Folkehøgskulen.

Folkehøgskulen. Fleire Menn nordanfjells byd inn Folk til aa vera med i eit Folkehøgskulesamlag, som hev til Maal aa hjelpa einkvar Ungdomen, som hev sers god Lærehug, inn paa Folkehøgskulen, senda Menn ikring til aa halda Fyredrag um denne Skulen o. m. – Paa Sagatun held dei eit Folkemøte fraa 15de til 24de Januar, der det vert haldet Fyredrag um Norigs-, Kyrkjeog Heimssoga o. m. og um sumt av Bokavlen vaar, serleg um "Samfundets Støtter" og "Magnhild"; Samtalar skal haldast um Skulen og Kyrkja og deira Stand no fyr Tidi, um Tvang og Fridom, um den "klassiske Daningi" o. m. Dei, som møter, kann og setja fram Samtale-emne. – Slike Folkemøte driv dei mykje paa med i Danmark og likar dei godt, so det er væl, at det vert prøvt med dei her uppe og.
 
Dei Folkehøgskularne, som no er i Gang her i Landet, er: Vonheim i Gausdal (ved Vetlehamar); Lærarar: Ingvar Bøhn, Friz Hansen; Fyredrag av Kristofer Bruun og Kristofer Janson; Sagatun (ved Hamar); Lærarar: O. Arvesen, Storeng, Kr. Olsen; Vigmarken (i Landvik ved Grimstad); Lærarar: V. Ullmann og G. Lorenzen; Opdal (ved Throndheim – etter Jol); Lærar: Daniel Sæther; Frosten (ved Throndheim); Lærarar: L. M. Bentsen (Storthingsmann), Kuløy, Mathias Skard og Dyrlækjar Skard; Beitstaden (um Throndheim); Lærarar: K. K. Foosnæs, N. Brænne; Ullensvang (i Hardanger); Lærarar: Joh.s Helleland, A. M. St. Arctander, Nils Skaar; Skjeberg (i Smaalenene – skal snart taka til); Lærar: N. G. Sørensen.
 

Frå Fedraheimen 05.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum