Til Brevskrivarar o. A.

(Svar paa Spursmaal).
 
Pass paa, kvar Gong det hender nokot i Bygdi elder i Byen; skriv daa strakst, og fortel det som er hendt, stutt og greidt. – Det er det fyrste Kravet til ein god Brevskrivar.
 
Nokot av det, som Folk bry seg mindst um i eit Blad, er Vers. Vil du vera viss paa, at det du skriv, vert leset, so skriv Prosa.
 
Kann du ikkje Landsmaal, so skriv reint Bygdemaal, og det so nær etter Talen som du kann, baade i Ord og Vendingar. Me rettar det væl oftaste til Landsmaal, for me veit, at Folk er brydde av alle dei ulike Skrivemaatarne. Men me tek likevæl med alt det av Bygdemaalet, som me tykkjer er brukande.
 
Segner, Eventyr, Visur, Stev, Ordspraak, Lokkar, Leikar, Bygdeskikkar. Ovtru og alt slikt skal du liggja etter av all Magt og sanka og skriva upp so godt som du kann, og altid i Bygdemaal. Send det so til "Fedraheimen". Kann me ikkje bruka det i Bladet, so sender me det til lærde Menn, som tidt ser Mun i det, um det fyrr oss andre kann sjaa aldri so skralt ut.
 
Bladstyret.
 

Frå Fedraheimen 05.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum