Den nye Rikstanken.

Eit Rike i nyare Meining er eit Folkesamlag elder Folkesamnøyte, der kvar Ein er so fri, at han sjølv fær raa' fyre sitt Liv og sitt Yrkje, men likevæl so sambunden med dei Hine, at hans Liv og Yrkje altid kann vera til Gagn fyr dei med. Eit Rike er liksom eit stort Ledverk elder  ein Ledvokster: kvar Led hev sitt serskilde Yrkje fyr seg, men arbeider likevæl ihop med heile Vokstren. Ingen maa draga seg ut av detta Samyrkjet. Er det ein Led, som vil vera radt fyr seg sjølv og ikkje semja seg med hin Bulen, so er Leden sjuk. Og daa maa Riksens Dokterar, Politiet elder Lendmannen og slike Karar, ut med sine Greidur og sjaa aa faa Leden heil att, elder so taka honom ut or Rikskroppen, d. e. setja honom paa Fangehuset.
 
Det er daa desse tvo Ting som gjerer eit Rike: Fridomen og Samheldet; Fridomen fyr kvar Ein til aa raa seg sjølv, so lengje han fer med Vit og let Andre hava sin Rett jamsides med seg, - og Samheldet: at alle desse Einingarne likevæl høyrer ihop og arbeider i Lag, til sams Bate og sams Framgang.
 
Detta er den Rikstanken, som no er uppe. Her er heile Folket Grunnvolen og Fyremaalet. Det, som det gjeld um i Riket er, at Alle fær sin Rett, og at Alle gjer si Skylda. Ingen er til berre fyr Andre Skuld, ingen er helder til berre fyr si eigi Skuld. Ingen skal vera Træl og daa i Grunnen helder ingen "Herre;" den, som er "Herren" i Riket, er ingen annan enn sjølve det Folket, som her liver og strævar i eit stort Lag, kvar Ein baade fyr seg sjølv og fyr dei Hine.
 
Det, som skal skipa og festa baade Fridomen og Samheldet, er Riksens Logverk. Logverket set fast kvar Manns Rett; men daa alle Menn skal hava sin Rett, som Ingen maa gjera Inngrip i, so maa Logverket og setja fast kvar Manns Skylda. Naar det no er berre sjølve Folket, som er "Herre" i Riket, so er det og Folket, som maa gjeva seg Logjer.
 
Men at Alting kann ganga fram etter dei Logjer, som Folket gjev seg, so maa Folket halda seg Rikstenarar, som kann hava Tilsyn med detta store Gongverket. Dei skal passa paa, at Folkets Vilje vert fylgd av Alle og i alle Maatar. Dei skal setja Riksens Logjer i Verk, sjaa etter, at alt, som skal gjerast, vert rett gjort etter Folkets Vilje, og skjera av alle sjuke og meinslege Ledar paa Rikskroppen, so han kann haldast med Helsa. Desse Rikstenarar kallar Ein Embættesmenn, og løner dei etter som dei hev myket elder litet aa gjera. Det er greidt, at di betre og klokare Folk desse Riksens Tenarar er, og di meir dei kjenner seg Eit med Folket, so dei gjer Tenesta si med Hugnad og Gleda, di betre er det, og di helsugare og sterkare er Riket.
 
Naar eit Rike er stellt heilt upp etter denne nye Rikstanken, so er det "fritt."
 
Mange Folk, som etter Logi hev fri Riksskipnad, er likevæl langt fraa aa vera frie i Røyndomen. Den gamle Rikstanken med sin Ufridom livnar uppatt best som det er. Skuldi kann vera hjaa heile Folket, elder ho kann vera hjaa Riksens Tenarstand. Det vert daa Strid og Usemja; Folket vantrivst. Sjaa som i Frankrike og Danmark. Her i Norig hev me nokot av det Same, um det enn ikkje er komet so langt her enno som i dei nemnde Landi.
 
Naar Riksens Tenarstand skil seg ut i fraa Folket og vil vera nokot fyr seg sjølv i mot det,  daa er det den gamle Rikstanken, som er ute og spøkjer med sin Magt-Rett og si Læra um "Herrar" og "Trælar". Og daa er Riket sjukt. Men sumetider kann det vera godt og naudsynlegt, at Tenarstandat paa den Maaten gjer seg til Herre og let Folket vera Tenar. Det er naar "Folket" ikkje i Sanning er eit Folk, elder hev nokon Aalmannvilje, men er berre ein raa Hop av Einstødingar utan Upplysning og utan Hug fyr Riksens Liv og Stell; for daa kann det ikkje vera fritt. Og um det enn hev Fridom etter Logi, so maa den Fridomen berre verta eit Namn. Ein uopplyst og tankelaus Muge kann ikkje styra seg sjølv. Fridomen er berre fyr dei Vaksne. I slike Tilstand maa Riksens Tenarar gjera seg til Herrar, og den gamle Rikstanken maa uppatt, so lengje til Folket vitrast. For hellest kunde det øydeleggja seg. Det er betre at Ein, elder nokre Faae, styrer, som hev Vitet til det, enn at Magti kjem i Henderne paa ein tankelaus Hop, der kvar berre tenkjer paa seg sjølv og Ingen paa det Heile.
 
Men Ufridom er no Ufridom like væl, og Mannen er skapt til Fridom. Det ligg i Naturen vaar detta: frie maa me vera, skal me vera Folk. Difyr arbeider Fridomstanken seg meir og meir fram fyr kvar Tid, trass i alt, som ligg i Vegen. Alle Folk, som er nokot-sonær framkomne, ligg i æveleg Strid fyr aa faa den nye Rikstanken fullt inn i Livet.
 
Det er denne same Striden, me og ligg i. Me hev, som so mange andre, Fridomen paa Papiret. Men me hev enno langt att, fyrr han kjem heilt inn i Rikslivet vaart. Den gamle Rikstanken liver enno sitt seige Liv uppe paa "Høgdom," og paa den andre Sida – det er det verste – er det langt ifraa, at Stormengdi av Folket vaart enno er eit sannt Folk, d. e. hev ein Riksvilje, elder Aalmannvilje, som skulde kunna styra Landet.
 
Det er baade seint og tungvinnt Arbeid, me her hev. Men Fridomen vart aldri vunnet i eit Snarvende. Det er med Fridomen som med Lærdomen: du fær han aldri fyr Godtkjøp.
 
Men so er det Lukka, at Ein hev Gagn av sjølve Striden, likso mykje som av Sigren, Var Vegen enn aldri so lang, han var endaa ikkje gagnlaust gjengen. Lat oss difyr ikkje trøytna, um det enn tidt ser ut som um me med alt vaart Stræv ikkje kom av Flekken.
 
Dei, som arbeider her, hev og ein annan Ting aa minnast. Det er slett ikkje vist, at "Folket," naar det vaknar upp og fær ein "Vilje," plent kjem til aa vilja det same som du og eg og me andre som er med i Strævet. Det kann godt henda, at "Folket" kjem til aa vilja mangt, som me no ikkje vil. Men – det er helder ikkje detta, som det spyrst um. Det er ikkje det, det gjeld, aa faa alle Folk til aa meina og tenkja som du og eg; men det gjeld um aa faa Folk til aa meina og tenkja sjølv; vinn me so langt, so er Alt vunnet. At "Folket vaknar" er difyr altid eit Framstig.
               
Sidan fær me tru, at i eit tenkjande Folk vinn altid det Sanne og Rette fram med Tidi. Er daa vaare Meiningar rette og sanne, so vinn dei au fram. Men er dei ikkje det, so var det gudlaust aa ynskja dei Framgang.
 
Famtidi er det Ingen av oss, som raar fyre. Men Samtidi kjenner me. Og den - krev Arbeid.
 

Frå Fedraheimen 05.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum