Me må fram.

Eit ferda-minne.
 
"Her stend me på ei øyde heid,
skodda driv kald ikring.
Me veit 'kje korkje veg hell leid
hell nokon verdsens ting.
Men liggja her og frjosa burt,
det var no meir enn skam,
og difyr, veit me enn 'kje stort,
me veit, at me må fram.
 
Me veit at slik, me stend i dag,
so hev me det 'kje godt.
Her vantar mest av alle slag,
og her er kaldt og rått.
D'er vitlaust slå seg her til ro
ikring sin sidste dram . . .
væl klember både byrd og sko,
men, kjære, me må fram!
 
Det vert visst hardfør ferdabolk,
leidi er lang og stygg.
Men at me eingong kjem til folk, -
jau du kann vera trygg!
Frå høg-heid ber det ned i lid,
der leikar bukk og lamb,
so hev me bygdi, ljos og frid ...
ja, godtfolk! me fram.
 
Men vegen? – å, me finn nok veg.
Me veit, kor me hev nord.
Og hug og lengt tilslut oss dreg
nok innpå stig og spor.
Gakk "ettervitet" fram i lag;
det bergar langt, so skam! –
so finn me væl eit dala-drag,
når berre me held fram.
 
- Det gjeng 'kje an fyr vaksne menn
å gje' seg yver her.
Dernede ligg den fagre grend
med bø i bø, og lær!
Der nede ligger Mannheims land
med ljos og dryst og dramb . . .
upp Gutar! upp, kvar gongfør mann!
Me veit, at me må fram!" -
 
19.
 

Frå Fedraheimen 05.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum