Aasmund Olavsson Vinje, 4.1.1859

Megtige Maalmann! Kneet heve versnat, so at eg ikki torer annat en fylgja Lækjarens Raad og læggja meg inn paa RiksHospitalet idag, om eg enn aljamt heve tænkt meg det som Hola til Hel. Krykkja til at stydja meg med igjenom Troppirne er komi so eg er buen til at fara herifraa.
 
I det norske Maals Navn, maa De koma til meg ei eller tvo Gongur om Vika. Skriva maa eg til Pennen dætter utaf Haandi mi. –
 
Christiania d. 4de Januar 1859.
Din Vinje  
 
-
Brev nr. 9, «Nokre brev til Ivar Aasen 1852-1893», i Brev og dagbøker ved Reidar Djupedal.
-
Merknader Reidar Djupedal:
Originalen ligg på UBO, brevsamling nr. 174.
 
Dette brevet er før prenta i «Jolekvelden» 1904, og i A. O. Vinje: «Halvhundrad brev», 1915, s. 34.
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker. Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009