Motmæle, [1880]

Den nye Maalrekningi er reint uskynande, med di ho vik av fraa alle gamle naturlege Mælingar. Det er ikkje aa undrast paa, um Aalmugen held slikt fyre tarvlaus Uppfinning og eit mødelegt Meinvelde. Det høver ikkje godt til Talen um det "nationale", at ein so skal taka Tylft etter Tylft av d[ei] gamle folkelege Nemningar og kasta deim burt og so setja uppdiktade Maat og Namn i Staden. Det heve voret skravlat so myket um Maaldikting; jau no syner det seg, kven det er som diktar Maal.            
 
Fyre deim, som altid elska det nye og hata det gamle, kann slikt vera Moro, og daa era dei ikkje for gode til aa mødast. Men fyre Aalmugen er slikt ei utoleleg Pinsla. Det verd vel so, at dei Folk faa bruka det gamle, so lenge som Meinveldet ikkje verd alt for vyrdlaust.
 
Lempelegaste var det no aa bruka dei gamle Namni lika fullt, um dei just ikkje høva til det nye. Slikt hava me so ymist lotet gjera fyrr, til Ex. med Nymaals Tunna, Nymaals Kanna, Sølands Aln og fl.

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009