419 Ola Svinndal, 19.7.1884

Til O. Svindal.
 
Om Navnet Svindal kan jeg bemærke, at det allerede i gamle Skrifter forefindes fra flere Steder, og at Skrivemaaden "Svindal" vistnok er den rette. Navnet synes heller ikke at være saa besynderligt, naar man husker paa, at der ogsaa er Navne, som begynde med Gris, Galte, Naut, Uxe, Kyr, Kalv, Hund og flere lignende.
 
Navnet "Ola" skulde helst være skrevet Olav eller Olaf efter den gamle norske Brug.
 
Kristiania d. 19de Juli 1884.
 
I.Aasen.  
 
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Orig. utlånt av Aasmund Svinndal, Kolbotn. Av brevet finst ein ser­skild kladd.
 
- Den 18. juli spør O. S., som skriv seg O. Svindal, korleis han rettast og «mest norsk» skal skriva namnet sitt. Garden ligg i Fet på Romerike. O. S. vil òg vita om han utan vidare «kan skrive Ola eller Olav for Ole».
 
- Ola Svinndal (1862-1926), kjøpmann og journalist (skreiv ofte med namnet Ola Fet), ihuga mål­mann (jfr. «Gula Tidend» 1922, 18. sept., «Den 17de Mai» 1922, 19. sept., «Østlendingen» 1922, 19. sept.).
 
- O. S. skreiv seg seinare Svinndal.
 
- Svindal] sjå NG bd. II, s. 234.
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009