Litevetta Politik.

( Av –rr-)
 
I gamle Dagar kunde kvar fri Mann møta fram paa Thinget og segja Meiningi si baade um det eina og det andra, som vedkom Loggjeving og Landsstyring. Soleis lesa me t. D. um Magnus Lagabøtar, at han reiste um i Landet og stemde Folket til Things fyr aa faa sine nye Rettarbøter godkjende. Han aatte inkje Magt te segja: Fraa no av skal det og det gjelda som Log, nei, det maatte fyrst berast fram paa Thinget, og so kom det an paa, kvat Folket sjølv sagde, um Kongen skulde faa Viljen sin fram eller inkje. Paa same Maaten gjekk det au til, naar det skulde leggjast paa nye Skattar, ny Tiende o. s. b. Hadde du og eg livt i den Tidi, so hadde me inkje turvt senda nokon annan til Things istaden vaar, - me kunde møtt fram sjølve.
 
No er det annorleis med detta som med so mangt annat.
 
Vil du no hava eit Ord med i Laget um detta eller hint, og, vil du hava sagt det paa den Staden, der Spursmaalet vert avgjort, so maa du faa ein annan te segja det fyr deg. Sjølv fær du inkje møta fram og segja det. "Folket styrer gjenom Utsendingarne sine," stend det skrivet. Du kann nok paa ein Maate faa vera med no au, men det vert altid paa andra Haandi. Du kann i beste Fall faa standa bakom og liksom Moses kviskra i Øyra aat Aron. Men no er Ulukka den, at Aron inkje altid høyre so godt.
 
Lat oss no sjaa, korleis det gjeng til. Folket i eit Amt eller ein By velja ein eller fleire Menner, som dei senda inn paa Storthinget istaden sin, daa dei inkje fær møta sjølve. No er det meint so, at Folket fyrst skulde segja Sendemannen sin fyre, korleis han skulde bera fram den og den Saki, kvat han skulde svara til detta og hitt, stutt aa segja: korleis han skulde bera seg aat paa Thinget som Sendemannen deira; men detta er nok lettare sagt enn gjort. Fyrst maatte daa Veljararne segja Valmennerne fyre, og so maatte Valmennerne segja Storthingsmannen fyre, men detta vilde nok ganga tungvinnt, og seint vart ein vel ferduge, somyket som dei hava fyr seg innpaa Thinget. Og det verste er endaa det, at ein inkje altid kann vita so skilet i Fyrevegen, kvat som i Triaaret kann koma fyre paa Thinget. Soleis er det no inkje so beint fram med denne Fyresegjingi heller. Difyr gjeng det tidaste so, at Thingmennerne inkje stort verta fyresagde, utan det kann vera ei hendte Gong, naar det er nokot sers, som skal avgjerast. Mange vilja heller inkje vita av nokor Fyresegjing, daa dei hava fengit det so fyr Hovudet, at det skal vera liksom usømelegt fyr Thingmannen aa lata seg fyresegja. Dei vilja, at du skal tru so vel um Utsendingen din, at han veit aa laga det langt betre fyr deg, enn du kann fata og skyna, liksom Mannen skulde faa so fælt myket Vit med det sama du og sume andre valde paa honom. Gjekk det so til, so var det mindst fyre. Men det er nok inkje so vel, og difyr er nok Meiningi den, at du skal vera "snild Gut" og lita deg med det, soleis som Fullmegta di vil gjera det, anten det so er vist eller galet.
 
Paa same Visi er det ogso med det, som Sokni og Amtet hava te stella med. Her er Magti lagt i Henderne paa "Repræsentantskab" og "Amtsformandskab." Du kann møta paa Herads-Thinget og vera med te velja paa dei Men  ner, som skal sitja i desse Styreslagi, som eg vil kalla Sokneraad og Amtsraad; men, naar det er gjort, so heve du au gjort ditt. Vil du segja nokon fyre, so maa det vera fyre Valet, etterpaa bryr han seg visst inkje stort um, kvat du segjer. Soleis kann det 'kje verta so beinfram fyr deg heller aa faa Viljen din fram i Soknestyret, og i Amtsraadet vil det nok verta endaa krokutare. Du veit nok det, at det er Ordførarne i kvar Sokn (Herad), som kjem i Amtsraadet. Til Ordførar velja dei jamnaste den, som kann besst skriva, og difyr kann det tidt vera ymist nok med Mannen hellest. Og lat meg no faa koma med eit Spursmaal: Heve du nokor Tid vorte spurd eller fengit segja Meiningi di um det, som dei heve fyr seg i Amtsraadet? Det tvilar eg paa.
 
Legger du no ihop det, som her er sagt, so vert det til det, at du, min gode Lesar, som eig Stemmerett, heve Lov te "stemma" paa kven du vil og setja inn i Sokneraadet og Storthinget; men, naar detta vel er gjort, so er du au ferdug. Du heve Lov te styra ein annan istaden din, som fyrr er sagt; men du maa inkje koma sjølv.
 
Kann no du og eg ventast te faa Viljen vaar fram altid paa denne Maaten? Eller rettare spurt: Kann Folket altid vera tent med berre "Stemmerett?" Treffer det inkje stundom, at Folket kunde turva litevetta meir enn Stemmerett? Ja med Storthinget kann det endaa so vera. Fekk me Lov te velja Storthingsmenner med ein Gong og inkje fyrst Valmenner, so kann me vel inkje venta stort meir. Men med Sokneraadet og Amtsraadet er det nokot annat. Der maatte me stundom kunna faa leggja eit Ord med i Retten, naar det kneip. No ser me, at Sokneraad og Amtsraad tidt finna paa te gjera tvert imot det, som Fleirtalet av oss andre vilja. Dei kann gjera, som dei vilja, utan aa spyrja seg fyre, og dei gjera det somenn au meir enn ei Gong. Du trur kanskje, at eg no tok Munnen vel full; men det er visst inkje so vel. Minnest du Striden um, kor Grevskapsbanen skulde leggjast, Striden millom Kystlina og Innlandslina? Du tarv inkje vera kjend, du kann berre sjaa paa Kortet, so vil du nok skyna, at der er liti Meining i te leggja Banen langs med Sjøen, utanum dei Bygderne, som skulde faa Gagn av honom. Og kven er det, som heve lagt Banen langs Strondi? Du kann nok nemna Storthinget; men eg meinar no som so eg, at me liksovel kann skuva fram Styrismennerne i sume Byar, og at Banen aldri hadde komet dit, um sjølve Folket hadde raadt eller vorte spurt. Men inkje spurde dei seg fyre, og inkje vilde dei høyra paa, kvat andre sagde helder. Og difyr kunde det ganga so urimelegt til. – Heve du faret Landvegen yver Jadren, so heve du vel au undrastpaa, kvifyre Postvegen er lagt so vel ned i Strandkanten, liksom Jadrbuen skulde halda til ned i Nausti. Eg trur, eg kann gjeva deg Grunn i, korleis det gjekk til. Paa Jadren hava dei nokre Storætter – kjende under Namnet: "den jæderske Bondeadel," – som i langsameleg Tid hava spelt Bas i Bygderne. Sume av desse Biksarne budde ned med Sjøkanten, og, daa dei no gjerna vilde hava Vegen um Dørerne sine, so var det Grunn nok. Folket vart inkje spurt.
 
Eit annat Døme hava me i det Svaret, som Folkehøgskularne fekk av Amtsraadi, daa dei søkte um Pengar av Statskassa. Tru dei hadde fengit so fort Nei allestader, um Folket sjølv hadde vorte spurt? Eg er inkje Grundtvigianar sjølv, eg heve heller inkje no so stor Tru paa sume av desse Skularne; men eg vilde inkje vera med aa negta dei Pengehjelp soleis som desse Amtsraadi, - og slik heve mange det. Det syner seg au no meir og meir, at Amtsraadi inkje nettupp gjekk Ærend fyr Folket den Gongen.
 
Det ser ut til, at Fridomsflokken i Storthinget gjerna vil gjeva Amts- og Sokneraadi meir og meir millom Henderne, venteleg i den Trui, at Folket med det sama skal faa meir Magt; men det er somenn eit stort Spursmaal, um det er rette Vegen. Eit valt Faamannsstyre kann nok sume Tider vera likaso laakt som eit arvelegt Einmannsvelde, og det er slett inkje sagt, at Folket meir fær Viljen sin fram den eine Gongen, enn den andre. Det kann henda, at eg tek i Mist, men eg veit inkje rettare, enn at "Repræsentantskapet" kann fara aat mest som det vil, og tarv inkje bry seg stort um, kvat Soknefolket segja. Den einaste, dei maa spyrja, er Amtmannen, som skal godkjenda "Beslutningarne" deira, men Folket, Veljararne, du og eg, - me kann berre velja andre, naar Tenestetidi aat dei gamle er ute!
 
Her kjem eg te tenkja paa nokot, som eg tidt heve grundat paa. Me vita alle, at Folk inkje altid bry seg so myket um Stemmeretten sin. Difyr ser me au det, at mange, kanskje dei fleste, inkje eingong bry seg um te "gjera Eiden." Ferdast du nokot paa Landet, so kann du gjerna spyrja etter, kven som er med i Sokneraadet der i Bygdi, og du vil nok daa træffa fælt mange, som inkje eingong vita det. So kann du spyrja etter, kven som er paa Storthinget ifraa det Amtet, og dei alrafleste vilja svara: Neimenn um eg veit det. Slikt tykjer du no er reint forgalet, og du undrast paa, korleis det kann hava seg. Og detta er det, eg au heve undrast paa so mangein Gong. Men no er eg komen te tenkja paa, um det inkje kanskje kunde hanga litevetta ihop med det, som eg her lenger framme hev lagt ut um. Naar Folk inkje heve meir te gjera enn detta "aa velja," naar dei kann segja, at dei gjorde ifraa seg det, dei hadde paa seg, daa dei slengde Stemmesetelen sin i Valkrukka, so kann ein mest inkje undrast paa, um sume verta likaholdne um denne "Retten." Eg veit imindsto, at her er mange, som tenkja so. Tru der inkje kunde vera nokor Raad fyr detta? Me vita, at sume gamle Folk hadde Folkestemnor, som dei styrande laut raadføra seg med sume Tider, og vaare Feder hadde Thing, Herads-Thing, Fylkes-Thing, - kunde me inkje enno faa nokot slikt? Kunde det inkje lagast so, at Sokneraadet (og Amtsraadet) laut stemna Folk til Things, naar so og so mange Stemmeberettigede kravde det? Det segjer seg sjølv, at inkje andre enn dei, som aatte Stemmerett, fekk møta. Paa denne Maaten kunde kanskje Folkameiningi koma til Retten sin. Og naar kvar Mann visste med seg, at han au kunde hava eit Ord te segja, naar det kom til Stykket, so turvtest der kanskje inkje so myket Staak fyr aa faa Folk te gjera Eiden.
 

Frå Fedraheimen 26.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum