383 Wergelandskomiteen, 28.4.1881

Paategning paa et Cirkulære til Wergelandskomiteen. (Petersens Forslag om en ny Komitee):
 
Undertegnede synes ikke, at der er Grund til at foretage nogen ny Behandling af denne Sag.
 
Chr. den 28de April 1881.
 
I. A.  
 
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Kladd.
 
- Med 14. røyster (m. a. I. Aa.) mot 4 (formannen i arbeidsut­valet, konsul Peter Petersen, M. J. Monrad, E. F. Lochmann og H. Lassen) hadde den nemnda som hadde å gjera med reisinga av eit minnesmerke over H. Wergeland, vedteke å få B. Bjørnson til å halda avdukingstalen 17. mai 1881, men høgre ville ikkje, og dette førde til stor strid med mykje avisskriving (jfr. m. a. Hal­vorsen, bd. VI, s. 454 f., 463, og 466 f., Carl Just: «Carl Johans gate», 1950, s. 107 ff., A. Hovden: «Ivar Aasen i kvardagslaget», 2. utg., s. 45, og «Attersyn», 1928, s. 67 ff., B. Bjørnson: «Artikler og taler», bd. 1, s. 511 ff., F. B. Wallem: «Det norske Studentersamfund», bd. 2, 1916 s. 758 ff., og tilvisingar i T. Andersen: «Garborg-Litteratur» nr. 497 ff.).
 
- Mellom I. Aa.s papir ligg innkalling (frå Peter Petersen) til å møta i arbeidsutvalet 18. nov. 1880, innkalling til eit «afsluttende Møde» 21. april 1881, inngangskort til avdukinga 17. mai 1881, og kvittering for eit tilskot på 50 kr. I Aasenmuséet i Ørsta ligg ei serskild 17. mai sløyfe som vart nytta ved avdukinga. Ivar Welle har fortalt meg at I. Aa. «fniste ofte når han fortalde om denne avdukinga og om professor Monrad som ikkje ville ha Bjørnson til å halda avdukingstalen. «Han mente formodentlig selv at få den ære», sa Aasen. Aasen lika ikkje Monrad. »
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009