Utlandet.

Danmark. Den landlyste Slesvigeren Hjort-Lorenzen, som fyrr hev gjevet ut dei nordslesvigske Bladi "Danevirke" og "Freia" hev no teket paa seg aa styra Bladi "Nationaltidende" og "Dagstelegrafen" i Kjøbenhavn. – Politikeren Lars Bjørnbak døydde Natti til Onsdags av Ryggverk og Lungesott, 54 Aar gamall.
 
England. Porten hev fenget det engelske Riksstyret til aa spyrja etter i Petersborg, kvat Vilkor Ryssland ætlar setja fyr Fredgjerdi. Etter det rysske Styresbladet skal det rysske Styret hava den Meiningi, at all Midling, som ikkjebaadedei stridande Magter er samde um aa søkja, er uløyveleg og utakande; derimot er Ryssland viljugt til laana Øyrat til Fredsframleg fraa Porten utan Millommann. Detta var no fulla ikkje nokot uventande Svar, og det engelske Styret hadde kannhenda ikkje helder onnor Meining enn aa faa so mykje betre Tak til aa granska Folkehugen heime og framfyr alt aa nøyda det rysske Styret til aa segja fraa, kvat det no vil, fyrr enn det engelske Rikstinget kjem saman. Dei engelske Bladi – og til Deils dei utlendske – hev i den sidste Tidi havt mykje fyr seg Spursmaalet um aa taka Ægypten. Dei engelske Bladi hev til dessa fyr Ende samtykt i den Tanken, men no hev det ogso byrjat koma fram Motrøyster, deribland eit Ord fraa den velvyrde Bladskrivaren Alfred Austin i Styresbladet Standard. Fyr det fyrste, segjer han, vil det krenkja Italia og Frankrike, og um dei og no finn seg i det, vil dei gjøyma Steinen i Luma og taka han fram att, naar det høver deim best og England verst; dinæst vil korkje "Pagtaren", Khediven, elder "Eigaren", Sultanen, hava Hugen paa aa gjeva upp sin Rett aat Ægypten; framleids er Røvarskap ein fengen Farang, og England vilde hava maalbundet seg sjølv, um det skulde henda, at nokon tok etter; og til Slut, um England og vil freista aa halda seg paa den Maaten skadeslaus fyr det, at Ryssland tek Armenia, so vil det i Grunnen vera like nær; for naar Ryssland ein Dag hadde teket Syria med, kvat daa? Jau daa vilde England vera nøydd til aa halda ein stor standande Her i Ægypten til aa verja det mot Ryssen. Det var daa likare aa føra Krig mot Ryssen fyr aa halda det ved det gamle Laget i Litle-Asia.
 
Frankrike. Det skal vera paa Voni, um Rochebouèt's Ministerium var so uskyldugt, som det let. Det hev teket til aa ganga Ord um, at det, fyrr Dufaure fekk greidt Hespelen, var ein Umstøyt i Gjerdom. So er det iallfall dei fleste tyder ut det, at dei Garnisonar, som ligg i ein Ring umkring Paris, hadde fenget Paabod um aa halda seg reiduge til aa draga inn i Paris. I Limoges negtad ein Officer aa lyda Ordi, daa Generalen Bresolles lagde henne ut soleids, at ho skulde sigta til Riksumstøyt. Styret hev byrjat rannsaka desse Greidorne, og dei tvo Officerar er sette utor Tenesta. Eit annat Gjetord, som foor Verdi ikring, hev vist seg aa vera eit Paafund av dei konservative fyr aa skada det nye Styret; det gjekk ut paa, at Utriksministeren Waddington vilde ganga i Samlag med England i Utrikspolitiken.
 
I Tydskland hev enno "Ministrarne Orlov. Det ser ut til, at "Kanslerkrisen" skal enda soleids, at Kansleren, Bismarck, fær sin Vilje fram. Det hev voret Samraad millom Bismarck og Bennigsen, Førar fyr det nationaliberale Parti, og det teiknar til eit Umskifte i Riksstell og Riksraad. Bennigsen og den andre Føraren fyr det nationalliberale Parti, Forkenbech, er nemnde som Hovudmenner fyr det nye Riksraad.
 
Italia hev ogso fenget seg eit nytt Riksraad under Depretis, men det er ikkje Von um, at det vert lenge standande.
 
Paven er sovidt med Helsa, at han i Jolehelgi hev voret god til aa halda eit Konsistorium og utnemna eit Par nye Kardinalar og fleire Bispar og Erkebispar.
 
Krigen: Medan den saarade Løven fraa Plevna, Osman Pasja den sigersæle, er paa Vegen til Moskva, trættar Sigrarne, Ryssen og Rumæningen, um kven av deim Æra rettelege tilkjem. Brevskrivarar aat engelske Blad fortel no, at dei baade tvo hev Skam av Medferdi med dei turkiske Fangar og saarade, etter at Plevna var teket. Korleids det no er i so Maate, so er det visst, at Turken sjølv hadde sytt fælande klent fyr Folki sine i alle Maatar, og at ei ovstyggeleg Sott hadde teket til aa herja i Staden, so ho kannhenda var deim likeso arg ein Fiende som baade Ryssen og Sulten. Paa den andre Sida segjer Ryssarne og Rumæningarne, at Turkarne hadde kverkat alle dei Fanger, dei hadde teket fraa deim, paa nær 3. – Fyreferdi av den vestre rysske Heravdeildi hev slitet seg fram yver Balkan i Uføre og Uveer og sett Mannskap i Balkantrengjorne millom Arabkonats og Sofia, og Hestfolket er alt paa Sofiavegen. Samstundes er det fortalt, at Serberheren hev teket Ak Polanka og, etter Slaasting i tvo Dagar, det sterke og vel varde Festet ved Pirot, som raader fyr Vegen fraa Nisch til Sofia. Etter at no rysske Tropper hev naatt saman med deim, er dei i Samlag paa Ferd mot Sofia. Dei fleste av dei Turkarne, som fyrr stod i Sjipkapasset, hev faret til Sofia til aa styrkja Forsvaret. Fyr den rysske RustsjukHeren skal Snjoen vera overslege leid, so dei lyt halda Fred paa den Leidi. Endaa verre er Isgangen paa Donau. Brui ved Nikopolis er rivi burt, og det spøkjer fyr Sistovabrui. Muktar Pasja er kallad heim att fraa Erzerum.
 
(Retting: I Fyrsteluten av Utlands-Stykket i fyrre Numeret stod "bergd" i Staden fyr "lengd").
 

Frå Fedraheimen 05.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum