Kristiana, den 1ste December

Bladsjaa (Framhald). Eit "Parti" er ein Fylking elder eit Serlag, som samlar seg um visseTankar, som det vil hava fram. Desse Tankarne kallar me Fyremaalet elder "Interesserne" aat Partiet.
 
Dersom no dei Menn, som hev samlat seg um slikt eit Fyremaal, er ærlege Folk, so er det greit, at dei maa tru paa Tanken sin elder halda Tanken fyrSanning. Ingen Fylking kann liva paa Tankar, som han sjølv held fyr usanne, allvist ikkje no, daa Folk jamt er so nokot-sonær upplyste.
 
Kvar Mann, som vil vera med i slik ein Fylking, maa daa fyr sin part tenkja etter, og fyr sin Part gjera av, um han kann godkjenna og tru paa Fylkingstanken. Kann hanikkjedet, so gjeng hanikkjemed. Men finn han, at Tanken er Sanning og Rett, so slær han Lag so godt han kann. Det er ikkje so, at kvar Mann skulde samstava med Fylkingen iAlting; langt av den Leid. Der kann vera stor Usemja i mange Ting. Men umGrunntanken, Grunnsynet, det store Endemaalet, maa Alle vera samde. 
 
Vera "Partimann" er soleidsærleg Sak. Dumaavera det, um du vil vera nokon Ting. Og kann du ikkje vera med i nokon av dei Fylkingom, som er, maa du sjølv samla deg ein. Det er paa den Maaten at Folket "liver". Alle frie Samfund maa hava slike Fylkingar. Dei er liksom "Organ" elder Reidskapar fyr det, som er kallat Folkelivet. I andre Land er Fylkingarne fullt skipa og stellte, med kvar sitt Namn, med kvar sine "Program" elder Arbeidstankar, med kvar sine Førarar, og med kvar sine Blad og sine serskilde Møte, der dei fritt samraar seg um, korleids dei i kvart Tilhøve skal best stella seg fyr aa faa sine Tankar fram. Det er ærlegt Spil, det. Men her i Landet er det enno mest som skamlegt aa heita "Partimann." Ordet "Partihovding" vert brukt til Unamn paa Folk. Det skal vera det gildaste aa vera "uafhængig" dvs. standa radt fyr seg sjølve og i alting hava sine reint serskilde Meiningar. Men slikt duger ikkje, um me skal hava eit politiskLiv, daa. Folkmaavera Partimenn, og er det au. Og naar dei daa gjeng her og lætst som deiikkjevar det, so hev me Snerpeskapen.
 
Er du no i ein Fylking, paa den Maaten som her er sagt, og so der er ein Motfylking, som trur og vil nokot reint annatenn du og din Flokk vil, so vert det Strid. Og kvar Gong Motfylkingen kjem fram med ein Tanke, som han vil hava i Verk sett, so maa du og din Fylking vera reint paa Livet til aa sjaa etter, kvat den Tanken ber i seg. I sumeTing vil han væl jamt vera god. Folk er ikkje so galne elder so laake, at dei skulde vilja nokot heilt upp vondt, og um dei vilde, so vaagad dei ikkje. Men likevæl vil du og dine Folk ikkje altid kunna vera med paa Tanken. Ja, dersom det berre er ein Smaating, elder nokot, som ikkje kjem inn paa Grunntankarne, so er det ein annan Skil. Men er det ein større Tanke, som paa ein elder annan Maate ber inn paa Grunnfyremaalet, so vil du mest altid finna, at han paa Botnen hev liksom eit usannt Drag, som gjer, at du ikkje kann bruka honom, so beintfram daa. Detta er nokot, som segjer seg til sjølv. Dersom Motpartiet trur paa si Sak, og ikkje gjeng i Ørska, so korkje kann elder vil det koma med Tankar, som ber di Sak fram.
 
No er me her eit Folkeparti, som hev vaare eigne Tankar baade um Riksstell, Folkefostring og Norskdom. Me held ikkje Lag i Alting, det vilde daa helder ikkje vera væl. Men i Grunnsynet er me samde, og vert det meir og meir, di djupare me tenkjer oss inn i vaare eigne Tankar. Skulde eg i faae Ord merkja ut Fyremaalet vaart, vilde eg minna um det gamle Ordet hans Kristofer Brun, som er djupare og sannare enn Folk jamnaste hev tenkt: "Folkehøgskuletanken, Bondeventanken og Maaltanken er tri Traadar, som skal tvindast ihop, og daa skal det nok halda." Full Folkefridom, sann Folkeupplysning og heil Norskdom – dei tri Ting viser seg meir og meir som det rette Fyremaal fyr Alle, som vil vera med aa "byggja det nye Norig." Men i alle desse Ting stend Morgenbladsflokken oss beint imot. Vilde no me tru, at den Flokken kunde og vilde koma med Tankar, som var til Framhjelp avvaarSak, so maatte me anten meina, at Morgenbladsfolket ikkje trudde paa sine eigne Tankar, elder og, at dei gjekk i Ørska og ikkje visste kvat dei gjorde.
 
Det er berre detta, som Mannen i "Norge" hev meint, og me trur ikkje annat, enn han hev Rett. Og naar Hamarmannen set upp det mest aalvorsame "Samfundsstøtte"-Andlitet sitt og preikar um, at detta er "Partifanatisme" og alt slikt styggt, so er det anten rein Barndom elder og det, Vinje kallad – "Reveklokskap" (Diplomatik). Me maa eingong læra aa vera so ærlege, at me legg av denne Snerpeskapen. Me e r her tvo Fylkingar, som kvar vil Sitt, av beste Magt, og det fær me kjennast ved. Strid er ærleg Sak, og kvar lyt arbeida etter si Tru; so vinn væl til Slut den, som hev beste Retten.
 
Det vilde vera fælt, dersom det var som Hamarmannen meinar, at "Sanning" og "Partifyremaal" er tvo serskilde Ting, som ikke hev nokot med einannan aa gjera. So lengje Samfundslivet ikkje er reint rotet, vil fyr kvar Fylking "Sanning" og "Partifyremaal" ganga i Eit. Folk arbeidar ikkje fyr det, som dei sjølv held fyr Usanning! Dei er ikkje slik. Det sleng væl altid einkvar Armingen innimillom, som er med i eit Strævutan aa tru paa det. Men slike Folk er verst mot seg sjølve, og er i alle heile Samnøyte berre Undantak, som Ein ikkje kan rekna etter.
 

Frå Fedraheimen 01.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum