Meir nynorsk i heile landet
Foto: Sunniva Lund Osdal

Meir nynorsk i heile landet

I Bokåret lagar Nynorsk kultursentrum seks nye utstillingar, skipar til tre barnebokveker og andre arrangement i heile landet. – Nynorsk kultursentrum er ein av dei fem største aktørane i Bokåret, den einaste av desse som tek utgangspunkt i det nynorske og ein med store ambisjonar om å nå folk i heile landet, seier direktør Per Magnus F. Sandsmark.

Nynorsk kultursentrum planlegg med arrangement i Trøndelag, Oppland, Buskerud, Telemark, Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og på Internett. Temautstillingar om litteratur og språk er fritt tilgjengelege for innlån av bibliotek, ungdomslag, kulturhus og andre aktørar i heile landet. – I fjor var Nynorsk kultursentrum til stades i 58 kommunar. I 2019 vonar vi det blir det fleire, seier Sandsmark.

Meir enn 30 temautstillingar om nynorsk litteratur

Nynorsk kultursentrum har meir enn 30 vandreutstillingar som stiftinga lånar ut gratis i Bokåret 2019. I tillegg lanserer stiftinga seks nye utstillingar om fuglar i lyrikken, Carl Frode Tiller, Aasmund Olavsson Vinje, den fleirspråklege bokhistoria, skeiv litteratur og vinnarane av Tarjei Vesaas’ debutantpris.

– Den norske litteraturen er mangfaldig og fleirspråkleg. Vi vil syne fram bokskattar frå 500 år med bøker i Noreg, syne samanhengane mellom natur, kultur og samfunn, løfte fram debutantane sine bidrag til norsk litteraturhistorie og gjere fleire nysgjerrige på mangfaldet som finst i Noreg, seier Sandsmark.

Nynorske barnebokveker

I 2019 inviterer Nynorsk kultursentrum til nynorsk barnepoesiveke i Hordaland og Hallingdal, nynorsk barneforteljingsveke i Telemark, Setesdal og Ryfylke og nynorsk sakprosaveke på Sunnmøre og i Nordfjord. – Ungane med nynorsk som førstespråk treng å sjå språket sitt i bruk. Gjennom positive opplevingar med ulik litteratur på eige språk vonar vi det blir enklare og kjekkare å vere nynorskelev, seier Sandsmark.

I Bokåret skal Nynorsk kultursentrum eksperimentere enno meir med litteraturformidling til ungar. Saman med turistforeiningar blir det litteraturarrangement i friluft. Samarbeid med regissørar, musikarar og skodespelarar skaper nye formar for litteraturformidling.

Salmefeiring og middagspølseregn

I 2019 er det 150 år sidan dei første nynorsksalmane blei gitt ut, og samstundes gjort forbodne å bruke i kyrkja. – No er dei nynorske salmane folkekjære. Noreg hadde vore annleis utan «Å leva er å elska», «Det lyser i stille grender» og «Kling, no klokka», seier Sandsmark. Dette blir markert i kyrkjelydane i Vest-Telemark som var dei første som braut forbodet, og song salmane på eige morsmål i kyrkja, utstillingsturné i kyrkjer, salmeseminar og eigne konsertar i samarbeid med bispedømeråd og andre.

Tunkatten Lurivar bur i Aasen-tunet, er ordspion og elskar å leie med språket. I fleire år har han, saman med ungar frå heile landet, samla inn ord som blyantpudding, middagspølseregn, marsipangitar og måneblære. – Orda frå barna blir til ei eiga tunkattordbok som kjem ut i haust, og vi vil ha eigne arrangement der fleire ungar kan finne på nye ord som får plass i boka.

Nynorsk kultursentrum inviterer også til møte mellom song- og skriftlyrikarar i Ulvik, Bergen og Stavanger, seminar om nynorsk bokhistorie i Oslo, arrangement om nynorske songbøker i Valdres og om nynorsk i Trøndelag. Ved Dei nynorske festspela i juni og Litteraturdagane i Vinje i august vil det vere mange andre arrangement som syner mangfaldet i norsk bokhistorie.

Samarbeid med andre

Nynorsk kultursentrum har motteke 860 000 kr i tilskot frå Nasjonalbiblioteket til feiring av vers og forteljingar for vaksne, og nynorske barnebokveker. I tillegg samarbeider Nynorsk kultursentrum med fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal, Nynorsksenteret, Landslaget for nynorskkommunar og mange lokale aktørar om andre prosjekt.

– Vi ser fram til å kunne vere til stades i heile landet med denne feiringa av vers forteljingar, som verkeleg viser fram mangfaldet i litteraturen, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.