No. 70,000.

[Av Fr. Køck]
 
[Del 1 av 9]
 
I.
 
"Til Brudlaups vert lyst:
 
Fyr Ferdinand Thorbeck, Son aat dei burtdøydde Egtefolk Mathias og Salome Walther i Niedernhof, og Maria Kugler, Dotter aat Egtefolki Sebastian Kugler og Anna Petronella Schaufler herifraa."
 
Detta vart tillyst fraa Kyrkjestolen i Landsbyen Buchenheim Sundagen fyre Kvitsunhelgi, daa Preika var slut.
 
Det kann ofta vera baade morosamt og lærerikt aa sjaa paa Kyrkjeaalmugen, helst paa Kvendfolki, naar slike Brudlaupslysingar vert upplesne. Væl er det jamnaste so, at Folk veit um det fyrr, og daa ser du ikkje stort paa dei. I det Høgste kann du sjaa, at Einkvar her og der liksom fryner litegrand, elder dreg paa seg, som han vilde segja: "Aa ja, det veit me no, det!" - Men det hender andre Gonger, at slik ei Lysing gjer meir av seg. Der er ei Gjenta, som vert stupende raud, der er ei, som bleiknar radt burt; der ser du eit gamalt Kone-Andlet, som dreg seg ut og vert langt som tvo, der ein Skalle, som fallar og ringar seg som Baarur paa ein Dam; og rundt allestader ser du, kor det rykkjer og dreg i Armar og Olbogar, medan ei halvhøg Kviskring gjeng gjenom alle Benkerader som ein Vindgufs gjenom ei lauvrik Lid.
 
Idag saag Ein inkje nokot av alt detta. Det vart stilt i Kyrkja, so du kunde høyra, um ei Naal datt, og det var som alle Aasyn stivnad av Undring. Men daa Tenesta var slut, og Folket fekk den frie Vaarhimmelen uppyver seg istadenfyr Kyrkjeloftet, - daa braut det laust, og Drøsurne gjekk som ein lang, fossande Elvstraum.
 
"Nei enn segje meg so!" ropte ei Gjenta, som alt var nokot frami Aari, "det vart fraa-seg-gjort i ein Fart det! Jomfru Marie hev nok ikkje gjort seg so kostbar lel ho! Ja, du veit det er sakte nokot annat aa faa seg slik ein Bikse til Mann, framfyr aa gifta seg med ein stakkars Handskemakarsvein!" –
 
"Nei, detta hadd' eg 'kje trutt um Maria!" tok ei onnor frami, "nei-men um eg hadde! Kven skulde tenkja, at ho kunde lata Johan laupa slik ifraa seg, han som ho daa hev voret kjend med alt paa andre Aaret, og so hengja seg uppetter denne Framandkaren, som Ingen veit korkje kven han er elder kor han er ifraa!  
 
"Hadde 'kje Presten havt sagt det fraa Stolen, so sannt, um eg hadde trutt det enno!" meinte den Tredie, "og jamen er det styggt av Maria aa halda Johan fyr Narr slik, for det er ein bra Gut."
 
"Aa, lat de henne vera i Fred, de," ropte ei frisk, staut Gjenta, som hadde høyrt seg leid paa alt detta Drøset; "eg veit visst, det er 'kje hennar Skuld. Dertil held ho for mykje av Johan. Nei, det er dei tvo Gamle, som hev lagat detta ihop; det var den rike Maagen, dei saag paa, maatru. Henne hev dei daa trugat og trugglat, med Graat og Grining, og Bøn og Banning, til dess ho Stakkaren ikkje hev visst korkje att elder fram, og latet dei gjera som dei vilde. – D'er reint ein Jammer!" slutat ho, og det var som dei svarte Augo hennar sprutad Eld.
 
"Eg skulde daa set litegrand paa den Thorbecken fyrst," var det et av dei andre, som meinte. "Kven er som veit, um dei Gamle ikkje reknar galet med den rike Maagen, og um ikkje ho tilslut var likso godt fari med Johan, som væl ikkje er rik, men daa strævsam og snild? – Um den Rikdomen til Thorbeck høyrer Ein no so ymist Snakk."
 
"Naa, kor som er, so er Gartenau-Garden ein gildare Bustad enn den myrke Bakstova, dei bur i heime," vart det svarat. "Og Maria vil væl lika betre aa sitja Storfrua der, enn vera heime og sauma Handskar og høyra paa, at dei Gamle kjeftast fraa Morgon til Kveld. – Ein kunde verta reint livleid av slikt".
 
- Ikkje stort mindre livande gjekk Røda i Koneflokken. Dei var ikkje paa lang Leid ferduge, daa dei kom heim aat Husdørerne, men stod i Flokkevis og rødde og rødde, so lengje til dei kjende det luktad brennt or Kjøken, daa laut dei kvar til seg aa sjaa til Maten, kor surt det enn var aa sluta so gildt eit Drøs.
 
Til Buchenheims-Kyrkja høyrde, umframt sjølve Buchenheim, ymse andre Landsbyar og Gardar, som laag skjønt langt ifraa kvarandre. Dermed var den Skikken uppkomen, som hellest ikkje var nokot god, at dei Menn, som hadde langt heim, sankad seg ihop i Vertshuset og tok seg ei Hjartestyrkjing der, bil Kvendfolket gjekk heim fyre og stelte til Maten. Til Neumann, Verten i "Den gylte Plogen" var det hellest mest Buchenheimsfolk, som søgte; men idag gjekk det og mange andre inn med der, og endaa fyrr Drykkjerne var innborne, gjekk Røda um Thorbeck og hans Giftarmaal i fulle Straumar.
 
