Tjodseden, [1864]

Mange Ord verda talade um vaar "Nationalitet" og ofta ser det so ut, som um den Ting var storleg vyrd og heidrad; men det er vist so med denne Hùgmùnen som med mange andre, at dei som halda honom best, ero dei som tala minst um honom. Her er meir en berre ein Tjodsed i Landet; snarast er det tvo og dertil ymse Millomslag. Naar eg ferdast i Innbygdom nord og sud i Landet: i Vefsen, Snosen, Uppdal, Gbr., Sfj., Voss, Hall., Tel., Sæt., Aaserall ,Sirdalen o.s.v., daa tykjest eg sjaa kvat vaar rette Tjodsed er; daa høyrer eg Landsens rette Maal, daa merkar eg den Tenkjemaaten som høyrer Folket til. Allstad minnest eg paa mi eigi Heimbygd og tykjest finna berre Ættingar og Skyldfolk paa alla Sidor. Det er ikkje nokor Kluft elder nokon Stengjemur, som skiler oss; me kunna lett samtykkjast um alle heimlege og tilvande Ting; men me kunna ogso tala um Ting som liggja langt burte elder høgt uppe yver den kvardagslege Samtalen, og endaa greida me oss tollega godt paa vaar eigen Maate, um just ikkje paa same Maaten som vaare lærde og bokvise Folk. Ein liten Skilnad imillom oss er no det, at eg inkje er so hardtolug elder so smaanøgd som desse Folki, sidan eg no hever lenge vordet van til eit rolegare og riklegare Liv. Men detta kann eg daa ikkje rekna meg til nokon F`yremun, som det skulde vera nokot til at rosa seg av. Helder maa eg daa gledjast ved, at sterste Parten av Landsens Folk kunna tòla so myket og nøgjast med so litet, so dei kunna hjelpa baade seg sjølve og andre og inkje liggja til Tyngsla paa Land og Rike, som so mange andre gjera.
 
Naar eg kjem til ein Kaupstad elder ein Herregard finner eg derimot eit Folk, som er onnorleid tilskapat i mange Maatar, i Tungemaal og Tenkjemaate, i Samferd og Seder. Dei kunna vera kloke og vellærde Folk og vita mangt, som Aalmugen inkje veit; dei kunna og ofta vera tyde og greide til at koma til rettes med; men endaa ero dei liksom framande fyre mine eigne Folk, so det kostar myki Møda og ein lang Tiltame at venjast til deira Sed og Vis. Dei hava ofta ei Hugstemna, som me inkje skyna, elder som me inkje lett kunna semjast med, um me endaa skyna henne. Dei hava og ein annan Framburd fyre si Hugstemna, so at endaa det, som er sameigelegt og aalmennelegt fyre alle Folkeslag, verder nokot framandt og avkjennelegt, so det ofta teiknar seg so, at det same inkje er det same.
 
Kven er no den beste elder rettaste av dessa  tvo Tilstemnorna? Vistnog vilja mange segja, at  slikt er inkje verdt at spyrja um; dei tykjast  vita, at deira eigen Tame er den rette, og difyre vilja dei at alle andre skulde vera som dei sjølve. Men me vilja inkje lata oss forvilla av nokon Ting. Naar me sjaa vidare i Kring i Verdi, so sjaa me, at den store Folkahopen deiler seg i ymse Greiner elder Ætter, som hava havt ulike Seder fraa dei fyrste Tider, og som ogso hava havt ulik Lukka til at hævda sine gamle Seder. Suma Ætter hava vordet bundne tett saman i eit rikt Land og hava sjølve skapat [seg] si Styring og Skiping i Landet etter sin eigen Hug. Andra Ætter hava dreivt seg ut yver vidsveimde Land, som vaaro litet byggjande, difyre hever det fallet deim ulett at halda saman og kjenna sin Storleike og verja seg mot framand Inntrengsla. So kunde det og henda, at ymse Hovdingar av eit annat Folkaslag fingo nokot Herredøme i Landet, so dei anten med vondo elder godo fingo ein Part av Landsens Folk til at halda med deim og skapa seg til etter deira eigen Sed. Naar no slikt er eingong paakomet, og Landsens eigne Born inkje hava Klokskap og Samhelde nog til at halda Erveseden uppe, so vil det lett koma dertil, at den framande Seden verd halden som rettast, og Landsens Sed verder vanvyrd og forvanskad.

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009