Kristiania, den 1ste Februar 1878.

 
Storthinget hadde fyrste Samlingsmøte idag. Maandag trur dei det skal opnast, men Kongen kjem ikkje sjølv denne Gongen. Daa sume av Medlemerne, som møtte ifjor, er burtdøydde elder sjuke, kjem det mange nye iaar. I Staden fyr Fyrvaktar Stoltenberg (Nordland), daaen, kjem Sakførar Arctander. Fyr Verkseigar Dahll (Kragerø), daaen, Byfut Christie. Fyr Gardbruker Hammerstad (Kristians Amt), daaen, Gardbrukar Thune. Daa Baggerud (Kristians Amt) ogso no hev meldt seg sjuk, skulde Suppleanten Horgen møta, men no er han ogso sjuk, so tredje Suppleant Gardbrukar Strande kjem. Fyr Advokat Grønn (Kristiania) Biskop Essendrop, som alt var med paa Sluten ifjor. Fyr Kyrkjesangar Sæther (nordre Throndheims Amt) Gardbrukar Solberg. Fyr Politimeistar Bing (Fredrikstad) Timberhandlar Jacobsen. Fyr Gardbrukar Eika (Bratsbergs Amt) Gardbrukar Klonteig. Folkehøgskulestyrar Jakob Sverdrup (nordre Bergenhus Amt), som var klen ifjor, er iaar til Stades.
 
Staren hev alt vortet set uppved Throndheim.
 
Underjordiske Jarnveger hev dei lenge havt i London; daa dei er svært lønsame, hev det ogso skipat seg eit Lutlag til aa leggja slike i New York. Andre vil byggja Banar i Lufti, elder paa Jarnsulur, so Ferdsla hellest kann ganga lika radt under Lina.
 
Stor Gaava. Enkjefru Hjerta i Sverike hev gjevet 200,000 Kr. til "Lars Hjertas minne," til aa fremja Aandslivets Utvikling baade med Umsyn paa Storheimen og iser paa Sverike.
 
Timberfløytning i Glaama. I 1877 er det fløytt fram i Vasdraget til Glaama 181,519 Tylvter Timber. Til Samanlikning med dei fyrre Aari set me denne Lista:
 
I 1861 . . . . 163,000 Tylter
" 1862 . . . . 227,000 -
" 1863 . . . . 185,000 -
" 1864 . . . . 210,000 -
" 1865 . . . . 215,000 -
" 1866 . . . . 211,000 -
" 1867 . . . . 216,000 -
" 1868 . . . . 263,000 -
" 1869 . . . . 327,000 -
" 1870 . . . . 264,000 -
" 1871 . . . . 214,000 -
" 1872 . . . . 291,000 -
" 1873 . . . . 312,000 -
" 1874 . . . . 385,000 -
" 1875 . . . . 268,000 -
" 1876 . . . . 192,000 -
               
Det hev soleids ikkje voret fløytt so litet Timber sidan 1861.
 
Lærararne ved Kristiania Latinskule hev bedet Regjeringi aa telja fyre Storthinget um aa auka paa Løni til Lærararne i Statens lærde Skular. Som det no er, byrjar dei med 2000 Kr. og enda med 4800 Kr.
 
Innkomurne ved Vestbanarne hev dei 2 siste Aar voret:
 
1876                       1877
Randsfjordbanen: 723,418 Kr. 701,039 Kr.
Drammensbanen: 655,311 " 664,168 "
 
Eit Jordskjelv vart merkt i Land sin Sundag. Ute høyrdest det som ein hard Toreslaatt, og inne var det som det gjekk ei Snjoskrida laust uppaa Taket, berre so Huset riste.
 
Falske svenske Pengesetlar hev gjenget i Fredrikshald. Det var 10-Krunersetlar, som dei hadde klyppt ut 10-Talet paa og klistrat 100-Tal i Staden, so dei vart utsjaaande som 100-Krunesetlar fraa svenske Privatbankar.
 

 

Frå Fedraheimen 02.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum