Barnehagetilbod
Foto: Kib og Morits

Barnehagetilbod

Vi tilbyr omvising for barnehagar som ønskjer å besøkje oss, men det er mykje å gjere, også for dei som berre vil innom utan å ha omvising.

Borna kan gå lenge og sjå på alle dei gamle tinga til Ivar Aasen som er utstilte i basisutstillinga. Inne i språkverkstaden ligg det til rette for mange aktivitetar som magnetpoesi, teikne- og skriveaktivitetar, bokstavklossar og puslespel.

Oppe på hemsen til Lurivar kan borna lese bøker og høyre utdrag frå lydbøker. I trappa under hemsen ligg "Verdas minste kinosal", der Lurivar har lagt att ei helsing til barna.

Barna er velkomne til å ete matpakken sin i kafeen, eller sitje ute i sola på fine dagar. Det er også eit veldig fint turområde rundt Aasen-tunet, der ein kan gå opp til Høgetua. På Høgetua er det utebibliotek med gode, nynorske barnebøker frå mai til oktober.

Vi har fleire ulike omvisingstilbod for barnehagar. Tilpassa opplegg for barnehagar med aktivitetar og høgtlesing, kostar kr 20 per barn.

Kven var Ivar Aasen?

Barna får vere med bort i Gamletunet og sjå kvar Ivar Aasen vaks opp. Dei får høyre forteljingar frå då han vaks opp, og dei får høyre om noko av det han likte å gjere då han var ein liten gut. Vi viser bokstavtrykking, og vi trykkjer bokstavar saman med barna.

Inne i utstillinga fortel vi litt om det språket dei skreiv på denne tida, og kvifor Ivar Aasen tok til å lage eit nytt norsk språk. Dei får også sjå på gjenstandane og boksamlingane til Ivar Aasen og høyre litt om livet etter at han vart vaksen.

Vi avsluttar omvisinga oppe på hemsen til Lurivar med høgtlesing. Etterpå kan barna fritt gå rundt i utstillinga eller gjere tilrettelagde aktivitetar inne i språkverkstaden.

Litteraturformidling og høgtlesing

Vi kan formidle ei bok til dei barnehagane som kjem på besøk. Då samlar vi oss i salen eller på hemsen, og formidlaren les ei nyare nynorsk barnebok for barna. Vi tilpassar opplegget alt etter kor stor gruppa er.

Etter bokstunda, går vi inn i Språkverkstaden og gjer oppgåver knytt til boka. Barna får ein lesediplom som viser at dei har lese boka. Etterpå kan barnehagane fritt gå rundt i utstillinga, eller gjere aktivitetar inne i Språkverkstaden.

Lur arkitektur

Aasen-tunet er ein fantastisk bygning, og er teikna av den kjende arkitekten Sverre Fehn. Arkitekten har tenkt mange lure tankar som viser seg att i bygget. Saman går vi gjennom bygningen og prøver å finne ut korleis arkitekten har tenkt og kva han prøver å formidle. Etter omvisinga får barna byggje kreative byggverk av ulike materiale.

 

Last ned filOmvisingstilbod for barnehagar(2 1 5kb)

Kontakt oss på telefon 70 04 74 70 og admin@aasentunet.no