Kongedøme og Republik.

 
[Del 1 av 6]
 
III.
 
Utgjevaren av "Fedraheimen" vilde gjerne, at dei nye Tingararne, som er komne til paa Nyaaret, skulde faa godt av dei tvo Stykke, som eg skreiv um "Kongedøme og Republik" fyre Jol, og han hev difyr bedet meg, fyrr eg skreiv meir, um eg vil taka uppatt det vigtigaste. Eg skal freista paa aa gjera det so stutt som mogelegt, men eg vil setja detta gamle i "Klave," so kann dei gamle Tingararne springa yver.
 
[Spursmaalet: Kongedøme og Republik vil koma paa Folketunge no, men det ser ut til eit beiskt Ordskifte, daa mange hev so reint forunderlege Meiningar um Republikken og trur det er gudlaust aa kasta Kongedømet. Eg vil difyr draga fram eit og annat fraa Historia til Upplysning um detta. So lagde eg ut um, korleides Kongedømet vart til i Grekenland i gamle Dagar. I Fyrstningi styrde kvar Husbonde sitt Hus og var Millommann millom Huslyren og Husgudarne, dei av Ætti, som livde paa Jordi, og dei, som sov i Haug. Naar Ætterne sluttade seg ihop til eit Folk, hadde Folket ein Husbonde, Konge, yver seg, som var Millommann millom Folket og Folkegudarne, Prest liksom fyr Folket, og av det kom all hans Magt. Kongedømet hadde soleides eit heilagt Upphav. Kongen var gudeboren, og Gud gav honom Æra. Hovdingarne kunne gjeva Kongen Raad, men Kongen kunne gjera som han vilde. "Folket" skulde berre høyra paa, kvat Kongen og Hovdingarne sagde.
 
So fortalde eg um det attiske Riket. I Attika vart "Kongedømet av Guds Naade" avlyst og eit ansvarlegt "indskrænket," innført. Sidan, daa dei store Ætterne, Adelen, var mognat fyr Sjølvstyret, innførde dei Republiken, men detta vart til Trengsel fyr Aalmugen, som no vart trælkad av Adelen, medan Kongemagti hadde voret ei Verja fyr Aalmugen mot Adelen. Naudi var stor og Folket veikt. Daa skipade Solon paa Logerne slik, at det inkje skulde vera Adel lenger, men Folket vart bytt i Klassur etter Inntekterne. Dei rikaste fekk mest aa raada, men fekk det tyngste Lasset aa draga og, men kvar Borgar hadde ein Part i Styringi. Men Aalmugen var inkje mognat fyr Sjølvstyre endaa, han traadde etter aa sleppa ut or Fatigdomen, men brydde seg inkje um politisk Magt. Difyr fann Aalmugen seg i, at ein "Cæsar" elder "Tyran" (Peisistratos) styrde Landet. Tyranniet hjelpte Aalmugen til aa halda fast paa nokot av det, han hadde vunnet (den økonomiske og sociale Stilling) mot at han skulde gjeva Fridomen fraa seg.
 
Snart mognade det lægre Samfundslag fyr Fridomen, og fridde seg fyr Tyrannarne. Alle Borgarar vart frie og like, kvar Mann hadde Part i Styringi og Ansvar, og hadde myket aa missa, um det gjekk galet med Fedralandet. Daa var det, at det athenske Folk gjorde slike merkelege Storverk, medan det i gamle Dagar inkje kunne slaa nokon av Grannarne sine. Den Ætti, som voks upp i Athen under den ærefulle Fridoms-Striden, fødde store Menner, Hermenner, Sogaskrivarar, Diktarar og Kunstnarar og grunnlagde ein makelaus Kultur. Grekenland var bytt i mange smaa Republikar, som utviklade seg fritt, kvar fyr seg. Detta gjorde den greske Kulturen rik og mangslungen. Hadde Grekenland voret eit stort Kongedøme med ein overmegtig Hovudstad og eit "Hof," hadde Utviklingi kannhenda voret meir glansande i sume Ting, men i det heile armare.
 
