301 Johannes Belsheim, 13.7.1870

                                                                                                    13de Juli 1870.
Til Belsheim.
 
Det er nokot sjeldan, at eg giv meg Tid til aa skriva Brev, men so lyt eg daa gjera ein Freistnad no likevel, og sidan eg fekk slikt eit kjærkomet Brev i Landsmaalet, so lyt eg svara i same Maalet, og det kann daa ogso vera som ei Moro imillom alt det andre, som eg lyt skriva i annat Maal. Fyrst og fremst lyt eg no takka fyre Brevet og gjera Kvitting fyr det, som var medsendt. Desse Pengarne hadde eg ikkje tenkt nokot større paa; og eg trudde ikkje at det skulde vera so myket helder; fyrr eg leitade upp mine gamle Uppteikningar og saag etter kvat som var uppteiknat. Etter som der stend, heve det voret fyrst i Juni 1860 eit Laan paa 5 Dalar, men deim heve eg fenget atter i næste August Maanad. Sidan er uppteiknat i Oktober same Aaret 3 dl, og deim maa eg hava fenget atter kort Tid deretter; for dei er ikkje innførde paa den seinare Aarslista yver ymist Tilgodehavande; og soleides er alt kvitt til den Tid. Derimot finn eg uppteiknat fyre 1861 i Mai 2 dl 60, og i November 2 dl, og so tilsidst fyre 1862 i April 5 dl, so at heile Skuldi verd 9 dl 60. Eg heve soleides no fenget ein halv Dalar for myket, og den skulde eg med retto sendt tilbaka; men so er det alltid eit litet Bry med det, og so tenkte eg, at det kann standa til ein annan Gong. Kven veit, um me inkje endaa kunna finnast.
 
Eg hadde det so godt, medan du var her i Byen; for naar eg daa hadde nokot til aa spyrja fraa Valdres, so visste eg kven eg skulde ganga til; men so vardt det Slut med det og detta var meg ein stor Saknad. Eg heve no i dei sidste 5 Aari haldet paa aa skriva ei ny Ordbok, og no er det daa endelege komet so langt fram at Boki er ferdug; men no er det Prentingi, som stend atter; eg hadde tenkt, at eit Hefte av Boki skulde koma ut no i Sumar; men det er ikkje komet i Gang med Prentingi endaa. I all denne Tid laut eg leggja alt annat Arbeid burt, so eg heve ikkje ein Gong givet meg Tid til aa skriva eit Ord til Svar paa all den Lygn og alt det Slarv um "Maalstrævet", som heve stadet i Avisom og i ymse Bøker med. Fyrst no i Aar heve eg havt som ei liti Kvild; men nokot Arbeid til Prenting heve daa ikkje komet i Stand, so nær som eit litet Stykke, som var nokorleid tillagat fyrr[,] ei Yversetning av Schillers Klokkesong, som no vardt trykt i Dølen i fyrre Maanad.
 
Sidan eg nemner Dølen, kann eg og fortelja, at Vinje heve havt mange Umskifte i det sidste Aaret. I Fjor Sumar vaagade han til aa gifta seg, og alt var godt og vel; Kjerringi stellte godt med Reikneskapen hans, so han fekk si rette Innkoma av Bladet sitt og hadde goda Voner fyre Framtidi. So gjekk det daa til fram paa Vaaren; daa kom Kona i Barnseng og fødde ein Son; men deretter lagde ho seg til aa døya, og Mannen sat atter med Barnet. Daa reiste han upp aa Landet til Broder sin, men paa Vegen vardt han sjuk og fekk ein Gigtfeber, som dei kalla det, og denne Sykja vardt langdrøg, so han laut stadna med Bladet sitt i tvo Maanader elder so paa Lag. No er han atter komen til Byen og heve fenget Bladet i Gang paanytt, men han er ikkje frisk endaa.
 
Det norske Samlaget strævar med aa utgiva Smaaskrifter; men det er ei Uheppa, at d'er faa som kunna skriva rettugt godt, og dei faae som ero, hava liti Tid til slikt Arbeid. Eit uventat godt Verk var "Nokre Salmar", som er utkomne i tvau Hefte, og som heve fenget Lovord baade av Viner og Uviner. (Forfataren er Studenter E. Blix ifraa Salten, ein Mann som me venta oss myket godt av). - Fullmegtig E. Nilsen heve nyst skrivet ei Bok med historiske Fortelningar (Striden millom Persia og Hellas); ho er no snart prentad og verd som 11 elder 12 Ark.
 
Med meg er no alt saman i det gamle Laget. Eg er ikkje nokot vidare sterk til Arbeid, men so er eg daa ikkje stort verre en fyrr. Der er mangt og myket, som eg endaa heve tenkt aa gjera, naar eg fær fraa meg den endelause Ordboki; men det er uvist kor myket eg skal koma til aa fullføra.
 
Her i Byen gjeng det no som fyrr, med Byggjing og Braak og Umskipling, so ein snart inkje kan kjenna seg atter. Hus paa try elder fjore Loft veksa upp som Sopp um Hausten, og endaa er det trongt og knapt um Rom. Eg likar ikkje dei nye Husi og hadde beste Hugen til aa flytja ut paa Landet, men eg heve no inkje fenget stella meg som eg vilde fyrr, og fær vel ikkje no heretter helder.  
 
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Kladd. - og ikkje .... Tid ~ [var. i m. ÷] - Uppteikningar ~ [i m.:] /Papir/ - for naar [etc] ~ [var. i m.: ÷] - /so vardt .... Saknad/ ~ [hkl ÷] - /daa/ - Prentingi [etc.] ~ [var. i m. ÷] - [Stand, <] ~ Stand. - /so .... fyrr/ ~ [hkl ÷] - Eit uventat [etc.] ~ [var. i m. ÷] - Eg er [etc.] ~ [var. i m. ÷]
 
- I brev til I. Aa., 4 juni 1870, takkar J. B. for eit lite pengelån og fortel om liv og arbeid i Sør-Varanger prestekall.
 
- Johannes Belsheim (1829-1909), cand. theol. 1861, 1864-75 sokneprest ymse stader, seinare statsstipendiat (jfr. «Tidsskrift for Valdres historielag», bd. 1, s. 215 ff., 295 ff., bd. 2, s. 36, og bd. 3, s. 129 ff.).
 
- Sjå vidare Br. nr. 378.
 
 Klokkesong] «Songen um Klokka. Etter Schiller. Yversetning av I. Aasen» (prenta i «Dølen» 1870, VIII, nr. 17, 19. juni, nr. 18, 26. juni og nr. 19, 3. juli oppattprenta i «Lauvduskar» III, Kra. 1873, s. 1-16, og serskilt utgjeven med tysk parallelltekst: «Das Lied von der Glocke. Songen um Klokka i Umskrift av Ivar Aasen utgjevi Schiller-Dagen den 10de November 1909 av Vestmanna­laget» [ved Edvard Alme [dvs. Johannessen], Bergen 1909]). Ein bolk, «Hus-Livet» vart alt prenta i PL s. 115-16.
 
- Vinje] gifte seg 20. juni 1869 med Rosa Constance Sophie Kjeldseth (1836-12. april 1870).
 
- Son] Olav Vinje (1870-1932) utlærd som bokprentar, sinnssjuk frå 1906.
 
- Broder] sjå merknad til Br. nr. 257.
 
- Då Vinje døydde 30. juli skreiv I. Aa. stykket «Aasmund Vinje» i Dagbl. 1870, 5. aug. Sjå òg merknad til Br. nr. 325.
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009