Kristiania, den 4de Januar 1878.

Godt nytt Aar! -
 
Væl er det tronge Tider, so dei ikkje paa lengje hev voret slik. Med Aarvegen vart det smaatt; Pengar er her litet av bland Folk; Ufreden ned i Turkland held paa, og Sume ræddastfyre, at det kann verta Ufred andre Stader au; - det kann daa, dessverre, vera ymist Von til, at Aaret ikkje vert alt so "godt" fyr Mange, som ynskjande kunde vera.
 
Likevæl segjer me "godt nytt Aar." Eit hardt og knapt Aar kann vera godt fyr einkvart det med. Og dersom me brukar Vit, lagar Munnen etter Skreppa, og ikkje gjev oss yver, men strævar kvar so godt han kann, so hev det visst ikkje stor Naud. Landet er ikkje lenger so armt, at det kann leggjast øyde av slik ei Urid (Krise), sannt som Folk brukar væl ut den Magti dei hev. Og naar det so lid paa ei Stund, so kjem dei gode Tiderne att.
 
Myket Vondt kann me og sleppa, um Folk vil fara vitugt fram imot kvarandre og vera kvarandre til Hjelp, naar dei kann. Slike tronge Tider kann røyna ut baade Mannavitet og Kristenkjærleiken i eit Folk. Og det kann ein væl tryggt segja, at der som det er mest av desse Ting, der vil og Landet greida seg best. Men er Folk harde og vonde, so dei berre grev kvar til seg og litet bry seg um, at andre lider vondt og kjem i Ulukka, daa vert slike Tider til ei sann Landsstraff, som Alle lider dubbelt vondt under.
 
Lat oss minnast detta! Og lat det vera det, me tenkjer og meiner paa, naar me i desse Dagar ynskjer kvarandre eit godt nytt Aar!
 

Frå Fedraheimen 05.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum