Olav Trygveson, [1852]

Dan Kungeætti, som gekk ut ifraa Harald Haarfagre, var ei Ætt, som var merkverdug i mange Maatar og leivde etter seg mangt eit stort og varugt Minne aat Ettertidi. Da var Folk med Mod og Magt og med godt Lag til aa hylla Folket til seg, djerve Kempur i Striden og kloke Styremenner i Fredar Tidi. Ein av dei, som mest hava merkt [seg] ut fyre Mod og Manndom, var Olav Tr ygveson.Dei gamle Sogomeisterane hava voret trottuge til aa tekna upp alt som Folk kunde minnast um honom. Dei hava tykt ein stor Mun til aa fortelja um hans Verk, og dei hava inkje vist kor myket dei skulde lova og rosa han. Han hadde myket til aa strida med fraa da fyrste og ut igjenom; dar var Uviner, som stod etter han, strakst han var komen til Verdi, og fyre Uviner fall han tilsidst; men daa stridde han og ein Strid, som var makelaus, og som vil minnast med Undring og Æra, so lengje som Nordmannsætti er uppe. Daa han var fødd, var Fader hans drepen og Moderi hadde lotet røma og laut halda seg i Skjol og var inkje trygg paa nokon Stad fyrr ho kom ut or Landet; ho tok Vegen til Sverike med Barnet, men inkje eingong dar fekk ho vera i Fred. Sidan skulde ho fara til Rusland og søkja til ein Broder som ho hadde dar, men so kom dar andre Uheppor paa; Skipet som dei foro med, vart teket av Sjørøvarar, og Folket vart ført i Land og selt til Trælar, sume paa ein Stad og sume paa ein annan. Men endaa hadde Olav so god Lukka, at han vart væl medfaren og kom i goda Hender, og sidan kom [han] til Kungen i Rusland og var dar nokre Aar i godt Samvære. Sidan for han ut med Herskip, so som Sedvanen var paa dan Tid; daa var han ei Tid i Vendlandet, og sidan var han i Engelland og for fram som Hovding elder Smaakunge, som so mange gjorde paa dan Tid. Daa havde Eirikssønerne mist Magti i Norig, og Haakon Jarl styrte meste Luten av Landet. Han hadde høyrt um at Olav var avsloppen og var ein djerv og vonarleg Mann; difyre var han rædd at Olav kunde tenkja paa Herredømet i Norig og koma i Vegen fyre honom, og so prøvde han med Svik te lokka Olav inn i Landet og faa gera av med honom, fyrren han hadde fenget nokor Magt. Men da gekk anderleid en som Jarlen hadde tenkt; han hadde gjort so mange Ugerningar i dan siste Tidi, at Folket sette seg upp imot honom, og daa Olav kom til Landet, var Jarlen paa Flugt og vart drepen, og sa var[t] Olav teken til Kunge. Dan Tidi var da Heidningskap endaa i Norig, men i dei andre Landi sunnanfyre var Kristendomen innførd; Olav hadde voret kristnad i Engelland og hadde fyresett seg aa føra dan kristne Trui inn her i Landet, endaa da vilde kosta stor Møda. Ein av Fyremennerne hans, Kung Haakon, som er kallad den gode, hadde ogso teket Kristendomen i Utlandi og vilde føra han inn her i Riket, men han hadde fenget so stor Motstand, at han laut slaa da fraa seg. Men Olav var ikje dan Mann, som let seg reka, naar han hadde sett seg nokot fyre. Han freistade baade med godo og med vondo og brukade mange Raader, som inkje alle er rosande. Dei Hovdingarne, som inkje gjorde Motstand, dei fekk stor Æra og goda Gaavor, men dei som sette seg imot, vart ille medfarne, sume drepne og sume pinte og skamførte, so da er kjølelegt aa høyra. Og paa dan Maaten vart dan nye Trui uppteki yver ein stor Deil av Landet; men da var gjort med Skræmsla og Trugsel, og varde ikje lenger en Agen stod paa, og difyre vart da endaa lengje fyrr Kristendomen vart aalmenneleg i Landet. Han gjorde Upplag til Byen Nidaros, som no er kallad Trondheim; og dar budde [han] og let byggja Hus og Skip. Da var berre faae Aar at Olav var Kunge i Norig, men i dan Tidi vart myket gjort, og endaa Kungen var ofselege streng og hardfør, so var daa Landslyden holl og vinarleg imot honom; fyre han var ein makelaus Mann i mange Maatar. Men so gode Viner som han hadde i Landet, so store Uviner hadde han utanfyre. Dar var mange Trættor med Kungarne i Sverike og Danmark, og dei traadde etter aa hava Norig under seg. Kung Olav i Sverike og Kung Svein i Danmark var imot honom baade tvo, dartil var dar ein Son etter Haakon Jarl, som heitte Eirik, han traadde etter dan Hovdingskapen som Fader hans hadde havt, og so vart dei samde um, at dei alle tri skulde slaa seg saman imot Olav Trygveson og falla yver han paa ei Utferd, som han gjorde til Vendlandet sunnanfyre Austersjøen. Han hadde mange Skip og Folk med seg til Vendlandet og var dar ei Stund, men daa han skulde heimatter, var Floten skild, sidan Skipi siglde ut etterkvart som dei var ferduge, og Kungen sjølv var sist i Radi. Daa hadde dei tri Hovdingarne samlat Skipi sine og lagt seg i Skyle attunder ei Øy paa ein Stad som heitte Svolder; dar laag dei og saago paa, at meste Luten av dan norske Floten siglde avstad, men dei rørde seg inkje, fyrren da var berre Olavs eiget Skip og nokre faae andre atter; daa lagde dei seg i Vegen fyre honom og byrjade Striden. Daa hadde han litet Folk til aa strida med mot ei slik Yvermagt; men endaa stod han seg so godt, at dei laut gera Skifte og leggja til med nye Folk baade ein Gong og tvo; dan eine etter dan andre laut vika, men da var altsaman faafengt, fyre dei var so mange, at dar kom altid kvilde og usaara Folk i Staden fyre dei, som var undanslegne. Og Utgangen vart dan, at Nordmennerne fall so lengje til dar var berre 8 atter, og daa sprungo dei [i] Sjøen, fyre dei vilde inkje giva seg til Fangar. Dei andre vart upptekne or Sjøen, men Kungen sjølv vart inkje funnen; han skal hava voret hardt saarat i Slaget, og difyre er da vonlegaste, at han heve druknat. Da var ei Sorg og ein stor Harm fyre heile Landet, at han skulle soleid falla, og dei som var heimfarne fekk inkje vita fyrren dei var heimkomne, og daa harmadest dei rett storlege fyre da, at dei inkje skulde vera med i eit slikt Møte. Da var i Aaret Nie hundrad og fem og nitti, at Olav vart Kunge, og i Aaret Eit tusund at han fall, og soleid er da no halvniande hundrad Aar sidan.

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009