292 Omsetjing av "Vaar Gud han er vaar faste Borg", 21.5.1869

Vedlegg til brevet til Olav Paulson, 21. 5. 1869.
 
Salme.
 
[1]
Vaar Gud han er vaar faste Borg,
vaar gode Skjold og Verja;
han hjelper oss or Sut og Sorg,
naar Trengslor um oss herja.
Den gamle Fiend' er
med Ufred atter nær;
stor Magt og Svik dertil
han mot oss nøyta vil.
Paa Jord er ei hans Like.
 
[2]
Vaar eigi Magt vist inkje vann,
me maatte snarleg falla;
men med oss er den rette Mann,
som Gud leet sjølv tilkalla.
Hans Namn du kjenner vist,
han heiter Jesus Krist
All himmelsk Herremagt
er under honom lagt;
sin Stad han vel maa verja.
 
[3]
Um Verdi full av Djevlar stod,
som ned oss vilde støyta,
me skulde endaa hava Mod
og fram til Siger trøyta.
Um Heimsens Fyrste vil
oss illa reida til,
hans Vilje litet gjeld:
han alt er dømd og felld;
eit Ord kann honom fella.
 
[4]
Det Ordet skal dei lata staa
og burt med Utakk venda;
for Herren sjølv vil til oss sjaa
og oss sin Styrke senda.
Og toko dei vaart Liv,
Gods, Æra, Born og Viv,
det alt me vyrda knapt,
dei hava endaa tapt:
Guds Rike vaart skal vera.
 
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Prenta etter Olav Paulson: «Lesebok i Landsmaalet», Bergen 1869, s. 129-130. Eit ms. til denne omsetjinga som ligg i I. Aa.s papir, har fylgjande avvik frå den prenta forminga: vist,] vist: - All] all - skulde endaa] endaa skulde - venda;] venda - Ei omsetjing frå 1855 er ikkje heilt samsvarande med den forminga som den gongen vart prenta (jfr. merknad til Br. nr. 198). Manuskriptet frå 1855 lyder (tilskrifter over lina er sette mellom / /):
 
«Oversættelse af Luthers Psalm: «Ein' feste Burg ist unser Gott».
 
[1]
Vaar Gud er oss so fast ei Borg
so godt eit /vaart beste/ Vaapn og Verja.
Han ver oss væl, i all vaar Sorg
mot dei, som oss vil herja
Vaar gamle Ovundsmann
væl /no/ røyner alt han kann;
med Svik og myki Magt
hev han seg um oss lagt.
For veikt er alt paa Jordi.
 
[2]
Med eigi Magt me inkje vann,
me var snart underlagde.
Han er med oss, dan rette Mann,
som Gud oss sjølv tilsagde.
Og spyr du, kven han er:
D'er Krist, som fyr oss ver;
D'er Himmels Kungen prud;
Dar er'kje annan Gud
Han maa væl Marki verja.
 
[3]
Um Verdi full av Djevlar var
som vilde reint oss gløypa,
enn inkje stort me ottast tar',
dei skal oss inkje støypa.
Kor vill og hemnekjær
dan Myrkheims Hovding er,
han fær daa inkje fram,
han sjølv er dømd til Skam
Eit Gudsord kann han fella.
 
[4]
Dat Ordet skal dei lata staa,
og snaudleg atter venda.
Vor [!] Herre sjølv vil standa hjaa
og Mod og Magt oss senda.
Og taka dei vaart Liv,
Gods, Æra, Born og Viv:
lat fara, naar dat maa;
dei inkje Gagn skal faa;
men vaart skal Riket vera.
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009