at festspelgjestene får høyre flunkande nye omsetjingar frå festspeldiktaren.
 
Bastianprisen i 2003
Tove Bakke er fødd i 1954, voks opp i Sande i Sunnfjord, tok examen artium ved Gudbrandsdal gymnas på Vinstra og er cand.mag. frå Universitetet i Oslo med faga fransk, spansk og litteraturvitskap. Ho var litteraturkritikar i mange år, og redigerte Kritikkjournalen 198487. Sidan 1989 har ho vore tilsett i litteraturseksjonen i Norsk kulturråd. Der har ho no eitt års permisjon for å bruke all si tid på omsetjing, og hausten 2008 bur ho i Paris.
 
Tove Bakke fekk i 2003 Bastianprisen for omsetjinga av Hund! Hund! av Daniel Pennac, og i 2008 fekk ho Samlagsprisen.
Festspeldiktarar 19942009
1994    Kjartan Fløgstad
1995    Halldis Moren Vesaas
1996    Paal-Helge Haugen
1997    Ragnar Hovland
1998    Jon Fosse
1999    Åse-Marie Nesse
2000    Rune Belsvik
2001    Brit Bildøen
2002    Einar Økland
2003    Marie Takvam
2004    Frode Grytten
2005    Edvard Hoem
2006    Olaug Nilssen
2007    Erna Osland
2008    Lars Amund Vaage
2009    Tove Bakke
 
(02.09.08)