Den ufagre gjenta.

Eg veit kje rett, kvi dei livsdag gav meg;
dei held daa alle so litet av meg.
Eg veit kje rett, kvi eg liv skuld' få;
d'er litet nok, dei meg idest sjå.
 
Når Signe kjem, vert det leik og gaman,
og glade gutarne dreg seg saman;
um eg kjem inn, og kje ho er med, -
det ingen er, som vert glad fyr det.
 
I dansen leikar no kvar med henne;
eg sit og ser; det fær aldri ende;
kjem eg åleine i laget ned -:
"men kjære deg, er kje Signe med?"
 
På kyrkjevegen gjeng glade flokkar,
eg tidast eine den stigen tråkkar;
fram-um meg stryk dei i store lag -:
"Ho Signe kjem no væl og i dag?"
 
Kaldt er kvart auga, som mot meg vender,
på Signe ser dei, og augo brenner;
til Signe smiler dei varmt og kjært, -
sjå blidt på meg, det var aldri verdt.
 
Han Gunleik kom her so tidt um kvelden
og sat og svallad med meg ved elden;
det var so blidsleg og væn ein kar, -
han spurde aldri, kor Signe var.
 
Eg gjekk og undrast, og hjartat bankad:
var det fyr mi skuld, at her han vankad? - -
Eg trudde litet, det vøre råd;
men Herre Gud, den som kund' 'n få!
 
Eg gret so tidt, når eg sat åleine,
eg bad so sårt berr' um detta eine;
ein kveld han fridde - - til Signe, ja;
strauk so sin veg, til Amerika. –
 
Å Herre Gud, her er kaldt i verdi,
og lang er leidi, og tung er ferdi;
ja, tung er ferdi fyrutan lag,
med sut og saknad til kvar ein dag.
 
Men tigja kann Ein no altid læra,
og låst som ingenting skulde vera;
dei skal 'kje vita mi sorg og sut,
fyrr dei åt gravbakken ber meg ut.
 
19.
 

Frå Fedraheimen 26.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum