Aarstal til Livssogo mi [1853]

1813,d. 5. Augusti, fødd. Foreldre: Ivar Jonsson Aasen, og Gurid Jonsdotter Hovden, i Ørstar Sokni paa Sunnmør.
- d. 8. Aug. døypt. Gullmoder: Ragnild Mork.
1816, døydde Moder vaar. Minnest henne inkje, men heve høyrt myket godt um henne.
1820. Skulde læra lesa, men ingen Framgang. Fekk Stykmoder, som var rettelege god.
1821  ([18]22?). Laut lesa aat Presten Blichfeldt, daa han for ikring paa Husesøknad.
1822  ([18]21?). Laag i ei lang Ulega av ei Sott, som hadde fengt alle i Huset og endade med at Ragnild Syster vaar døydde, 20 Aar gomol.
1826. Døydde Fader vaar, 69 Aar gamall. Etter dan Tid var dat mangt som fekk eit annat Lag. Liti Tid te lesa og ingi Leid til nokor Moro elder nokon Framgang.
1828. Gjek[k] til Ferming (Lestr) elder Konfirmation fyre Presten Blichfeldt.
1831. Søkte eit Skule-Embætte i Ørsti og vart overhøyrd [!] av Presten og siden av Provesten. Tok til aa halda Skule um Hausten.
1833. (September.) Reiste til Provest Thoresen i Stokksund til Upplæring. Vart sidan dar verande og gav upp Skulehaldet.
1835. Fekk Huslærar-Embætte hjaa Kapt. Daae paa Solnor og reiste dartil i November. Vart dar verande i sjau Aar.
1837 og f. Leset myket og gjort mange Freistnadar paa aa skriva Greidnadar, Dikt og slikt nokot. Tok til aa studera Plantelæra.
1840. Ferdug med eit Herbarium paa 500 Nummer og gjort ei Reis med di til Provesten Deinboll paa Molde.
1841. Skreiv ei liti Formlæra fyre Sunnmørs Maalet. Gjorde ei Reis til Bergen (i Juli) og talade med Bispen Neumann, Sagen og fl.
1842. Fekk Tilstyring fraa Vitskapa-Sellskapet i Trondheim til aa gjera Røknadar i Landsmaalee i Bergens Stift. Gjorde ei Reis til Trondheim (i Juli M.). Reiste sist i September fraa Sunnmør og byrjade Maal-Røknaden i Sogn (Leirdal og Sogndal).
1843. Paahald i Ytre Sogn og Nordhordland.
1844. Paahald i Voss, Hardanger, Sunnhordland, Jædren og Sætersdalen.
1845. Nedenes, Telemarki, Ringerike (og Kristiania), Hallingdal, Valdres, Heidemarki, Gullbrandsdalen og sidan til Trondheim. Skrivet ein Greidnad um ei norsk Ordbok.
1846. Um Vaaren til Nordmør, sidan til Ørkedalen, Fosen, Helgeland, Namsen, Indrøyi og til Trondheim.
1847. Gjorde ferdug mi Formlæra (Grammatik) i Trondheim, reiste sidan (i September) yver Guldalen og Øysterdalen til Kristiania.
1848. Fekk trykt Formlæra og byrjade paa Ordboki, som varade try Aar.
1849. Byrjade Prentingi paa Ordboki.
1850. Ferdug med Ordboki (Juni M.). Reiste sidan til Heimbygdi paa Sunnmør (August); gjorde so ei Reis til Trondheim og heimatter (Oktober) og var sidan i Ro i Ørsti.
1851. Roleg til Mai M. Gjorde daa ei Reis til Lofoten og Trums, var heime ein Maanad (August) og reiste so Sjøvegen til Kristiania.
1852. Reiste ut (i Juni) til Hallingdal, Voss, Bergen, Sunnfjord og Ryfylke. So atter til Kristiania.
1853. Skrivet Prøvor av Landsmaalet. Sidan ein Sving til Telemarki og ein til Smaaleni.

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band III. Oslo, Samlaget 1960. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009