Lysingar.

"Fedraheimen"
kjem ut fraa Nyaaret 1878 under same Styret som fyrr, og med den same Grunntanken. Det legg seg i det Heile etter aa vera eit godt Folkeblad paa norskt Maal.
 
Um Tingartalet vil auka nokot skikkeleg, er det Meiningi, at Bladet skal veksa. Og daa vil me bl. A. sjaa til aa faa ein fast Skule-Artikkel i Bladet, so Lærarstanddet kunde faa Høve til aa samla seg meir mannsterke um "Fedraheimen."
 
Prisen vert fraa Nyaar av: Kr. 1,10 (ikkje Kr. 1,20) fyr Fjordungaaret, med Postpengar og alt. Bladet fær daa sin eigen Ekspeditør, so me vonar, at Tingararne skal faa Bladet nokot vissare enn som fyrr, daa Posten ekspederad det. Det nyttar aldri aa tinga Bladet, utan ein sender Pengar med same.
 
Dei som var Tingarar ifjor, og vil vera det i Aar au, maa strakst senda Pengarne fyr 1ste Kvartal elder Halvaar 1878. Ubetalte Blad vert ikkje sendt.
 
Fraa By og Bygd, Maanadskrift aat Vestmannalaget, kjem ut i Bergen med eit Nummer paa 16 Sidor Oktav kvar Maanad. Det kostar 2 Krunor Aargangen, fritt send med Posten, og kann tingast paa alle Posthus i Landet og i Bergen hjaa Kasseraren i Vestmannalaget, Olav Paulson.
 
Innhald 1877: Til Lesararne. Fraa Telemork. Smaastykke fra Dalarne I, II. Nebraska (Fortelnad etter Gerstäcker). Smaanøgdi og Stortorvi. Ho Hamars Brynhild. Framgang i Landet. Kunsten at skriva. Til Maalmennerne. Ute paa ville Havet. Rafteseten. Jonsok-Kvelden. Fodernaudi. Ein Brotsmann etter tapad Æra Kor ligg Leidi? Eit Tilsvar. Olav, Son min. Ymist Um Arbeidets Adelskap. Svar til Hr. L. Holst. Margit Slyngstad. Smaastykke fraa Dalarne. III. Ute og heima.
 

Frå Fedraheimen 05.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum