401 Universitetsbiblioteket i Oslo, 5.12.1882

5te December (82) leveret Tyvevisen og Størdalens Beskrivelse paa Bibliotheket. Paa en Seddel vedlagt følgende:
 
Rachløvs Beskrivelse over Størdalen fik jeg for nogle Aar siden i Trondhjem af forhenværende Skolelærer Jørstad, som i længere Tid havde været en ivrig Samler af gamle og sjeldne Bøger. Han ønskede, at jeg efterat have benyttet Bogen vilde overlade den til Universitetets Bibliothek.
 
Tyvevisen fra Ranen har jeg for nogle Aar siden faaet tilsendt fra Sagfører Hilmar Møller i Næsne.  
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Kladd. Orig. til dette brevet er ikkje registrert på UBO og har heller ikkje vore å finna av di biblioteksarkivet frå denne tid ikkje er ordna (Kaare Haukaas)
 
- Tyvevisen] er ikkje katalogisert på UBO. I. Aa. har gjort oppteikningar om ord og former (ms. i NFS, Aasen pk. 10,20). Høgste versnummer er 55. Visa er omtala i PL s. 7, M. Jakobsen: «Alstahaug kannikgjeld», 1922, s. 173, og H Nerhus: «Per Davesa», 1947, s. 66 ff. Sjå elles merknad til Br. nr. 250.
 
- Størdalens Beskrivelse] «En kort Beskrivelse, deelt i tvende Afhandlinger Over Størdalen. Fremstillet til Publici Ettertanke af Borre Henrich Rachløw. Residerende Capellan sammesteds» [1769]. I. Aa. fekk ms. i Trondheim, 17. aug. 1856, og har seinare gjort oppteikningar om ord og former i skriftet (ms. i NFS Aasen, pk. 10, 20), som han òg stundom viser til i NO.
 
- Jørstad] nokon lærar Jørstad i Trh. som kan vera identisk med denne, er ikkje omtala i lærarlister for Trondheim.
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009