Skildringar fraa Italia.

 
(Ved Kristofer Janson).
 
[Del 13 av 25. Fyrste delen.]
 
IV.
 
Ei Helgenvigsla. Ei Nonnevigsla. Ei Dyrvigsla.
(Framhald).
 
Kardinalen stend framfyre Altarbordet, og beint imot den unge Vækja sit det ein Prest, som no held eit Tal til henne fraa Stolen sin. Han greider ut, kor lukkeleg ho er, som heve kaarat til Brudgume inkje nokon Mann, men Jesus Kristus. So spyr Kardinalen henne, um ho vil elska denne sin Brudgume til sin Daudedag, og ho svarar daa, at det vil ho. Maalet hennar er kvast og kvellande, det er, som skulde ho remsa upp Leksa fyre Skulemeistren. Det blikter inkje ei Sin i Andletet, det syner seg inkje ei Taara i Augat. No skrid ho fram til Kardinalen og legg seg atmed honom paa ei Fotskor. So koma tvo Nonnor til. Dei taka Floret og Hovudladet av og løysa Haaret upp. Snart skal det falla fyre Skjera, dette rike Haaret, som no smaatt um Senn rullar nedetter Akslerna. Ein kann verda hugsjuk av at sjaa paa detta, men dei ærverduge Syster hugfallast inkje; den eine, som er ung og veen, flirer endaatil, der ho løyser paa Fletta. Kardinalen heve alt Skjera i Hondi. Han tek berre ein liten Lokk og klipper av, og so tek ho Lokken og kastar honom langt ifraa seg. Detta er Teiknet fyre Nonnorna at gjera sitt Herverk, og der sig Fletta paa Fletta, denne fagraste Prydnaden, Kvinna eig. Det foor som ein Styng igjenom meg, daa eg høyrde Ljoden av Skjera, som gjekk, og det vardt braadt so stilt i den vesle Kyrkja. Alle kjende paa seg, at det var nokot underlegt, som vardt gjort her, og at det galdt meir enn ein Haartufs. Der stod eine Nonna med alle Flettom i Hondi og lagde deim fraa seg paa Borddisken, som Korguten heldt. Eg kunde inkje annat enn tenkja paa Pauli Ord i Brevet til Korintermenigheiti, at det er usømelegt fyre Kvende at verda klipt elder rakat, og "um ei Kvinna let Haaret veksa langt, er det henne til Æra, for Haaret er givet henne til at sveipa seg i." Men her vardt det preikat: "Haaret er berre til verdsleg Faafenga og Kvendi berre bragla med det og hugstela Mennerne, difyre lyt det av.
 
No gav dei henne ei tett, rund Hetta av Leteft istadenfyre. So tok dei Gullringarne og Kedjorna og all den andre Stasen og lagde atmed Haaret, og sidstpaa drog dei og av henne Silkekjolen, og ho laag daa i ein grov, blaaleg Kyrtel, som sat tett kring Kroppen utan somyket som ein kvit Krage i Halsen ein Gong. So reis ho upp, treiv Silkekjolen, ballad honom i Hop og slengde honom langt burt med dei Ord: "so segjer eg deg ifraa meg du Verdi!" Det var skakande detta. No stod ho liksom paa Durstokken til den nye Heimen sin. Dei tenande Syster klædde henne i Nonnekjolen, batt det kvite, store Linet paa Hovudet og hengde det svarte Floret kring. Kardinalen tok Rosekransen og Krossen og gav henne eit fyre eit og sagde nokre Ord kvar Gong. No trudde eg ho var ferdug! – men nei, der tek Kardinalen Vaksdokka og legg i Armarne hennar. Kvat Slag? Ei Nonna med eit Barn? Men so fekk eg høyra av Kardinalen, at denne Dokka skulde vera rette Brudgumen hennar, det litle Jesubarnet, som ho stendigt skulde elska. Katolikarne kann inkje tenkja ein Tanke, minders dei skal giva Tanken liksom Kjøt og Blod i eit Bilæte. Den nyst vigde heldt daa ein liten Tale til dette Vaksbarnet, som skulde vera Brudgumen hennar. Det var same iskalde Maalet, inkje eit Ord dirrad. Etter detta sette Kardinalen ei liti Kruna av Sylv paa Hovudet hennar, og no var ho Jesu Brud. Ho lagde seg paa Kne og bad, og no song dei fraa Orglet Velsigning yver henne fraa alle dei Pinslarvitne som til var. So reis ho upp, gjekk inn i Klostersvali, der alle Nonnorna sat, og tok kring dei ei fyre ei. So kom ho ut atter og laag i Døri i den nye Klædnaden sin med eit brennande Vaksljos i kvar Hond, og daa so Songen tagnad, let Døri seg atter etter henne; ho var fangad, ho var livande jordad. Kor underlegt at tenkja seg! Der yr Folket paa Gator og Torg kring henne som Maur i Tuva, ho ser deim inkje, ho høyrer deim inkje, veit inkje, anten dei liva elder døya. Kongsstolar verda reiste og ramla i Hop, Krigslogen brenn i heile Europa, nye Tankar, nye Uppfinningar umskapa Heimsens Skapnad – ho veit inkje um nokon Ting, ho bed sin Rosekrans, gjeng i Klosterhagen og i Kyrkja, og so døyr ho, og Systerna syngja paa Gravi. Det er inkje alle Nonnor, som hava det so strengt, sume halda Skule fyre Smaaborn elder ganga rundt til sjuke og fatige. Men um desse Nonnorna i Gesu Bambino vardt det fortalt, at dei aldri koma utanfyre Klostermuren, dei hava ein Broder, som hentar Mat til deim og kauper inn av alle Slag. So reka dei kring i Svalgongjerne, drøsa um kvarandre og lengta etter Skriftefaderen. Det er altid litetvetta Avveksling. Men naar no Lengtingi grip desse arme Menneskjor, Lengting etter Sol og Sumar og Fridom og Kjærleike – og so Klostermuren stend som Stengsla, og Bøneboki ligg paa Bordet og segjer: eg skal vera deg nog – det maa vera forfælande. Du heve inkje Lov til at elska nokon Mann, du heve Kristus, din Himmelbrudgom, han som ligg fyre deg i den Vaksdokka der. Eg ser fyre meg slik ei Nonna stundom hugsprengd krosta Dokka inntil seg og kyssa henne - og so er det Vaks, inkje varmt, inkje Kjøt og Blod. Eg ser fyre meg alle dei forfælande Bilæti, som Enrichetta Caraccioli rullar upp fyre oss um Klosterlivet, ho som sjølv var Nonna. Eg ser fyre meg den stakkars unge Vækja fraa Vadstena Kloster, so skriv so kjøkkjande: "jag djerfves för ingen, utan för dig allena bekänna, att jag förmår illa ända mitt Ave Maria elder läsa mitt Pater Noster, utan du kommer mig i hågen. Ja i sjelfva messan kommer mig före ditt täckelige ansigte och vårt kärliga omgänge. Jag tycker, jag kan icke skrifta mig för någon annan menniska. Jungfru Maria, St Birgitta och himmelens härskaror skola kanske straffa mig härför? Men du vet väl, hjertans käraste, att jag med fri vilja och uppsåt aldrig dessa reglor samtyckt. Mina föreldrer hafva väl min kropp i dette fängelset insatt, men hjertat kan inte så snart från verlden återkallas."
 
Eit latare, unyttigare Liv enn slike Nonnor føra, kann ein inkje godt tenkja seg. Eg held med den Kona, eg budde hjaa i Rom. Ho vilde og vera Nonna, daa ho var liti, og Nonnorna, som hadde henne i Skule, strauk henne paa Haaret ogsagde, at det var rett. Men medan ho voks upp, so voks Nonnetankarne ned, og daa Kardinalen seinare spurde henne, korleids det vardt med det, at ho vilde ganga i Kloster, so svarad ho: "nei mange Takk, eg heve annat at gjera enn at ganga og leta meg all Dagen." Daa log Kardinalen og spurde, kvat betre det var ho vilde gjera? Jau ho vilde faa seg ein Mann og stella i sin Heim og agta sine Born, um ho fekk nokre.
 
Og likavel heve eg høyrt, at Folk, som hava voret paa Prøva i Klostret, sjeldan krevja at koma ut atter. Dei kjenna seg som tidaste lukkelege, men Lukka er vel den, at dei soleides kjøva alle Fridomstankar, alle Kjenslor, at dei verda reint til Maskinverk, som gjeng, naar det fyrst er sett i Gong, og dei idst inkje lida paa Fingren til at stogga Maskina. Livet deira verd eit Perpendikkelliv. Me tala daa Farvel med denne unge Gjenta og ynskja, at den heilage Kjensla, den reine Eld, som visst brann i henne, maatte altid gløda, at inkje Verdi, som ho sagde fraa seg i Dag, maatte fylgja med henne inn i Klosterromet, at inkje dei Voner, ho heve sett til eit heilagt Liv som Jesu Brud, maatte svika henne, at inkje Klostret berre maatte vera ei kalkslegi Grav, som ser fager ut utantil, men inne-i er full av daude Bein og all Ufjelga.
 
Og so vil me, fyrr me slutta, endaa sjaa paa ei Vigsla, men av eit annat Slag, for det er ei Dyrvigsla.
 
Paa eit visst Bil um Aaret kann ein koma med alle Dyr, Hestar, Hundar, Eslar, Kattar, Fuglar, kvat det kann vera, og faa deim skvette med Vigselvatn upp i ei Kyrkja, som er vigd til den heilage Antonius. Han skal no vera som ein Fader fyre alle Dyr han, maa vita. Her koma dei med det kvite Muldyret til Paven, og med Fullblodshestarne til Storfolket; her kjem Bonden med det skinnmagre Eslet sitt, og Møykjeringi med Kanarifuglen. Heve du ei Høna, som inkje vil verpa, - til St. Antonius henne; heve Katten stolet Fløyte, elder Eslet med henne; vil Kui inkje mjolka – Vigselvatn paa inkje orkar bera alt det, du lesser paa – kom berre her og lat St. Antonius faa Tak i deim, so skal dei nog koma seg. Kyrkja er tilbudd med Borde-Dukar av Silke og alt det finaste, dei hava, og midt paa Golvet sit ein gamall Prest med Glasaugo og eit Bord framfyre seg, der det stend Blækhus og ligg Papir. So koma dei daa inn smaatt um Senn, dei som vil hava Dyri sine vigde, bitala Pengarne paa Bordet til Presten og faa Attest paa, at dei er skvette. So stig daa Presten fram paa Kyrkjetroppi med ei Skaal og ein Visp i Hondi, remser upp ei lang Leksa, og so skvett han Vatnet paa Dyri. Um dei saa nokot av det, elder det dryp paa Jordi, det gjerer same Nytten. Vil du hava deg ein god Laatt, so gakk herupp, naar dei halda paa med at vigja paa det beste, du kann faa sjaa dei løglegaste Ting. Her stend det eit stakkars Esel og skjelv og frys. Kor lurvutt det ser ut! Det finst inkje stort Haar atter paa det, og dei faae, som er, vil snart verda avslegne. Bonden heve Lurken i Hondi, og Gud naade din arme Rygg i Dag, daa du er vigd til den heilage Antonius, for daa kann du tola tvifaldt so myket Paak som ellest. "Det er merkelegt, kor det Vatnet styrkjer," segjer Bonden og driv til Eslet med Lurken, "men naar Aaret er lidet, er det litet atter av Velsigningi." Der standa nokre glupe Hestar. Dei sparka i Marki med Hovarne og kneggja og lyfta den liduge Halsen; dei er harme yver at skulo standa her til Narr fyre kvar Mann. Der kjem ei tjukk Madame pustande med ei feit Bikkja i Armom, og ei liti, tekk Tenestgjenta leider fram ein kvit, liten Silkepudel med raudt Band kring Halsen. Der kjem ein halande paa ein Gris, og Bonden fraa Kampagnen kjem med heile Gjeiteflokken sin. Og naar no alle desse Dyri lyfta si Røyst og skal takka og lova St. Antonius fyre hans milde Gaavor, daa er her vel Musik. Kyr rauta, Hestar kneggja, Sauder mækra, Griser gryla, Hundar gøya, Eslar belja - det er Kyrkjesong det. -
 
 

 

Frå Fedraheimen 02.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum