Bokåret under Festspela

Bokåret under Festspela

"Forteljingar" er tema for Dei nynorske festspela i år, og gjennom programmet vil vi utforske korleis litteraturen skapar forteljingar som både formar fantasien og røyndomen.

Professor Inger Marie Okkenhaug, førsteamanuensis Eli Bjørhusdal og forfattar Kjartan Fløgstad diskuterer kven som får plass i historiebøkene, og kven som får høve til å skrive dei i programposten "Forteljingar om oss".

Lokale songarar, barn og vaksne, skal utforske det sanselege når dei deltek på vår Poesti.

Anders Totland står bak boka Den norske slavehandelen, og vil besøke skular på Søre Sunnmøre for å fortelje om denne. Dette er eit samarbeid med dei aktuelle kommunane og Møre og Romsdal fylkesbibliotek.