I. E. Rydqvist.

Den svenske Maalkjennaren, Johan Erik Rydqvist, som no nyst er daaen (17de December), var vistnog litet kjend her i Landet; men me hava daa god Grunn til aa minnast honom med Vyrdnad; for han heve gjort eit Verk, som vil standa lenge uppe, og som ikkje berre var til Gagn fyre hans Landsmenner, men ogso fyre oss og fyre alle deim, som søkja paaliteleg Kunnskap um Grunnbygnaden i dei norderlendske Maalformer.
 
Rydqvist var fødd i Gøteborg i Aaret 1800 og var soleides jamgamall med vaart Aarhundrad. Han studerade fyrst Logkunnskap; men han hadde større Hug til ymse andre Lærdoms-Emne, og sidstpaa kom han daa meir og meir inn paa det, som han kallade "den historiska språkforskningen." I Aaret 1850 gav han ut det fyrste Heftet av eit Verk, som heiter "Svenska Språkets Lagar", det vil segja: dei Loger og Reglar, som det svenske Maalet heve gjevet seg sjølv og rettat seg etter fraa dei fyrste Tider, daa det viser seg i Skrift. At detta Heftet hadde voret lenge fyrebuet og tilreidt, syner seg godt paa den klaare, grunnstøde Utgreidingi; og nokot slikt syner seg ogso i dei etterfylgjande Heftom, som komo nokot seint og langdrøgt, so at det oftaste gjekk ei tvau-try Aar, fyrr eit nytt Hefte kom ut. Det heile Verket er komet til fem Bind; dei tvau fyrste gjeva Greida paa Bøygningsformerne (Flexionen) i eldre og nyare Skrifter; det tridje Bindet er mest berre eit Register yver dei serskilde Ord, som vaaro umtalade i dei fyregangande Bind; det fjorde handlar um Ljodlæra, og det femte um Ordlagningi (Avleiding og Samansetning). Denne Deilen, som kom ut i 1874, er ventelege den sidste; um Utgivaren hadde skrivet nokot um Setningslæra (elder Syntaxen), hava me ikkje fenget nokor Greida paa.
 
Detta Verket gav ein uventande Rikdom av gode upplysningar um alle Greiner av det svenske Bokmaalet, og dermed tenar det ogso til Upplysning um dei næmaste Skyldmaali. Det er utført nokot nær paa den same vitenskaplege Maaten som Jakob Grimm's vidkunnige "Deutsche Grammatik." Ved alle dei Ord, som hava nokot merkjelegt Eigenlag i Skapnad elder Bøygning, er deira eldste Former framsette etter dei gamle Skrifter med Tilviisning til Bok elder Kapittel og Blad elder Bladsida, der Ordet var funnet, so at andre kunna finna det lika so godt som Uppteiknaren sjølv. Dertil kjem daa ogso ei Umsyn yver den Form, som Ordi hava fenget i den nyare svenske Skrift, og yver den Stemna, som Maalskapnaden heve teket i dei seinare Tider. Elles er baade den gamle og den nye Formi jamnan samanliknad med dei nærskylde Bokmaal, helst med det gamle norske (elder islandske, som det her er kallat), og stundom ogso med det norske Aalmugemaalet, naar detta kunde tena til nokor Upplysning, som til Exempel i Ljodlæra og Tonelag. Og det heile er utført med gløgg Umsyn og grannleg Utgreiding og med slik tydeleg og tekkjeleg Framsetning, at um det endaa stundom verd nokot langt, so verd det daa ingenstad for langt elder leidsamt.
 
I det Heftet, som kom ut i 1870, var der ei lang Avdeild um Rettskrivningi, og myket av denne Avdeildi var eit Innlegg imot dei Avgjerder, som vaaro vedtekne paa det sokallade "nordiske" Rettskrivningsmøte i Stockholm i 1869. Som ein kunde venta av ein Mann, som hadde so stor Vyrdnad fyre det gamle Bruket, og som dertil hadde so god Greida paa Skrivemaaten i alle vedkomande eldre og nyare Maal, hadde han funnet seg myket fraastøytt ved denne sjølvtykkjelege Samanstøypning av tvau serskilde Maal (Svensk og Dansk), som kvart fyre seg hadde ein rik og fager Skatt av Skrifter fraa so mange gode Meisterar, som aldri hadde kjent seg brydde av nokon Vanskipnad i Skrivemaaten, og som helder ikkje hadde drøymt um, at ein skulde retta elder rengja paa Skrifti deira, fyre kvar Gong ein skulde visa Prøvor av deim i ei Lesebok fyre Skulen. Det maatte difyre synast honom som ei "sammansvärjing", at eit litet Lag av sjølvkallade Skulemeisterar skulde setja seg til aa giva nye Loger fyre Maalteikningi og umskapa det eine Maalet etter det andre, so snart som det ikkje høvde saman. Difyre vilde han daa ogso nøyta Tilfellet til aa verja og forsvara det gamle Bruket; og det heve han gjort som ein dugande Mann. Som ventande var, hava dei sokallade "Nystavararne" reist seg upp imot detta Forsvaret hans; og det er nog ikkje fritt fyre, at der alt no heve voret kastat Skugge paa hans Minne fraa denne Sida. Andre Folk derimot, som ikkje era so forhugade paa Umsnuing og Nyskapnad, vilja vistnog lesa detta Innlegget med den største Hugnad.
 
Og av Folk, som veit aa vyrda eit vælgjort Arbeid, vil Boki um "Svenska Språkets Lagar" vera raadspurd med Godtru og Vyrdnad, som ei rik og klaar Kjelda til Kunnskap um ei Sak, som høyrer til eit heilt Folk og ikkje berre til ein Skule elder eit litet Herremanns-Lag. Det er ein stor Hugnad ein Gong imillom aa høyra paa ei sanntenkt og truverdug Framsetning av ei slik Folkesak, i Staden fyre alle dei sjølvtykkjelige Tilskapningar, som ein so ofta elles fær sjaa og høyra.
 

Frå Fedraheimen 05.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum