Nemningar paa Maal og Vegt, [1880]

Me liva i ei Tid, som vist maa vera morosam fyre ymse Folk, som ynskja seg ein ny Mode fyre kvar Maanad, og som aldri skøyta ein Grand um kvat Folk i Landet fyrr hava brukat. Men her er gamalt Folk, som minnast kvat Forfederne hava havt og som aldri [hava] kjent nokor Naud fyre nye Umveltingar.
 
Fyre nokre Aar sidan saago me, at der i Frankrike elder kvarhelst det var,  kom upp nokre undarlege nye Mælingar og Vegter, til Ex. Hektoliter, Kilometer, Kilogram og fl. Det var likt til at det skulde vera græske Namn; men daa me saago etter funno me, at dei korkje vaaro græske elder nokot annat, men beint fram uppdiktade Namn. Nokot slikt kunde ein daa mest venta av Franskmannen; for me mintest daa um, at dei eingong i den store Riksumstøytingi endaa vilde hava ei ny Dagrekning med 30 Dagar i kvar Maanad, og tie Dagar i kvar Vika, og altsaman med nye Namn. Men dei saag daa sidan, at Folk tykte detta vardt for drjugt, so dei laut finna seg i aa snu atter til det gamle.
 
Um slike Mælingar og slike Nemningar hadde me no trutt, at det aldri kunde vera Tanke um her hjaa oss. Men det hender mangt, som ikkje Folk hava trutt. Det vardt no i det fyrste ei reint utruleg Lengting etter ei ny Pengerekning, so at all den gamle Tolvtalsrekning skulde reint vera avlyst, og ei gjenomgangande Tietalsrekning koma i Staden. Detta segja me no ikkje so myket um, for Pengerekningi heve so ymist voret umskipat fyrr; men no skulde ogso Pengeslagi hava spildran[de] nye Namn. Ty[d]skarne hava og umbrøytt Pengerekningi; men og sjaa [me] daa, at Namni er som fyrr; det er Mark og Pfennig; og detta er ogso gamle Namn hjaa os[s]. Pening var alltid Namn paa minste Mynti; og difyre tala me ogso um "Pengar" (Peningar), um Penings Verd og Penings Gagn. Men i Staden er det no uppkomet eit Namn, som i si rette Form, "Øyre", fordum tydde ei Unza Sylv, mest paalag som det som no heiter Fem Kroner.   Men so var det no ikkje berre Pengerekningi som skulde verda umstøytt; det skulde og vera Umsmiding av allskyns Maal og Vegt. Her er alt no nokre Aar sidan det var openlege forkynnt, at alle dei nye franske Mælingar skulde vera innførde, og endaa med alle deira nye Nemningar. Fraa Tydskland, der allting skal ganga etter Skuletavla, hava me alt seet nokot slikt innført; det heiter no alt, at til Ex. ei Elv er so og so mange "Kilom." lang, og at eit Land er so og so mange "Q.Kilom." stort. Og det er ikkje fritt fyre, at [me] sjaa ymse slike Ting i eit og annat Blad her og. Dermed fylgjer daa, at ein aldri veit kor stor (elder tung) ein Ting er, utan ein set seg til og reknar det ut. Og so dei spottelege uppdiktade Namni attaat oll onnor Møda! Tydskarne hava daa gjevet nokor Rettleiding til folkelege Namn; iminsto hava me seet i deira aarlege Folkekalendrar slike Uppgifter som "Meter oder Stab (Stav), Centimeter oder Neuzoll (Ny-Tume), Millimeter oder Strich (Strik); Liter oder Kanne, Hektoliter oder Fass (Fat), Dekagram oder Neuloth (Ny-Lod)". Her hjaa oss heve eg ikkje seet nokon Freistnad til slikt i dei aalmennelege Uppgifter; og det kunde ein mest venta og, naar ein hugsar kor forhækne ymse Magthavarar era etter alt nytt og framandt, og kor litet dei vyrda det som høyrer Landsens Folk til.
 
No er det aa merka, at vaart Folk so vel som andre, hever fraa gamle Tider havt ymse naturlege elder sjølvgjevne Mælingar, som Tume, Løvd, Spann, Aln, Fot, Stig, Famn, og større Lengder her som annanstad: Mil, Halvmil. Skynsmaal: Skant, Stong, Stol, Skeid og Rast. Fyllingsmaal heve voret: Maat, Flaska, Kanna, Skjeppa, Mæle, Stamp, Tunna. Vegtmaal: Øyre (fordum), Lod (ranglegt kallat Lodd), Mork, Pund, Vaag, Vegt. Nokre kunna vera framande, men andre era so heimlege som nokot kann vera: Tume, Spann, Famn, Maat, Mæle, Mork og Vaag.
 
Slike Mælingar som Tume, Spann og Famn hadde daa alltid den store Fyremunen, at alle kunde vita nokot so nær kor myket det tydde, um det endaa ikkje var so haargrant med Storleiken. Ein Famn til Ex. kunde gjerna vera 70 Tumar elder 75, elder nokot meir elder mindre; Folk hadde daa alltid eit Skyn paa Ting. Men kvat er no det som dei kalla "Meter". Det heiter, at det er den Lengdi som ein fær ut, naar [ein] tenkjer seg ei Snor fraa Sollina (∆qvator) til Polen og so deiler denne Snori i tie Million[ar] jamstore Stykke. Det var langt aa fara etter eit Maal fyre Lengdemaalet! Ein skulde fyrst mæla kor langt det er kringum Jordi, fyrr ein kunde vita kor lang ein Finger elder ein Famn kann vera.
 
Og so denne Vegti, som dei kalla "Gram". Det skal vera som 1/4 av eit Qvintin; elles faa me aldri nokor rett Greida paa kor myket det er; det verdt vel paa Lag som det me kalla eit Bos elder eit Flus elder eit Frækorn. Dei maa hava fine Varor dei, som skula vega so smaatt. Og so skal detta vera den Vegti, som alle andre Vegter faa Namn etter. Den største Vegti som me faa Namn paa, er Kilogram, og det er berre som 4 Merker; so det vil heile 18 Vegter til, fyrr det verd so myket som ei Vaag. Og so ingen Millomting millom 1 og 10; det skal anten vera 10 Gonger meir elder 10 Gonger mindre. Det er Talet som skal raada fyre Storleiken, anten det er til Letting elder til Tyngsla. Det er mangt som minner um Ordi av den engelske Diktaren: "Er detta Galenskap so er daa ei Tilskiping i det".
 
Og med all denne undarlege Tilskipingi er det daa komet dertil, at der so godt som aldri er nokot Maal elder Maat, som høver til nokot av dei gamle. Kvar Gong eit nytt Maat er liknat med eit gamalt, kjem der ein endelaus Brøk, so ein aldri kan trøysta seg til aa rekna ut nokot, som ikkje er utreknat fyrr. Fylgja er, at ein aldri veit kor stor ein Sum er, elder kor myket ein skal giva elder hava fyre ein Ting. Det kunde vera godt nog fyre Folk, som aldri hadde lært aa mæla elder vega nokon Ting; men [fyre] dei som fyrr hava skynat Maal og Vegt, vil det vera ei onnor Sak. Me hava kjent kvat Ugreida det vardt med den nye Pengerekningi; men kvat maa det ikkje verda med desse Umskifti, som er so mange Gonger verre.       
 
Men kor det so kann vera elder ei, so er det no avgjort at so skal det vera. Der er komi ei Log um det, som segjer, at den nye Mælingi skal vera den einaste gjeldande, at alle gamle Mælegagn skal vera avlyste, og at der skal vera Bot elder Straff fyre den som sidan brukar gamall Mæling. Her vilja Folk spyrja: Kven er det som legg slik Tyngsla paa oss? Kvat er det fyr ei Magt, som driv Regjering og Storthing til aa samtykkja i [ei] slik Avgjerd, som fyre Storparten av Landsens Folk vil vera berre til Mein og Møda? Og kvar heve det vordet av den gamle Røda um, at me vaaro eit fritt og sjølvstendigt Folk, naar me so skulde [lata] oss pina og plaaga av eit Herredøme, som me ikkje kjenna? Det maa vist vera litet verdt med vaar Fridom og vaart Sjølvvelde. Kann henda det endaa verd kallat uloglegt aa lasta paa Logi!

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009