Lesing
Foto: Tove K. Breistein

Lesing

15.15–15.30 Utstillinga, Aasen-tunet
Lesing ved Aina Basso og Svein Sæter. Presentert av Møre og Romsdal forfattarlag

I mange år har det har vore stilt rundt det tidlegare så aktive Møre og Romsdal forfattarlag. No er det ny giv i laget. Møre og Romsdal forfattarlag vart stifta i 1984, med Marit Kaldhol som den første leiaren. Laget var svært aktivt på 1980-talet og stod mellom anna bak tre antologiar. Så vart det stilt. Men det finst framleis forfattarar i Møre og Romsdal, mange – og produktive. Og det kjem stadig fleire til. Difor vart forfattarlaget vekt til live for vel eit år sidan, og det er no godt i gang med arbeidet for å fremje interessa for litteratur generelt, og for litteratur og forfattarar frå Møre og Romsdal spesielt.

Tre stemmer
Laurdag 15. juni kan publikum få møte tre av medlemene i Møre og Romsdal forfattarlag: Kl. 15.15 blir det opplesing av fersk litteratur i Aasen-tunet ved Aina Basso og Svein Sæter, kl. 18.00 ved Øystein Orten.

Gratis