No. 70,000.

 
[Av Fr. Køck]
 
[Del 5 av 9. Fyrste delen.]
 
IV.
(Framhald).
 
Maria tok seg godt upp paa den nye Staden, og var ei dugande Kona til aa styra og stella. Det kom væl med no, det ho hadde lært hjaa Faster si. Allestad tok ho i med sjølv, og nøydde dermed Tenestfolket au til aa driva paa, og det utan eit vondt Ord.
 
Og det trongst um fyr henne. Tenestfolket fekk snart ut, at det ikkje var nokot godt millom henne og Mannen. Væl foor ho so venlegt fram mot honom, helst naar Tenararne var tilstads, som ho berre kunde; men det var lett aa sjaa, at ho ikkje gjorde det av Elsk. Thorbeck vart au meir og meir kald; det saag ut til, at Elsken hans, som snart hadde blømt upp, snart skulde folna ogso. Det vart meir og meir sjeldan, at dei tvo Egtefolk samtalad emd kvarandre. Med Bordet, der Tenarlyden au var med – for denne gode Skikken raadde endaa i Buchenheim, - samraadde dei seg berre um dei turstigste Ting, som høyrde til Gards- og Husstell, so gjekk kvar til sitt Yrkje, og um Kvelden sat Thorbeck mest jamt i Vertshuset hjaa Hr. Neumann.
 
I slike Tilstand meinte Sume av Tenestfolket, at dei kunde gjera som dei vilde fyr Maria; ho hadde ikkje nokot aa segja paa Garden, meinte dei. Men ho tok det so rolegt, og fekk dei Beste av dei so tryggt paa si Sida, at dei andre snart gav seg. Um ei Vika hadde ho full Magt yver dei alle, dessmeir som dei saag, at ho var den, som forstod seg best paa Arbeidet. Thorbeck var mest ute; han hadde nok aa gjera, for han heldt paa med ei Engvatningsgreida, og dertil med aa faa i Stell ein stor Frukthage. At han var ein dugande Landmann var visst nok, og han avlad meir og meir av Garden sin.
 
Maria var sjeldan ute. Heim til Foreldri turvte ho ikkje ganga, for dei kom ofta nok til Gartenau, og det helst paa dei Tider av Dagen, naar det var Von til aa faa Mat. Thorbeck likte ikkje detta Rennet vidare, men han sagde Ingenting, var fyr det meste ute au, og brydde seg snart likso litet um Verforeldri som um Kona. Maria hadde helder ikkje lenger Lag med andre Kvinnfolk, som ho hadde voret kjend med. Sume vilde no leggja detta ut som Storlæte; men naar Ein so ender og Gong saag den unge bleike Kona koma til Kyrkja i same uvande Klædebunaden som ho altid hadde brukt, so saag dei snart, at ho ikkje var den, som vilde gilda seg med aa vera "rik Frua."
 
Det vart Haust.
 
Ein Dag i siste Helvti av November var Thorbeck reist til Storbyen, og var ikkje atterventande fyrr Kvelden. Ho sat heime mo aaleine; det graasure Veeret gjorde, at Foreldri hennar helder ikkje kom. Ho totte det var so stuslegt; ikkje kunde ho arbeida helder, og so strøymde dei tunge Tankarne inn paa henne, so ho kjende seg reint sjuk. Mest tenkte ho paa detta underlege, tunge og urolege Laget hjaa Thorbeck. Det saag plent ut til, at han hadde eitkvart aa bera paa, som Ingen maatte vita. Han hadde aldri Fred til aa sitja roleg paa ein Stad, og vart han eingong sitjande, so sat han fyr det meste der i sine eigne Tankar og talad litet og inkje. Spyrja honom, kvat som vantad, det kunde Maria ikkje faa seg til, dertil var det altfor kaldt millom dei. Det kann daa Ingen undrast paa, at ho kjende seg tung um Hjartat og tottest litet Godt hava aa venta av Framtidi. – So med ein Gong bankad det paa Døri, og inn steig det ein Mann, som spurde paa klen Tysk, um Hr. Thorbeck var heime.
 
Det var ein underleg Kar, ikkje koseleg aa sjaa paa. Ei lang myrklitad Kaapa hadde han sveipt ikring seg, so Ein berre saag dei jutullstore Nævarne, som heldt ein diger Knortestav; ein illa medfaren breid Filthat hadde han sett ned i Augo, so Ein ikkje fekk sjaa stort meir av Andlitet enn ein stor, bøygd Nase og eit digert, svart Munnskjegg. Haaret, som valt fram i store Vasar under Filthatten, var au kolende svart.
 
"Mannen er i Byen," svarad Fru Thorbeck, "men eg ventar honom kvar Stundi. Vil De venta til han kjem, so finn Dykk ein Sess."
 
Det gjorde daa Framandkaren, og sette seg innmed Omnen, men tok ikkje Hatten av seg. Fru Thorbeck vilde slaa inn paa ein Prat med honom; men han riste berre paa Hovudet.
 
Han var nok ikkje so Kar i Tysk, at han kunde halda nokot Drøs paa det Maalet.
 
Som Lukka var, so varad det ikkje lengje, fyrr Throbeck kom. Framandkaren stod strakst upp og gjekk til Mots med honom og sagde nokre Ord i eit reint framandt Maal. Hadde Maria no kunnat sjaa Andletet aat Mannen sin, so hadde ho set, at han kvakk fælt, daa han saag Framandkaren, og at Augo hans glødde upp i ein stygg Eld. Men han tok seg strakst, svarad Karen nokre Ord i det same framande Maalet, og sagde so til Maria:
 
"Eg hev litegrand aa snakka med denne Mannen um, men er snart ferdug. Set inn Maten so lengje." Dermed gjekk dei tvo Mannfolki ut.
 
Daa Thorbeck kom inn att um ein halv Times Tid, vilde Maria faa til ein Samtale um denne rare Framandkaren. Men Thorbeck svarad so stutt, at ho brydde seg ikkje um aa spyrja meir.Han var tydeleg i Ulag, um han enn freistad aa løyna det burt med aa fortelja eitkvart Nytt fraa Byen, som han hellest aldri brydde seg um aa gjera. Etter Maten gjekk han ut, og daa han helder seint kom heim att, høyrde Maria paa Gonga hans, at han hadde i Hovudet.
 
Han var fraa den Tid meir tigjande av seg enn nokotsinn fyrr. Viste seg endaa ofta hard og strid med Tenarfolket, som hellest ikkje var vant med det av honom. Til Storbyen gjorde han Ferder oftare enn fyrr.
 
I Fyrsten av Februar kom han heim fraa Byen i Lag med tvo fine Herrar, som han synte fram fyr Maria som sine gode Vener. Og sannt saag dei ut til aa vera utifraa gode Vener; for dei gjorde seg eit reint serskilt Bry med aa koma etter Tilstandet der paa Garden, fylgde Thorbeck rundt alle Stader, og saag og spurde, so endaa Tenarlyden tok til aa undrast. Dei gjekk ikkje att fyr paa Kveldssida, og Maria kunde ikkje faa vita, kvat dei i Grunnen hadde havt fyr seg.
 
Ei 14 Dagar deretter steig Thorbeck fullt ferdabuen inn til Maria. "Eg lyt naudsynleg ut paa ei Langferd," sa han, "vert burteverande ei ti elder fjortan Dagar. Men de skal ikkje taka aat med nokot Vinne-Arbeid, fyrr eg kjem heim att, endaa um det so vert godt Veer."      Han fekk i seg Morgonbiten i ein Fart, bad stutt "Farvæl" og gjekk. Maria saag, at det var bundet ei stor Reisekista upp aa Vogni, som han foor stad med. No var ho fulla van med, at han ikkje sagde henne nokon Ting um, kor han vilde av, naar han slik tok ut. Men fyrr hadde Ferderne hans daa aldri voret lenger enn paa eit Par Dagar. No vilde han vera fraa Huset i fjortan Dagar, og hadde endaa ikkje sagt det bidige Ordet um, kor han vilde av, og kvat han foor etter. Og so underlegt som det var, at han, som hellest altid var den fyrste med Vinna, no hadde endefram forbodet aa byrja med nokot Vaararbeid, endaa det saag so godt ut til Veers, at det var Von um Vaaren um nokre Dagar!
 
Ho kjende seg so klembd, som um Hjartat hennar hadde voret skruvat ihop. Ho laut paa Kammerset sitt og graata. Beda kunde ho ikkje. Men han, som ser i Løyndom, skynar Bøni, endaa ho ikkje vert festad i Ord, og Maria kjende seg lettare etterkvart. Stilt og trufast tok ho aa nyom aat med sitt huslege Stell, og daa Foreldri hennar baud seg til aa flytja ut til henne det Bilet Mannen var burte, tok ho mot Bodi med Gleda.
 
Fem Dagar leid. Daa kom dei att, dei tvo fine Herrarne fraa Byen. Og du maa tru, Maria vart forskræmd, daa dei synte henne eit thinglyst Brev, som sagde, at Thorbeck hadde selt heile Gartenau til dei, med Lut og Lunnende, og daa dei attpaa synte henne ei Kvittering, der det stod, at Thorbeck alt hadde teket imot Pengarne au.
 
"Men kor er daa Mannen min?" spurde ho bibrande.
"Ja det veit ikkje me," var Svaret. "Me hadde vonat aa faa vita det av Dykk."
 
Daa skaut det seg som eit urolegt Hugsviv gjenom henne: - skulde Thorbeck, som no hadde selt Garden utan ho visste det, tilslut sjølv vera stroken fraa henne? -         
 

(Meir).

 

 

Frå Fedraheimen 02.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum