Max Müller om Landskapsmaal, 1862

Av Lectures [on The Science of Language. Third Edition, London 1862].
 
Det som me ero vane til aa kalla Maal, dei boklege Maalformer fraa Grækland og Rom og India, fraa Italia, Frankrike og Spania, maa helder vera vyrde som kunstuge en som naturlege Former av Tale. Sitt verkelege og naturlege Liv hever Maalet i sine  Landskapsmaal, og til Traass fyre all den Tvang (Ovrike) som dei  mønsterrette elder boklege Maalformer føra med seg, er daa den Dagen langt  burte, daa Landskapsmaali skulde vera heilt utrudde endaa under slike  Mønstermaal som Italiensk og Fransk.
 
Umkring tjugo av dei italiske Maalgreiner hava vordet uppførde i Skrift og Prent. Dei mest utskilde franske Maalgreiner ero reknade til fjortan. Talet paa dei nye græske Maalgreiner segja sume skal vera sjautti. (S. 49.)
 
Daa den mønsterrette (klassiske) latinske Maalformi eingong var innsett som Maal fyre Logbøkerna, Truarlæra, Bokstilingi og den aalmennelege Borgarseding, vardt dette Maalet standande fast og fjøtrat. Det kunde ikkje veksa fram, av di det inkje fekk Lov til aa brøyta seg elder vika ut fraa sin mønsterlege Rettleike. Det vardt forfylgt av sin eigen Attergangar. Boklege Maalformer, elder det som  sedvanlege er kallat mønsterlege (klassiske) Maal, maa bøta fyre sin stundlege Storleike med eit uavvendelegt Forfall. Det er med deim som med stillstandande Hylar elder Tjørner paa Sida av ei stor Elv. Dei ero Uppsamningar av nokot som eingong var livande og laupande Tale, men dei ero ikkje lenger framdrivne med Hovudstraumen. Til ymsa Tider kann det synast so, at den heile Straumen av Maalet var innsogen i desse Tjørnerna, og me kunna knapt sjaa nokot atter av dei Smaastraumom som siga fram etter rette Elvarfaret. Men naar me daa lenger nedetter, det vil segja seinare i Historia, finna ein ny Bulung av standande Maal, anten tilskapad elder  i Tilskapnad, so kunna me vera støde paa, at Upphavet til dette Maalet var just desse same Smaastraumarne, som fyre ei Stund vaaro komne oss reint av Syne. Elder kann henda det er betre tilmaatat aa likna eit mønsterlegt elder boklegt Maal med den frosne Flata paa ei Elv, slett og slikjande, men stiv og kald. Det er mesta berre ved store Rørslor og Skjeplingar i Rikjom, at denne Yverflata med tilfinat og uppstroket Maal verd broti og burtrivi av Flaumen, som stig upp nedunder henne. Det er i del Tider, naar dei rikare Ætterna anten ero knekte i Striden um Tru og Rett, elder blanda seg atter med det urikare Folket til Motstand mot framand Aagang, naar bokleg Verksemd er vanvyrd, naar Herregardar ero uppbrende, naar Kloster ero plundrade og Høgskular nedbrotne, - daa er det, at dei folkelege, elder som dei er kallade, del bondske (vulgar) Maalformer, som fyrr hadde gjenget som ein Understraum i Djupet, stiga upp under den iisblanke Flata paa det boklege Maalet og daa, liksom Vatsflaumen um Vaaren, sopa fraa seg dei tunglege Tilskapningar fraa ein avliden Alder. I fredsamare Tider vil der daa skjota upp ei ny og folkeleg Bokstiling i eit Maal, som vel kann synast aa vera tilskapat ved Hervinning og Umstøytingar, men som likevel i Røyndom heve voret i Uppvokster longo fyrr og berre no vardt ferdiggjort og utsett ved ymse historiske Tilfelle. (Side 59, 60.)

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009