Fraa Hardanger. (Or eit Brev).

 – Her som paa dei flestalle Stader er Jordbruket den fremste Næringsvegen, og daa no Aaret, som De veit, vart klent, helst Aakeren, so kunde det ikkje vera so bra fyr oss. Men so er det Lukka, at me hev sumt Annat attaat, som hjelper til. "Hardingen er utum seg, han." Det er no helst Handelen daa. Og av Handelskararne vaare er det Sildesaltararne og Fehandlararne, som gjer den største Flokken, og dei kjem tidt heim fraa sine Ferder med mang ein blank Dalar i Luma. Men – du veit det er ikkje altid so fritt fyre, at Ein kjenner liksom ein Tev av Sildegjyrma og Kjyrehalen i desse Folks Tale og Aatferd hellest og. Med Sildesaltararne er det og den Leida, at naar dei hev voret uppi Nordland ei Tid og so kjem heim atter, so vert dei liksom so "drusne Karar," i Klæde og i Maal og i alt slikt, som snarvinnt kan brøytast, at det er just so vidt at dei sidan skamlaust kann vera i Lag med okkon "Heimsfødinganne," som berre brukar "Haringvadmaal" og "Hardingmaal." Me er ikkje komne lenger enno! -
 
Det aandelege Livet ligg daa sjølvsagt ikkje høgt. Det gjeng so svevnugt og traadt, og her er so liten Sans fyr Tankar.Pengarneer kjæraste Eignaluten her i Livet, den gjev det største Ordet og den største Æra, - og so fær Livet ikkje Rom fyr annat enn Pengestrævet. Pengarne er romfræke, dei. – Me hev ein Folkehøgskule her i Ullensvang. Han hev arbeidt no i fleire Aar og jamt havt gode Lærarar. Men Søknaden hev i det heile voret liten, og det er endaa berre ein liten Flokk, som hev fylkat seg um Folkehøgskuletanken. Eg trur nok, at Ungdomen kunde hava Sans fyr Upplysning. Men Ulukka er, at Folk fraa Barndomen av fær slik ein vrang Tanke av alt, som heiter Skule. Paa Aalmugeskulen fekk dei vita, kvat "Skule" var. Det var – ofta daa – nokot, som var dei til Plaga, og som dei no er sæle dei er væl frie; dei hygde seg best den Dagen, daa dei fekk segja Skulen Farvæl fyr godt og slengja heile den Greida paa "femte Vegg." So er det ikkje Under, at dei helst held seg heime.
 
Og skal dei avstad, so er det væl mest av di dei tykjest turva nokot meir enn dei hev av dei "nyttige Kundskaber," Lesning, Skriving og Rekning. Dei veit ikkje av det, at dei paa ein "Skule" skulde kunna faa "Svar paa dei tusund Spursmaal," og dermed er det daa reint eit Raam, um dei kjem paa Folkehøgskulen elder paa Amtsskulen. - I dei sidste Aari var det daa likevæl som Folk fekk liten Grand meir Auga paa Folkehøgskulen, at den kannhenda var nokot meir enn det dei hellest tenkte seg med ein Skule. Og eg trur, at Folkehøgskulen litt etter kvart hadde vunnet Lasset yver Leitet. Men – so kom Amtsskulen. Mindre Penge-Utgift, Statens Stempel som Aabyrgsla fyr den rette Trui – det beit. Det er daa sjølvsagt, at dei fleste no reiser dit.
 
Ja, dei gjorde eit godt Grip den Gongen, dei, som vilde drepa Folkehøgskulen. Men dei, som ikkje var meinte paa det, - dei gjekk fint i Fella. Men dei skal ikkje vera altfor trygge, dei gode "Gamle." Vaknar me, so me fær sjaa den Rævelabben, so vert det so mykje mindre Tillit, dei fær, og Straumen vert so mykje verre aa stogga.
 
Og eg vil sluta med ei Von um, at – "Me skal koma, um ikkje so braadt!"
 
T-e.
 

Frå Fedraheimen 05.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum