Velkomen til Sommarfest med Lurivar!
LurivarFoto: Ivar Aasen-tunet

Velkomen til Sommarfest med Lurivar!

Velkomen til Sommarfest med Lurivar!
12. juli og 2. august er det duka for Sommarfest med Lurivar i Ivar Aasen-tunet kl. 15.00.

I framsyninga «Lurivar i drøymeland» tek Lurivar med seg ungane på ei spennande og undrande reise inn i draumane våre. Etter framsyninga blir det mange ulike aktivitetar og leikar i tunet, som mellom anna ansiktsmåling, kunstmåling, lykkehjul, brevskriving og bokstavjakt i utstillinga.

I kafeen blir det, i tillegg til vanleg kafémeny, sal av smudi, vafler og pølser med brød.

Kjøp av billett gir inngang til basisutstillinga vår, den nye temautstillinga «Innanfrå, utanfrå. Carl Frode Tillers litterære metode», og Språkverkstaden med fleire tilbod til barn og unge.

Kjøp billett for sommarfesten 12. juli her.

Kjøp billett for sommarfesten 2. august her.