Notisar

3 Folk hev vortet innebrende i eit Hus i Drammen. 4 fekk redda seg ut, men vart stygt skadde. – Paa Veslehamar og var det nyst ein Barnsunge, som døyde av Brandsaar.
 
Eit Barnelik er funnet i Domkyrkja i Throndheim i ein Brunn, som dei skulde pynta upp.
 
Eit Premiskirend skal haldast her ved Kristiania i Marknadstidi, soframt Føret vert sopas. Den som vil vera med, maa skriva aat Kristiania Skiklub, Adresse J. J. Müller Parkvegen 33 og gjeva upp Namn, Alder og Heimstad. Det kostar 1 Kr. fyr vaksne og 50 Øyrur fyr Gutar under 17 Aar. 100 Kr. er sett upp som fyrste Premi. Tid og Stelle skal tillysast sidan.
 
Draap. I Triungen, i Telemarki hev ein Gut drepet Moder si, med ho laag og svav. Det skal nok vera gjort i Fylla.
 
Fraa Misionsmarki i Zululandet skriv Biskop Schreuder, at han er illa faren med Entumeni Station, for Witts, den Misionæren, som hev voret der fyrr, er no reist derifraa, og kjem det no ikkje Hjelp herifra, so meiner han, at han vert nøydd til aa gjeva upp Stationen baade fyr seg og Missionen, for Kongen der i Landet hev gjetet det, at han korkje vil sleppa nokot annat Misionsselskap elder nokon annan enn Schreuder til aa arbeida der. No bed daa Nemndi fyr Schreuders-Misionen Prestar, theologiske Kandidatar og Studentar, Seminaristar og andre, um nokon hadde Hug til det, aa melda seg, og ho meiner ho skal kosta deim yver og upphalda deim, soframt dei daa er dugande til slikt Arbeid.
 
Fraa nørdre Østerdalen skriv dei, at Ulven no tek til aa koma att. I Sumar helt han seg til Fjells og gjorde vonom større Skade paa Kreturi. No er han komen til Dals og fær og raklar Bygda millom og tyner Hundarne. Ellest so hev dei 'kje voret gode til aa faa Livet taa nokot av detta Ufriskjet. Det vøre godt, um dei vilde auka nokot paa Skotpengarne fyr deim, so Folk vilde leggja seg meir um aa faa ti 'n, fyrr det vert altfor stinnt taa honom.
 
Jadarbanen skal vigjast inn den 27de Februar.
 
Ein Dampkjetel vart nyst sprengd i eit Sukkerbakeri i Newyork. Bygningen stod i Loge paa Timen. Det var 69 Arbeidsfolk inne, 7 vart drepne paa Flekken og mange av dei andre dygtig forbrendte. Baade detta Huset og eit Par til brann upp. Skaden er sett til 350,000 Dollar.
 
Bjørnstjerne Bjørnson held no eit Par Fyredrag paa Hamar, um Visknut det eine og um Kvinden det andre.
 
Lærararne i Sverike hev sendt Søknad til Kongen um aa setja ny Skikk paa Løningsverket, so Lærarløni kunde koma meir i Samhøve til dei dyre Tiderne.
 
"Fraa By og Bygd" No. 1 1878 inneheld: Godt Aar (Dikt av Olav Lofthus). Vel møtt paa nytt. Vaart nationale Stræv i Samhøve med raadande Hugstemnor her heime (av Hans Mo). Ørne-Augat.
 

Frå Fedraheimen 26.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum