Femtiaarsfesten, [1864]

Um Sider er han daa komen, den Dagen, som mange hava lenge stundat etter og tenkt paa med stora Voner. Det som eingong skal koma, er no ofta so stort i Vonom, det som eingong er komet, er ikkje fullt so stort, som det skrøyvde til i den lange Fraasyni. Det stig upp so mange Minningar, og dei ero ikkje alla jamljosa; minnest ein eitkvart, som er til Fagnad, so minnest ein ymist som er bljugsleg[t] og tregelegt med, so det eine vil vega upp det andre. Der er Tale um, at allting gjeng fram; men fram lyt ein no alltid paa einkvar Maaten, antig det so er i den rette Stemna elder den ranga; og det er vel ettersjaaande, um det som heiter Framgang, inkje er helder ein Attergang, elder um det inkje er eit viljelaust  Framsig paa ein Straum, som stemner til ei verre Kraa, en den som ein kom ifraa Aari ganga alltid fram, og Folk maa ganga med Aarom; men me hava Segner fraa framfarna Tider um Folk, som tyktest ganga duglega fram, og endaa inkje hadde nokon lang Fagnad; for var det nokot, som steig upp, so var det nokot som seig ned; det eine voks og det andre minkade; det eine voks i Hop, det andre slitnade i sunder.
 
Kor kjem det til, at Folk aldri kunna vera so glade og lettlivade no som i fyrra Tider? Me høyra segja fraa alla Sidor, at det er ikkje slik Moro i Bygdom no som fyrr; at det er ikkje den Glede-Svipen paa Ungdommen, som det var fyre femti Aar sidan. Fyrr kunde Folk vera lystige med liten Mat og mindre Drykk; no kunna dei aldri verda kviklynde, utan dei faa renna seg fulle med rusande Drykkjer. Her er fleire Folk i Landet, men endaa feller det langsamt og audslegt; her er fleire Pengar i Bygdom, men endaa er her større Pengasorg, her er fleire Hus og større Torp, men endaa er her trongare um Husrom. Nye Aakar, nye Vegar, nye Verkstader reisa seg paa alla Leider; men endaa ero Folk illnøgde. Sume sanka sitt Sylv i Skrin og fara langt avleides til eit ukjent Land; sume sitja atter heima, men slaa seg av ifraa Verdi og berre lesa og syngja um si snarlege Avløysning fraa denne Graatardalen, der alt er faafengt og vanvyrdelegt. Ymse Folk, som tykjast vera klokare en alle hine, gjera seg ein stor Hjarteverk av det, at me ero slikt eit litet Folkeslag; dei kjenna seg so skjemde og "nedtrykte" (segja dei), naar dei koma til ein Stad i England, og naar dei høyra, at Folket der veit so litet um oss, daa verda dei handfalne og tykkjelause; difyre Ynskja dei berre, at me kunde finna ei Pipa til at pusta oss upp med, so me verda lika store som andre Folk, og sidan me no ero for veike til at leggja eit annat Land inn under oss, so skulde me helst leggja oss sjølve inn under eit annat Land, so det maatte verda eit stort Rike som kunde glamra lika høgt som hine. Soleides er det Sorg paa ymsa Sidor; so det er vandt at vita, um ein torer gledja seg so myket, som ein hadde Hug til; for det kann og henda, at det som Folk laast gledja seg mest yver, er nokot, som hever mindre paa seg, en mange vil tru.

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009