Lytt til lyrikken 2
Foto: Ingvil Skeie Ljones / Anne Valeur

Lytt til lyrikken

Når:
Kvar:
Syse gard
VaksenStudent
250200
Kjøp billettar

Frida Ånnevik og Anna Kleiva møtest til ein samtale om å skrive, og å leve med, dikt og song. Og publikum vil sjølvsagt få høve til å lytte til lyrikken!

Er det skilnad på å skrive eit dikt og ein songtekst? Ordet lyrikk kjem som kjent frå det greske ordet for strenginstrumentet «lyra», og i antikken var lyrikk song til strengespel. Det kinesiske ordet for lyrikk, «shi», tyder ordsong, og peikar også til songen. Er det slik at songlyrikken og lyrikken lever meir separate liv i dag? I denne programposten har tekstforfattar og musikar Frida Ånnevik fått invitere med seg ein diktar ho har lyst til å møte, og valet fall på Anna Kleiva. Dei to møtest til ein samtale om å skrive og å leve med, songar og dikt. Det blir også laga rom for at vi spissar øyrene, og lyttar til lyrikken. Frida Ånnevik og Anna Kleiva deler både song og dikt med publikum.  

Frida Ånnevik har sidan debuten i 2009 markert seg som musikar med poetiske tekstar, og er kjend for å løfte fram det store i dei små tinga. Ho har hausta heile tre spelemannsprisar i kategoriane tekstforfattar og viser. Anna Kleiva har gjeve ut tre diktsamlingar sidan debuten i 2011. Ho vert omtala som ein språkkunstnar med overskot og stor biletskapande kraft, og i 2015 vart ho tildelt Bjørnson-stipendet. Dei to møtest 22. oktober i poesibygda Ulvik, og etter det skal dei vidare til Bergen og Stavanger med programmet – som inngår i Bokåret 2019.

Lytt til lyrikken er ein ny programserie i regi av Olav H. Hauge-senteret.