396 Omsetjingar av stykke frå "Evangeliet etter Lukas", [1882]

Luk. 1, 17. Og han skal ganga fram fyre honom i Elias' Ande og Kraft og venda Fader-hjarto til Bornom og dei ulyduge til rettviis Manns Hug og bua til (skipa til) eit vellagat Folk fyre Herren.
 
1, 74. at me, frelste or Handi av vaare Fiendar, kunde tena honom urædde i Heilagskap og Rettferd alle vaare Dagar. (Mk. or vaare Fiendar deira Hender).
 
3, 5. Alle Dypter [fotnote i trykt utgåve: Dumper,Dokker, Holor.] skal vera uppfyllte, og alle Berg og Humpar skal vera nedstøytte.[fotnote i trykt utgåve: nedlagde, nedslegne.]
 
4, 18. Herrens Ande er yver meg, difyre salvede han meg; hari heve sendt meg til aa kunngjera Godtidendi fyre dei fatige, til aa lækja deim som hava eit sundergnutt Hjarta, til aa forkynne dei fangne, at dei skulo sleppa frie, og dei blinde, at dei skulo faa si Syn, til aa senda dei nedtrykte ut i Fridom, til aa forkynna Herrens hugsame Aar.
 
6, 48. Han er lik ein Mann, som bygde Hus og grov djupt i Tufti og lagde Grunnsteinen paa Berget. Men det kom ein Vatsflaum, og Elvi slog inn paa det same Huset, og ho vann ikkje aa røyva [fotnote i trykt utgåve: skjepla, sukka, rikka.] det; for det var grunnfest paa Berget.
 
7, 24. Kvat gjekk de ut i Øydemarki til aa sjaa? Eit Røyrstraa, som vagar fyre Vinden?
 
9, 29. Og det hende seg, at medan han bad, fekk hans Andlit ein annan Svip, og hans Klædnad vardt kvit som Skin av ein Elding.
 
11, 21 f. Naar den sterke er fullvaapnad og vakter sin eigen Gard, so er hans Eigedom i Fred. Men kjem der den, som er sterkare en han og vinn Siger yver honom, so tek han heile hans Vaapning, som han hadde sett si Lit til, og skifter hans Herfang ut.
 
14, 13 f. Men naar du gjerer Gjestebod, so bed til deg fatige, vanføre, halte og blinde. Og sæl skal du vera; for dei hava inkje til aa giva deg atter, men det skal verda deg attergjevet i dei rettferduge Folks Uppstoda.
 
15, 14. Men daa han hadde sumlat burt all si Eiga, verdt det ein stor Hunger i det same Land, og han tok til aa lide Naud, (15) og han gjekk og trengde seg inn hjaa ein av Landsens Borgarar, og han sende honom ut paa Markerna sine til aa gjæta Svin, (16) og han vilde gjerna fylla Magen sin med slike Skolmer, [fotnote i trykt utgåve: Skurner, Skal, Hamsar.] som Svini aato; og ingen gav honom nokot.
 
17, 20. Men daa han var tilspurd av Farisæarom um naar Guds Rike skal koma, svarade han deim: Guds Rike kjem ikkje so som fyre Augnesyni (21), [fotnote trykt utgåve: eller: so at ein stend og ser paa det.] og de skulo ikkje segja: Sjaa her, elder sjaa der er det; for sjaa: Guds Rike er innantil i dykker.
 
18, 4. Og fyre ei Tid vilde han det ikkie: men siden sagde han ved seg sjølv: Endaa eg korkje ottast fyre Gud elder blygjest fyre Menneskja (5), so vil eg daa fyre den Uro, [fotnote trykt utgåve: Aagang, Plaaga.] som denne Enkja gjerer meg, sjaa til aa giva henne Rett, so ho ikkje alle Dagar skal koma og aaganga [fotnote trykt utgåve: plaaga, uroa.] meg.
 
19, 43. Det skal koma dei Dagar yver deg, daa dine Fiendar skulo reisa eit Stolpegjerde um deg og kringsetja deg og trengja deg fraa alle Sidor (44), og dei skulo støyta deg ned i Grunnen og dine Born i deg og ikkje lata etter seg Stein paa Stein, av di at du ikkje kjende di Heimsøknings-Tid.
 
21, 25. Og der skal vera Teikn i Sol og Maane og Stjernor, og paa Jordi skulo Folki hava Rædsla med Raadløysa, daa Hav og Baaror skulo dynja; [fotnote trykt utgåve: søyda, bylja (belja).] (26) og Menneskjor skulo verda andslopne [fotnote trykt utgåve: kvavna.] av Otte og Kvida fyre det, som skal koma yver Mannheimen; for Krafterna i Himlom skulo skaka seg.
 
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Ymse kladdar som eg har gjeve nr. A til D. Av desse er A og B hovud-tekster (A: inneheld ms. til Luk. 1,17, B: inneheld ms. til Luk. 1,74-21,25, C: inneheld kladd til Luk. 1,74-14,13f, D: inneheld kladd til Luk. 15,14-21,25). Hovudtekstene og kladdane er ikkje identiske.
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009