Basisutstilling

Basisutstilling

Basisutstillinga vår, Ei utstilling om nynorsk skriftkultur, finn du i nybygget i Ivar Aasen-tunet.

Sverre Fehnvar utstillingsarkitekt, medan John Aage Gjestrumvar utstillingsprodusent. Desse samarbeidde med ei brukargruppe, som hadde ansvaret for det faglege innhaldet i utstillingane.

Full liste over bidragsytarar til utstillinga finn du
nedst på denne sida.


Målet vårt er at utstillingane skal svare på kvifor det var naudsynt med eit nytt norsk skriftspråk, og kvifor det framleis er naudsynt å halde oppe dette skriftspråket. Det er også eit mål at dei som vitjar utstillinga skal bli inspirerte til refleksjon over sitt eige språk, og at dei får ei større forståing av språk som fenomen.

Utstillinga er fleksibel - ho er altså laga slik at det er lett å skifte ut delar av henne. Utstillinga har følgjande delar:

Ivar Aasen
Forfattar-rommet
Språk, lyd og teikn
Nynorsken i samfunnet
Språkverkstaden
Rom for temautstillingar