Tusundaarsfesten, [1872]

No er det ikkje vandt um Stas og Staak og dundrande Talar og klingande Visor. Allstad sjaa me det norske Flagget; allstad høyra me tala um Harald Haarfagre. Og kor høver det so altsaman i Hop? Kvat vita no Folk um Kong Harald, annat en det som dei hava leset i danska Bøker? Der er gamla Skrifter um Harald og hans Menner; men d'er vist ikkje mange som lesa deim, fyrren dei er umskrivne paa Dansk. Der er væna Visor fraa Haralds eigi Tid, men dei verda korkje sungna elder lesna; for dei vaaro ikkje digtade paa Dansk og inkje paa Tydsk elder Engelsk helder. Um Harald sjølv stod upp og saag paa alt detta Styret, so vilde han knapt vita, kvar han var komen. Han vilde kjenna Landet og Fjelli og Fjordarne; men det Folket so[m] no lætst vera ovanpaa, vilde han inkje kjenna. Han vilde sjaa fleire Byar og større Hus og snøggare Skip og meir slikt, og det vilde han tykkja var gildt; men naar han so spurde etter deim som raada og rikja yver all denne Midelen, og han so fekk høyra berre framande Namn, so vilde han tenkja: Det kann ikkje vera mitt Folk. Og naar han fekk høyra Namnet paa Hovudstaden og paa Gatorna og Husi og Verkstaderne i denne Byen so vilde han tenkja: Det kan ikkje vera mitt Land. Men naar han so fekk høyra, at alt detta Framandstellet no var kallat norsk, og at detta Folket jamlege skrøytte av sin Nordmannskap og av sine gamle Forfeder, so tenkjer eg, han vilde harmast og tykkja so, at detta Bølet hadde liten Rett til aa rekna seg i Skyldskap med hans Menner. Daa vilde det vera ein heppen Ting, um nokon bad honom sjaa ut yver Bondegardarne nord og sud igjenom Landet; daa trur eg, han vilde blidkast og segja so fallne Ord at detta Folket er vel ogso nokot umskapat, men daa inkje verr, en at eg kan draga Kjensl paa deim; dei hava lært myket nytt og myket godt, men endaa maa eg segja, at dei ero Nordmenner no som fyrr. Den Fyremunen hava dei framfyre hine.

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009