Men det gjekk for vidt med Fridomen i Athen, agelause "Folkevener" lokkade Folket med seg, og mange gode Menner gav Republiken Skuldi, fyr di Blømingi vart so stutt. Demokratiet vart villt, endaa det etter vaar Meining i Grunnen var eit Aristokrati, daa tri Fjordepartar av Folket var Trælar og rettlause. Likso illa gjekk det i hine Republikarne, og paa Sluten kunne dei inkje verja Fridomen lenger. Slaa seg ihop til einstor Republik var umogelegt, daa dei i den Tid inkje hadde funnet paa aa velja "Repræsentantar" (liksom vaare Stortingsmenner), men kvar Borgar, som vilde bruka Borgarretten sin, laut møta fram sjølv. I ein stor Republik hadde soleides all Magti komet i Henderne paa Folket i Hovudstaden, og hine hadde ingen Fridom fenget. Herredømet gjekk no yver til eit gresk Folk, Makedonarne, som hadde Kongar yver seg heile Tidi og var litet utviklat og upplyst, men just difyr ungdomsfriskt. Den makedonske Kongen førde no Grekenland fraa Siger til Siger, og fyllte Landi kringum Austenden av Middelhavet med den greske Kulturen, som var upparbeidt av dei greske Republikarne.
 
Sidan kom Grekenland under Rom og livde daa eit Liv, som me inkje vil kalla "ærefullt," daa Landet inkje styrde seg sjølv. Men, som det er sagt, "det slegne Grekenland slo Rom," ved sin Kultur var det den aandelege Magt i Rom, og den greske Nationalitet breidde seg ut i Austparten av det romerske Rike. Naar eit Folk treng politisk Magt og militær Styrke, er det fyr aa halda sin Nationalitet uppe. Ein skal difyr inkje lasta dei greske Republikarne for myket, fyr di dei korkje hadde politisk Magt elder militær Styrke; Greken- land naadde sitt Maal fyrutan.]
 
Den romerske Historia er likso lærerik fyr oss som den greske. Liksom dei greske Smaariki var Rom i den eldste Tidi eit litet Kongerike, som rimelegt var, daa Kongedømet nettupp vart til paa same Tid og Maate som Riket, soleides at fleire Ætter sluttade seg ihop med ein av Ætte-Hovdingarne til Konge.
 
I Rom vart Kongedømet avlyst ved same Leitet paa Lag som i dei greske Kongerike, og det var Adelen, som gjorde det. Dei siste Kongarne var dugande Styrarar, og den unge Republiken var veikare i Fystningi enn Kongeriket og hadde vondt fyr aa fri seg. Aalmugen kom i stor Naud, daa Adelen styrde reint som han vilde no, daa det ingen Konge var til aa aga honom. (Det ser ut til, at Kongarne hadde agat Adelen godt, for han hatade sidan Kongemagti som det verste, som til var). Der var stendigt Ufred, og naar Sumaren kom, laut Aalmugen forlata Hus og Heim og ut og slaast, paa sin eigen Kost og med sine eigne Vaapen, og medan han var ute og slost, herjade tidt Fienden Garden heime. Tok Romararne eit Stykke Jord fraa Fienden, tok Adelen det og bytte seg imillom, so Aalmugen fekk vera med paa Tapet, men inkje paa Vinningi. Paa denne Maaten kom mange av Aalmugen i stor Gjeld, og naar nokon inkje kunne bitala, kunne den, som hadde Pengarne til gode, gjera honom til Træl, og Gjelds- fengsli til Adelen var stødt fulle av Stakkarar, som hadde misst alt sitt i Striden fyr Adelens Interesse. Eingong det var ein faarleg Ufred, tok dei Folk ut or Fengsli og let dei vera med og slaast med Fienden, og daa Heren kom sigrande heim til Rom, tok dei beste Stakkararne ut or Geledet og sette i Fengslet att. Fyr Aalmugen i Rom liksom i Athen vart Yvergangen fraa Kongedøme til Republik eit Steg attende.
 
Sidan vart det myket betre, og Folket fekk meir Magt. Riket vart sterkare og lagde under seg den eine Bygdi etter den andre i Italia, og fatige Borgarar vart førde fraa Rom og busette i dei nye Eigedomarne og skulde vera liksom ei Vakt mot Fienden. Soleides fekk Borgarne nokot aa liva av, og Riket kunne halda fast paa den Eigedomen, det hadde vunnet. Umkring 250 Aar etter Rom vart Republik, hadde det lagt heile Italia under seg og busett ei stor Mengd med Borgarar rundt umkring. Alle desse Borgarar hadde eit Stykke Jord kvar, og slost fyr aa verja sin eigen Eigedom paa same Tid som dei slost fyr Fedralandet. Detta var Roms Stortid. Athen i si beste Tid var eit Mynster paa ein demokratisk Republik, og Rom i si beste Tid paa ein artistokratisk. Stormennerne styrde godt, naar ein berre tenkjer paa det politiske og militære, og synte so myket Mot og Klokskap til aa gjera Riket stort og sterkt og trygt mot Fiendar, at inkje Kongedøme elder Kjeisardøme hev gjort det betre. Den som meinar, at Republiken gjer alle Folk frie og like, kann læra myket av Roms Saga, men likso myket kann den læra, som trur, at Republiken endeleg gjer eit Folk veikt. Me hev set fyrr, at Blømingi var stutt i det demokratiske Athen. Ho var og stutt, aa kalla, i det aristokratiske Rom, og Lukka vart for tung aa bera der og. Daa Rom hadde teket heile Italia, drygde det inkje lenge, fyrr det lagde under seg det eine etter det andre av dei Riki, som laag ikringum Middelhavet, og sistpaa aatte Romararne mest alle dei Land, som hadde nokon Kultur og som var verdt aa hava. Desse Land fekk inkje romersk Borgarrett, men var liksom Republikens Eigedom, og Romararne sette Embættsmenner til aa styra dei. Myket av Italia hadde helder ingen Borgarrett og var likeins aa kalla fyr ein Eigedom under Republiken. Soleides styrde no nokre faa Stormenner Borgarsamfundet, og detta styrde heile Italia og Landi kringum Middelhavet. Stormennerne hadde all Vinningi. Framande Kongar laag fyr Føterne av romerske Embættsmenner, og store Skattar strøymde til Rikmennerne i Rom. Desse, som fyrr hadde livt helder simpelt, slo seg no paa Eting og Drekking og Lauslivnad og livde, liksom Pengarne aldri kunne faa Ende. Men dei staute romerske Smaabønderne, Kjernen i Heren, dei var etter kvart fallne i Slagi, elder og vart dei drivne fraa Gard og Grunn av Adelsmennerne. Fyrr var dei romerske Soldatarne Menner, som aatte nokot fyr seg sjølve og difyr inkje kunne vera like glade, korleides det gjekk Fedralandet. Men paa denne Tidi var Soldatarne Menner, som ingenting aatte og ingenting hadde aa tapa og difyr let seg bruka likso gjerne mot Fedralandet som mot Fienden, naar Føraren berre bitalte dei godt og let dei herja so myket dei vilde.
Til Byen strøymde det fraa alle Kantar ein Herkemuge (Pøbel), som inkje vilde arbeida og ingenting aatte, og selde sin politiske Rett (Retten til aa velja Embættsmenner) til den, som baud mest. All denne Herkemugen var ein god Studning fyr Adelen. Liksom i Grekenland var det fullt upp med Trælar, og desse hadde det inkje for godt i Rom, Herrarne for med dei liksom dei var Dyr. (Paa Landet dreiv dei gjerne um Kvelden Trælarne, baade Gutar og Gjentur, med Paaken ned i store, laage Kjellarar, fyrutan Ljos og Luft, og stengde dei inne der).
 

(Meir).

 

 

Frå Fedraheimen 02.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum