344 Matias Skard, 29.10.1877

Hr. M. Skar.
 
Det kom til aa drygja lenge, fyrr De fekk høyra nokot atter um Haavards Saga. Eg trur, eg fortalde det eingong fyrr, at daa eg skulde til med ei Gjenomsyn av Handskrifti, som De hadde bedet um, so vilde eg fyrst hava Fat i den islandske Saga; men daa eg so kom ut og spurde etter Boki, so var ho ingenstad aa faa i Bokladom. So tenkte eg aa gjera Spurnad til Kjøbenhavn etter henne; men so vardt der ymist annat aa tenkja paa, og so vardt detta avdrygt, til dess det var reint avgløymt. Ei Orsak til det var det no og, at Styringi i det norske Samlaget hadde sagt, at ho ikkje no i fyrste Tidom vilde giva ut fleire Sagor, men helder freista med eitkvart annat. Og nokot slikt, høyrer eg, det er endaa; for eg var nyst ute og talade med Garborg (Formannen), og han segjer, at der no ogso er eit og annat smaatt, som er paatenkt til Utgiving, so at dei hava nog fyre det fyrste.
 
Men sidan eg no hadde fenget ei Minning um det, so laut eg daa eingong til aa skunda meg med denne Gjenomsyni, som hadde voret so lenge avdrygd; og so var eg daa ut og laante den nye Utgaava av Haavards Saga. Um Yversetningi torer eg ikkje segja nokot stort; eg kann vel synast at eit og annat Ordlag er for myket dansk, og at det islandske Ordet stundom er burtbytt mot eit Ord, som heve mindre Grunn; men nokot slikt vil no henda mest med alle Yversetningar av gamle Sagor. Skal ein halda seg nokot nær til det gamle Maalet, so vil Folk laata um, at dei ikkje skyna det; skal ein derimot giva ei friare Yversetning, so kjem ein so lett inn paa desse Fuskar- Talemaatarne, som er mest i Moden i Kristiania og der ikring, so det verd ikkje stort betre en ei dansk Umskrivning. Difyre tykkjer eg ofta so, at det er litet verdt aa faast med nokor Yversetning av Sagor i Landsmaal. Men so er det ymse andre, som hava ein annan Meining um det.
 
Men no fær eg ikkje gjera nokot større Umsviv um detta, men helder teikna upp nokre Smaating, som kunde giva Tilleiding til ein stutt Umtale.
 
Sida 7, 8 og 9 (i Handskrifti). Daa denne Fortelnad um Daudingen vil synast reint undarleg fyre ymse Lesarar, so kunde det vera godt, um der var ein liten Tilmerknad um, at det er fleire islandske Sagor, som hava det so, at ein Mann gjeng heimatter, etter at han er daud, og at denne Attergangaren (elder Draugen) daa er verre til aa takast med, en Mannen sjølv var, daa han livde.
 
S. 12. (Han var) "av god Ætt". - ættstórr ok frændmargr, - skulde kanskje helder heita: Han hadde stor Ætt og mange Frendar.
 
S. 15. "Det er ikkje lugomt". Helder: det høver ikkje so fyre meg. - (lugom, som Adjektiv, er nokot uskaplegt).
 
S. 18. H. "tyktest ingen Ting tess" - H. tyktest vera reint hjelpelaus (gagnlaus). Ogso detta "tess". er nokot uskaplegt.
 
S. 20. (L. 1). um han ikkje skulde skjemma meg endaa meir. (?)
 
S. 22. "daa han gjekk burtyver". - burt etter (burt-atter), derifraa.
 
S. 23. "Smerta" (dansk). Hugverk, Hugsott, Harm. - ib. Det lyt vist hava voret gamle H." - Det maa visst, &c. Detta "lyt" (som Teikn paa ei sterk Von) synest meg ikkje høvelegt. Me hava ofta lætt aat det som stend i Bjerregaards Fjeldæventyr "Døkk lyt vera tysste"; det læt, som um ein vilde segja: No er det ikkje onnor Raad; de faa vera tyrste, anten de lika det elder ei.
 
S. 25. (han) "gjerer det utum inkje atter millom T. og S. (Nokot dimt og tungført). Helder: gjerer Skilnad (Hjonskilnad), Skilsmaal.
 
S. 26. (og fl.). "Skip" finst ofta brukat, der me no segja Baat, elder Skuta.
 
S. 29. "Kvad" (dansk). Norsk form er: Kvæde.
 
S. 32. "Kvalpinnar". Rettare: Kvalriv (Sideriv av Kvalen). Sidebeini paa Kvalen kunna vera so store og sterke, at dei visst maa høva godt til Lunnar i ei Baatestød.
 
S. 35. "var Fjellet sleipt". - var Berget sleipt. (Fjell fyre Berg er Kristiania Maal). 37. "setja Varme paa Garden". Rettare: setja Eld p. G.
 
41. "so reint burtbytt. Betre: umskapad (umsnudd).
 
44. "ein stor Tufs". - "eigi mikilmenni at skapi" kunde vera paa Lag som: ikkje nokon dugande Mann.
 
46. "Pakke dykk" &c. (Verdit i brott, vándir uhappamenn). Burt med dykk, stygge Ulukkefuglar, der hava de gjort det største Uheppaverk o. s. v.
 
47. "taka seg av dykk". (Dansk). Helder: taka imot dykk, hjelpa, hylla dykk.
 
49. "Sinn". Huglag, Huglynde.
 
52. "i deg hev eg ein stor Skatt". (Framandt). Me vilde helder segja so: eg heve ein stor Skatt, naar eg heve deg. (Elder: medan, so lenge eg heve deg).
 