"No kann eg skyna," ropte den krylryggjutte Skreddaren Groote, som var Grannen aat Handskemakaren Kugler, "kor det hev seg, at Thorbeck hev voret so tidgjengd hjaa Kugler i den sidste Tidi. Hm! – eg kann beintfram ha' vondt av den stakkars Gjenta, at ho slik hev maatt latet seg burthandla; - for av Elsk gjer ho det ikkje; daa hadde ho voret meir gladvær og ikkje so tidt havt utgretne Augo. Ikkje kann eg segja nokot paa det helder, at ho likte betre Johan enn Thorbeck, endaa han ikkje eig annat enn sine strævsame Hender og sit ærlege Hjarta."
 
"Der hev du mi Sann Rett, Groote," sagde ein Annan. "Ikkje likar eg den Thorbecken; han ser meg heiltupp ugodsleg ut. Og det er no mitt Ord: at den, som ikkje fritt og beint kann sjaa meg i Augom, honom trur eg ikkje lenger enn eg ser honom."
 
"Litet ser Ein til den Mannen au," sa den Tredie. "Eg vilde no berre vita, kvi han slik gjøymer seg av der burt paa Gartenau, liksom ikkje ein ærleg Mann maatte vita, kvat han fer med der uppe! – M i Dotter skulde han aldri fenget, um han so var tie Gonger so rik som han segjest vera."
 
"Ja ja," meinte Groote, "den som aldri syner seg bland Folk, med honom maa det vera eitkvart, som ikkje er som det skulde. Elder kannhenda Hr. Thorbeck trur, at han ikkje kann finna nokon Jamlikaren sin her? Daa skulde eg meina, at det er Folk nok her, som tore væl mæla seg med slik ein Lauparfant som han er."
 
"Aa, enn alt, de tøver ihop!" sagde no Verten, Hr. Neumann, med ein Spesmil. "Tarv han daa plent vera ein ugodsleg Kar og ein Lauparfant, som Ingen maa tru, avdi han ikkje hev ein Dusing Syskindborn bland Dykk! elder Faer hans aldri hev spilat Kilar med Dykk? elder Moer hans drukket Kaffi med Dykkar Konur? elder avdi han held seg roleg paa Garden sin og ser til den, og arbeider den upp? – Kven er det av Dykk, som kjenner Mannen meir enn berre av Syni? Og kvi skulde han slengja ikring paa Gata, naar han ikkje hev nokot der aa gjera? – Naar han hev Forretningar, so tenkjer eg nok han kjem."
 
- "Ja til deg, kanskje, Neumann!" sagde Groote. "Han er væl ein flus Kar au her, med di du legg deg so ut fyr honom."
 
"Visst legg 'kje eg meg ut," svarad Neumann roleg; "eg kann berre ikkje lika, at de er so snare til aa snakka Æra av ein Mann, som de ikkje kjenner. D'er væl faae som kjenner Mannen so godt som eg; men eg kann ikkje finna, at han er ugodsleg. Etter alt det eg hev talat med honom, so held eg honom fyr ein dugleg og danad Mann, som berre hev den Serskapen, at han ikkje bry seg um aa tala mykje. Helder ikkje er han nokon framifraa god Gjest her i Vertshuset. Han drikk mest aldri meir enn sin halve Pæl, og Mat hev han enno aldri kaupt av meg. Men sjaa paa det, som han i denne stutte Tidi hev gjort ut av Gartenau, og høyr paa, kor alle Tenarne hans rosar honom og ikkje vil ynskja seg gildare Stad, - so meiner eg de slepper Hugen til aa sitja soleids aa røda um Mannen."
 
"Naa, eg vil berre ynskja, at Maria, Stakkar, au maatte faa ein gild Stad der," sagde Groote med eit Drag paa Aksli, og tok etter Hatten sin.
 
Stova var mest tom, daa Middagsklokka minnde um, at Maten var ferdug heime. Berre den gamle Glasmeistaren, ein mykje vyrd Mann i Landsbyen, vart endaa sitjande, daa han ikkje var ferdug med Halvpælen sin. Fyrr hadde han berre tagt og høyrt paa.
 
"Herr Neumann," sa han no til Verten, "eg hev inkje imot det du her sagde til Forsvar fyr Thorbeck. Men likevæl segjer eg det, at um eg hadde ei Dotter aa gifta burt, og eg var den armaste Mannen i heile Landsbyen: Thorbeck vart endaa ikkje min Maag."
 
"Men kvi 'kje det daa, Glasmeistar?"
 
"Jau det skal eg segja deg: fyrdi Mannen enno ikkje, so lengje han hev butt her, hev voret i Kyrkja. – Ja, eg veit fulla, at Ein kann vera ein laak Kar, um han gjeng aldri so trutt i Kyrkja, ja at han vert det, um han ikkje er det, naar han ikkje tek Ordet til Hjarta og liver etter det. Men det veit eg au, og hev lagt Merke til det meir enn hundrad Gonger, at Ein, som slett ikkje kjem i Kyrkja og soleids ikkje bryd seg um Gud og hans Ord, han er paa Botnen av sitt Hjarta eit duglaust Ting, um han enn kann sjaa nokso fin og bra ut i Folkeaugo. Fyrr elder seinare kjem Laakskapen i honom altid upp, og det ikkje sjeldan paa ein Maate, som Ingen kunde tenkja. Ikkje paa nokot Vondt, Hr Neumann, men det er no mi Meining, og den held eg paa."
 
(Meir).
 

Frå Fedraheimen 05.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum