Helsinga, [1852-53]

Dæ æ ein Ting, so Smaabonna lyte lære aa take itte, dæ æ te helse aa takke elde svare paa ei Helsing. D'æ maange Maatanne te helse paa, aa sume høve paa ei Tid aa sume paa ei onnaa Tid, alt itte so dæ laga se. Naa du gjeng ei Ærend einkvanstadin, aa du kjem inn i Stòvaa, daa seie du "Guds Frìd", dæ æ no fyste Helsnadin; aa naa d'æ daa Folk so du kjenne aa du sjøldaa kjeme til, so gjenge du inna aa helsa dei pi Handa, kvart fyre se; daa seie du "Gudag" eld' ogsaa "Gumaarn" elde "Godt kveld", naa dæ høve se so mæ Tidinne. Daa svara dei "Gud signe de", aa so ska du svare mæ, naa einkvann kjem' aa helsa de. Æ dæ so, du heve vore dær førr aa nòte dær noke godt, so seie du "Takk fyre siste". Æ dæ so, ate Folkje site mæ Arbeida sinaa, so seie du "Gud signe Arbeide", daa svara dei "Takk fyre dæ" elde "Takk ska du ha" eld eitkvart slikt. Aa æ dæ so dei sit' aa æt'e, so seie du "Gud signe Matin"; daa svara dei ogsaa "Takk", aa so ska du gjere mæ, naa dæ kjem einkvann aa signa Matin din. Dæ fyste du daa snakka, naa du heve helsa, dæ æ at du sp`yre itte kurr dei live, elde kurr dæ stende til mæ dei. So svara dei paa dæ, aa so sp`yre dei de, kurr Folkje ditt live; daa ska du svare snildt aa fagert, ate "mid live væl mæ Helsinne; Takk so itte sp`yre", elde mid tultla mæ dæ same, elde dæ riksa aa græve, elde eitkvart slikt. So bere du upp Ærenda di, aa æ dæ so at d'æ eikor Villigheita du ska bie um, so ska kje du kome slumpande mæ di so beint fram, likso du skulde vore nøydde te gjere dæ, men du ska bie fagert, soleisinne ate "e skulde høyre aat mæ dokke, um did kunna gjere so væl", elde so, ate "e undrast paa um dæ kunna lage se so fyre dokke, at did kunna hjelt oss ti ein Ting", aa so seie du ta, kva d'æ for ein Ting. Æ dæ so dei sete fram Mat aat de, so ska du takke aa seie so fallne Or, ate dei skulde inkje kostvart se elde brytt se so mykje fyre dæ, um du kom no gaangande. Aa naa du æ færige te gaa heimatte, so takka du alle so i Husa æ, aa bide væl yve aa seie "Farvel aa Takk fyre me". Dei so æ vaksne aa store, dei seie no meir ogsaa stundaa likso: "Vor Herre vere att'i min Stad", elde: "Vor Herre vere i Husa". - Naa du møte einkvann paa Veia, so seie du "Godt Mot", aa daa svara han ogsaa "Godt Mot" Æ dæ nokin so sit aa kvile se, naa du kjeme gaangande, so seie du "Sit i Frìd" eld' ogsaa: "Gud signe Kvile"; daa svara han "Takk fyr dæ, vælkomin til", aa so ska du svara mæ, naa dæ kjem' einkvann aa signa Kvile ditt. Æ dæ noken so stend aa bide paa Veia, so seie du: "Statt i Frid", aa æ dæ so han gjenge same Veien, aa du naar haanaa atte, so seie du "Gakk i Frid", aa naa d'æ einkvann so seie so te de, so svara du "Takk fyre dæ, vælkomen til" Ellest æ dæ no maangt ein kan seie aa leggje attaat; dæ kann no inkje vere so godt fyre Bonnaa te vite kva so høvelegaste æ, men so ska du altidt lyde væl itte kurr dei seie, dei so æ snildaste aa vitigaste Folkje; dæ lære du mykje meir uta elde ta alt anna. Naa d'æ nokin so kjeme heim ta ei Reis, so seie du "Vælkomin atte", aa so legge du attaat dæ so høve. "Vælkomin fraa Kirkjinne" seie mid te den so dær heve vore; "Til Lukke" naa d'æ slike so æ lyst fyre; "Til Lukke aa Velsignelse" naa d'æ Brudfolk; "Til Lukke aa Saligheit", naa d'æ Altersfolk. "Gledele Høgtid" ska du seie, naa du helsa einkvann i Høgtidsdògaa; daa svara han "Takk fyre dæ; De dæ same". Den so vil ut paa ei laange Reis, han seie "Vor Herre vere atte mæ dokke" elde "Vor Herre vere heime"; aa dei so heime ska vere, dei seie "Lukke paa Reisa", elde "Lukkeleg Reis" elde "Vor Herre vere mæ de", aa meir so ein kann no leggje attaat, men dæ høve best fyre dei so æ store; fyre dæ høv' ikje Bonnaa te vere for mykje aalvorsame helder.

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009