57. "lata oss stinga i Hel inne". - "stanga" i Originalen er vistnog alltid tolket med "stinga"; men etter Samanhengen skulde ein snaraste tru, at det her tydde "stengja. Men detta er det no ikke so grant med.
 
61. "so frakke Ting". (marga úheyrilega tiltekt), - mange uhøyrelege Illverk (Illgjerder), mange forskammelege Tiltak, el. desl.
 
63. "kvat dei hadde upplivt" (Dansk). - kor det hadde gjenget deim. - (ib.). "Atle var sidan halden fyre den beste Kjempa". - "hinn bezti drengr" skulde kanskje heita: den gildaste Mann (ein av gildaste Gutom), ein Fagnamann (Munamann), Heidersmann.
 
I Fyreordom kunde eg nemna "Kvad" og "Smerta", som nyst fyrr ero nemnde. Dernæst "tri Aar", som eg vilde skriva: try Aar. Fyre "magtstal" vilde eg setja: mergstal.
 
Men no skulde eg sagt nokre Ord om Versi med; og detta er ei vandsleg Sak. Etter Brynjulfsons Umlysing, yver Grunnskrifti til Haavards Visor, er der so myket dimt og ugreidt i deim, at det kunde synast litet verdt aa freista paa nokor Umskrivning. Og det same tykkjer eg no og um Visorna i fleire av dei gamle Sagom; dei taka myket Rom og giva liti Upplysning. Vistnog er der myket vænt og godt i deim; men naar ein skal freista paa ei Umskrivning i same Verseform, so vil alt det beste kverva reint burt. Difyre synest eg ofta so, at ein gjerna kunde lata Versi ute elder ogso berre segja ei tvau try Ord um kvat Verset gjeng ut paa. Men daa eg ser, at De legg stor Vegt paa Versi, so torer eg ikkje segja nokot større imot det. Eg tykkjer, Umskrivningi er so god, som ein kann venta etter dei vandslege Tilhøve; og um der no er eit og annat, som eg ikkje synest fullt so vel um, so lyt eg daa kjennast ved, at eg ikkje veit so radt aa setja nokot betre i Staden. Ein Ting lyt eg daa nemna, og det er, at der er nokre Verse-Linor, som enda med eit fulltonat Einstavingsord, f. Ex. "mattast lett av Strid"; detta høver ikkje godt til gamle Drottkvæde-Maalet, men det kunde no kanskje lett lata seg retta. Og elles heve eg teiknat upp nokre faae Forslag til Umbrøyting paa dei Stader, der eg tykte, at det kunde trengast; men eg torer ikkje segja, at det vilde vera nokor stor Umbot i deim. Det er desse, som her fylgja:
 
S. 29 (2).
Vondt eg lid; men Laget
lyda vil med Milde,
naar eg i Elda etlar
Ærestev aa kveda.
 
S. 30.
Valstad-Maasen gneller
villt, av Hagl umdriven;
mod ved Mannfalls-Tjørni
Morgonbit han krever.
So paa gamle Greinom
gol Rægauken fordum,
daa dei Saarflods Haukar
Høvdingsblod seg ventad'.
 
S. 36 (2).
Ein av oss er fallen:
Aan; som Hallgrim segjer,
stupte han paa Staden,
støytt med Lunn til Grunnen.
 
S. 54.
Baara svall um Baaten
breidt i Sumarkvelden.
 
S. 60.
Valbrands Søner vyrda
vist um slikt so litet.
 
Men eg er mest rædd fyre aa syna detta fram, og eg vilde ikkje, at Folk skulda vita stort um det. Kann De nøyta nokot av det, so er det vel; og kann De ikkje, so kann det endaa vera vel. Og til Slut lyt eg bidja um Orsaking fyre det, at eg heve talat so fritt og djervt; det gjeng ofta so, naar ein skal skunda seg.
 
Kristiania den 29de Oktober 1877.
I. Aasen.  
 
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Orig. på UBO i brevsamling nr. 174 (før prenta ved Vemund Skard i SS 1947, s. 32-35), omframt serskild kladd.
 
- Saman med brev 21. okt. 1874, sende M. S. ms. til ei omsetjing av «Haavard Isfjordings Saga» og bad I. Aa. om hjelp med ordtydingar, og andre problem i omsetjinga. Han har elles sett om halvparten av Markusevangeliet «og eg ser, at mitt eigjet Bygdemaal rekk utruleg godt til, so eg treng ikkje aa laana vidare Ord fraa andre Stader».
 
- I brev til Det norske Samlaget, 21. okt., baud M. S. dei omsetjinga si til utgjeving.
 
- Saman med brev 9. nov. 1874 sende M. S. eit føreord til Håvards saga. Han er no ferdig med å setja om Markusevangeliet. «Men det er mangt strævalt; for i det Gudelege Maal er det illt med den «danske Tunga», og eg vil ikkje gjerne bøygja meg fyre henne.»
 
- Saga] «Soga um Haavard Isfjording», Svorkmo 1907 (serprent av Høgskulebladet). I føreordet (s. 7) er samarbeidet med I. Aa. nemnt.
 
- islandske Saga] prenta av Bjørn Markússon, 1756 (jfr. merknad til Br. nr. 330). Ny utg. ved G. Thordarson og Gisli Brynjúlfsson i «Nordiske Oldskrifter», bd. XXVIII, Kbh. 1860.
 
- Utgiving] sjå S. Kolsrud: «Skrifter utgjevne av Det norske Samlaget», SS 1919, s. 6 f.
 
- Fjeldæventyr] Aagot i 1. akt., 6. scene: «Men dekka lyt væra tyste».
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009