Eg er. Ei utstilling om språk og identitet (2018)
Foto: iStock Pogonici

Eg er. Ei utstilling om språk og identitet (2018)

Det blir stundom sett likskapsteikn mellom språk og identitet. Men betyr språk like mykje for sjølvbiletet som ein skulle tru?

Temautstillinga Eg er utforskar dette, og er supplert av både fotoutstilling utandørs og ein videoinstallasjon der Linda Eide er sentral.

Utstillinga blei opna fredag 1. juni 2018 av Marit Nerås Krogsæter, lærar, nynorskbrukar og leiar i Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal.

Anne-Marte Før frå Valdres står bak fotoutstillinga. Ho håper utstillinga kan utfordre stereotype oppfatningar av ein nynorskbrukar og kva det vil seie å vere ein nynorskbrukar.

– Eg ser etter variasjonane blant menneska som er nynorsk-brukarar, og eg håper tilskodaren kan sjå at det av og til berre er språket som er fellesnemnaren. Identitet har vore eit interessefelt for meg lenge, og det er spennande å ta utgangspunkt i eigen identitet når ein arbeider med fotografiet. Som nynorskbrukar har eg sjølv vorte plassert i feil bås ei rekkje gonger, seier Før.

Eg er. Ei utstilling om språk og identitet (2018)
Frå fotoutstilllinga utandørs i Aasen-tunet.

Det er altså særskilt det nynorske tilfellet det blir sett lys på, men ikkje berre det. Utstillinga tek også for seg språk og identitet meir allment, og det internasjonale perspektivet er også framme. Den særeigne dialektfridomen i Noreg er eit godt utgangspunkt for samanlikning med andre land i Europa.

– Vi er nyfikne på kva det gjer med språkidentiteten til folk i andre land at dei ikkje kan bruke dialekten si overalt i samfunnet. Det norske tilfellet er også unikt når ein ser på bakgrunnen og historia til nynorsken, som ikkje har opphavet sitt i talemålet til overklassa, seier Anders Aanes, dokumentasjonsansvarleg i Ivar Aasen-tunet.

I utstillinga er det også ein videoinstallasjon der sju personar har svart på det fundamentale spørsmålet «Finst det ein nynorsk identitet?». Mellom desse er programleiar og journalist Linda Eide, samlagsdirektør Edmund Austigard, og professor i nordisk litteratur Geir Hjorthol.

Utstillinga er sett saman av desse elementa:

  • 2 tittelbanner 70 x 200 cm (kan hengjast på vegg)
  • 12 capaplater 50 x 50 cm med 31 sitat 
  • 4 banner 80 x 200 cm (kan hengjast på vegg)
  • 1 stor plansje 1 x 1 m til veggheng, 5 sitat
  • 4 capaplater 50 x 90 cm, 7 sitat, anten liggjande eller til vegg
  • 1 videoinstallasjon der nynorskbrukarar svarer på spørsmålet "Finst det ein nynorsk identitet?"
  • 10 fotografi til montering utandørs (fotograf Anne-Marte Før)
  • Eit hefte med omsette plansjar og banner til engelsk

Om ein ikkje ønskjer å låne foto-utstillinga, kan ein fint låne utstillinga utan dette. Det same gjeld for videoinstallasjonen.

Gå til skjema for å tinge utstillinga!