Bøker

3die Levering er no utkomi av: "Billeder til Norgeshistorien for Skolen og Hjemmet. Efter nordiske Malere. Udgivet af Asbj. Knutsen."
 
Detta er eit Bokverk, som me kunde ynskja var i kvar Manns Hus, og likaeins i kvar Skule. Det vert i Alt 35 store Bilæte, utifraa fagre, gjorde etter Maalarstykkje av dei beste Kunstnarar i baade Norig, Sverig og Danmark, og naar du hev slike Bilæte aa sjaa paa, attaat du les Soga, so er det liksom dei gamle Menn og dei gamle Tider vert livande fyr deg att, og Soga fær Kjøt og Blod. Gildaste av alt vil Boki vera fyr Born, som skallæraFedrelandssoga si. Born hev det slik, at dei er ovleg glade i Bilæte, og det dei fær sjaa soleids, det sit i deim so fast som Saum i Vegg, - dei gløymer det aldri.
 
Dei tvo "Leveringar" som fyrr er komne, hev væl mange av Lesarom vaare set, so dei veit kor godt og fagert Verket er utført. Denne 3die Levering er likso gild som dei fyrre, og gildare med, daa ho hev sumt reint nytt. Ho inneheld Bilæte av: Slaget ved Standford Brui; Olav Tryggvason kjem til Norig ; Guttorm Sindre forlikar Faer og Son; Slaget paa Stord; Sverre Sigurdson paa Vossefjelli; Kristian IV i Slaget ved Femern. – Fleire av desse er serskilt fine.
 
Utgjevaren, Hr. Asbj. Knutsen, er sjølv Lærar, som han hev røynt, kor gode slike Bilæte er fyr Born, og me trur, at mange Lærarar vil takka honom fyr Verket. Det er utført i Kaupenhamn, daa Folk der er meir drivne i slikt fint Arbeid enn her hjaa oss.
 
Verket kjem ut i 2 Utgaavur, den eine paa fint Velin med "Tekst" elder Forklaring til kvart Bilæte; den vil koma paa ialt Kr. 22,75; og denandre paa ringare Papir utan Tekst; den kjem paa 14 Kronur. Detta er billeg Pris fyr eit slikt Verk; men Tingen er, at det kjem ut med Tilhjelp af det Offentlege.
 
Det er aa faa hjaa alle Landsens Bokhandlarar.            
               
Norsk Bibelsoga.
O. J. Høyem lyser i V. G., at det alt hev meldt seg nok av Lærarar til aa umsetja den store Bibelsoga paa Norsk. Det er reint merkjelegt, at det hev gjenget so fort, og syner, kor mange Lærarar det no maa vera, som er med i denne norske Skuletanken. Me ynskjer god Lukka til Verket. Det maa plent verta ei baade gild og forvitneleg Bok (og det ikkje minst i Maalet), naar ho vert ferdug.
 
Ei gamallnorsk Bok: "Heilagra manna sögur" er nyst utkomi. Det er tvo digre Bind paa ialt 90 Ark. Professor Unger er den, som hev skipat Verket.
 
Fraa By og Bygdfyr November inneheld:
Um Arbeidets Adelskap. (Framhald). Smaastykke fraa Dalarne III (av IV.) Ute og heima.
 
"Um Arbeidets Adelskap" er eit Fyredrag av Aasmund Vinje, som ikkje fyr hev voret prentat. Me vil vita, at det kjem fleire slike nye Ting av Vinje i "Fraa By og Bygd" no utetter.
 

Frå Fedraheimen 01.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum